Firda Billag Buss AS har ansvar for bussrutene i Nordfjord, og vi søkjer no ein driftsleiar som vil spele ei sentral rolle i å sikre god og effektiv drift. Dette er ei leiarstilling med stor påverknadskraft, der du får ansvar for både dagleg trafikkavvikling og strategisk utvikling av rutepakka Nordfjord.
Som driftsleiar har du det overordna ansvaret for at rutedrifta går som planlagt – frå tilrettelegging og oppfølging av sjåførar og materiell til god dialog med oppdragsgjevar Skyss. Du blir ein nøkkelperson for kvalitet og leveranse.
Stillingen inkluderer personalansvar for avdelinga, som består av tre tilsette i administrasjonen og om lag 50 sjåførar. Du vil ilag med teamet ditt, leie, motivere og utvikle medarbeidarane dine, og bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
I tillegg vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle marknaden for kommersielle bussturar i Nordfjord.
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter deg som har relevant utdanning og leiarerfaring. Erfaring frå transport og logistikk er ein fordel, men ikkje avgjerande – det viktigaste er at du har evne til å leie og skape struktur i ein hektisk kvardag.
Vi søkjer deg som
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn og bakgrunn. Som IA-bedrift legg vi til rette for gode arbeidsforhold.
Vi tilbyr
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Har du spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Lars Andreas Kårstad, tlf. +47 95 98 81 94.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stryn