Er du vår nye kollega? Stad kyrkjelege fellesråd har ledig ei 100% stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar frå 01.10.26.
Hva vi ser etter
Vi søker deg som vil vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna kyrkjelydsarbeid i Eid- og Stårheim sokn.
Kvalifikasjonskrav:
gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig gode kommunikasjonsevner og språkferdigheiter gode evner til nettverks- og fellesskapsbygging minimum 3-årig relevant utdanning allsidige orgel- og pianoferdigheiter brei musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing interesse for- og erfaring frå kyrkjelydsarbeid knytt til ulike aldersgrupper medlemskap i Den norske kyrkje Personlege eigenskapar og realkompetanse vert vektlagt føre formell kompetanse.
Arbeidsoppgaver
Som kantor/organist/kyrkjemusikar i Eid- og Stårheim sokn vil du ha ansvar for å leie det kyrkjemusikalske arbeidet i desse sokna i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige. Dette innebær m.a. å
planlegge og gjennomføre gudstenester, kyrkjelege handlingar, institusjonssamlingar og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med andre tilsette og frivillige. vere med å leie barnekor, ungdomskor og vaksenkor saman med andre tilsette og frivillige. ha ansvar for planlegging og gjennomføring av konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med sokneråd, tilsette og andre aktuelle aktørar. bidra musikalsk i diakonale tiltak og tiltak innan kyrkjeleg undervisning og læring. samarbeide med og støtte det øvrige musikk- og kulturarbeidet i bygdene. rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan delta i song- og musikklivet i kyrkjelydane. vere rådgjevar for soknerådet/fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål. delta på stabsmøter og møter i andre relevante råd og utval. ha ansvar for tilsyn og vedlikehald av instrument og anna musikkutstyr i kyrkja. Vi tilbyr
Løn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP arbeidsavtale etter gjeldande lov- og rammeverk Kontorlokale i Eid kyrkjetun, tett ved Eid kyrkje meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø ei kommune med eit rikt og variert kulturliv