
Suldal kommune Suldal heimeteneste · Suldal
Me søkjer sjukepleiar i 80 % fast stilling i Heimetenesta. Det blir lyst ut ei 80 % nattstilling. Ved behov kan det vere aktuelt med enkelte kveldsvakter. Su...
Det blir lyst ut ei 80 % nattstilling. Ved behov kan det vere aktuelt med enkelte kveldsvakter.
Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og består av to avdelingar - Heimesjukepleien og Psykisk helse m/ tildelingskontoret. Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp». Som nattevakt hos oss vert du del av ei viktig gruppe som skal trygge pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, i godt og inspirerande samarbeid med dine kollegaer, inkl våre øvrige tenester i kommunen.
Andre opplysningar:
Slik søkjer du:
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kom til oss - Medisin 5 vest har ledig ein 80 % fast stilling som sjukepleiar på natt, og vi ønsker nettopp deg som vår nye kollega. Medisin 5 vest er ein infeksjonsmedisinsk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har 14 sengeplassar og jobbar etter prinsippet om gruppesjukepleie. Vi søker ein lojal og positiv sjukepleiarkollega som trivst på natt. Vi ønsker å tilby 80 % fast stilling på natt ved at hovuddel av stillinga er ved medisin 5 vest, og ein del nyttast på tvers av dei andre seksjonane i medisinsk klinikk til hospitering, opplæring og arbeid. (Andre stillingsprosentar kan vurderast om ønskeleg). Vi behandlar ulike infeksjonssjukdommar som pneumoni, sepsis, gastroenteritt, tuberkulose, endokarditt og andre generelle infeksjonssjukdommar. Vi søker ein ny kollega til det flotte teamet vårt. Arbeidsoppgåver • Mottak og oppfølging av pasientar • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga • Gi/yte god omsorg for pasienten og dei pårørande • Opplæring og rettleiing av studentar samt nytilsette • Administrasjon av legemiddel Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Må ha gode IKT-kunnskapar • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Evne til å ta sjølvstendige avgjerder • Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar • Relevant opplæring • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150736493 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester. Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver: - Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald - Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar Som helsefagarbeidar/sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp. Vi har ledig fast stilling i 80 % stilling med arbeidstid organisert på natt, med arbeid kvar andre eller tredje helg. Vi har i tillegg eit vikariat på 100 % stilling på natt. Arbeidsoppgåver • Tilsyn, observasjon og medisinsk/pleiefaglig oppfølgning gjennom natta • Sikre god dokumentasjon, og ivareta retningsliner og krav til god • Rettleie og samarbeide med anna helsepersonell Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar • Autorisasjon som helsefagarbeida • Kan jobbe sjølvstendig og i team og ta ansvar • Gode digitale ferdigheiter, erfaring med elektronisk pasientjournal er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Tilsettinga krev at tilfredsstillande politiattest vert framlagt før tiltreding. Personlege eigenskapar • Inkluderande, handlekraftig og påliteleg • Tek initiativ og har gjennomføringsevne • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjersler basert på fagleg kompetanse • God til å samarbeide, kommunisere og bygge relasjon til brukarar og kollega • Positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø • Oppteken av tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar, tenestenivå og forvaltningsnivå Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi tilbyr • Lønn etter tariffavtale • Gode forsikringar og pensjonsordningar gjennom KLP • Stipendordningar ved videreutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg • IA-bedrift med fokus på trivsel, nærver og helse Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonCamilla Higraff, Einingsleiar (vikar), 47998618, Camilla.okland.higraff@sande.kommune.no Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sande kommune Referansenr.: 5150758488 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Vil du vera med og gje eldre ei trygg, verdig og fagleg god omsorg? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til 80 % fast nattstilling i turnus ved Rosendalstunet med oppstart 1. september 2026. Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre. Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse. Arbeidsoppgåver • Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientar • Stell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleia • Utføra faste tilsyn hjå heimebuande brukarar • Delta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmar • Legemiddelhandtering • Dokumentasjon og oppfølging av tenestene • Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskrav • Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer • Rettleiing av studentar og elevar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein medarbeidar som: • Er fleksibel og løysingsorientert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Kan arbeida sjølvstendig og strukturert • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer • Godt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utvikling • Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP • Moglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglar • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage • Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag Ekstra fordel for deg som bur i Kvinnherad Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån. Meir informasjon Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet Politiattest Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk. Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme. Link til søknadsskjema: Søk her