Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer ny medarbeidar til teamet vårt til eit eittårig vikariat ved serologisk eining i perioden
Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i Medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek og analyserer prøver, rapporterer svar til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar.
Mikrobiologisk avdeling er akkreditert etter NS-EN ISO 15189.
Om stillinga
Ein av våre medarbeidarar skal i eit år prøve seg i ei anna stilling. Vi søkjer derfor etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert bioingeniør eller avdelingsingeniør til eit vikariat i grunnstilling ved serologisk sining.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Du får arbeide saman med kollegaer med høg fagkompetanse og stort engasjement for arbeidet. Stillinga er knytt til serologisk eining.
Arbeidstid er måndag til fredag kl. 07:30 - 15:00.
Vi ber søkjarar legge ved dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidserfaring.
Ved internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat på seks månader. Oppgje i søknaden dersom dette også kan vere aktuelt for deg.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonMarianne Schiefloe Myklebust, Avdelingssjef, (+47) 986 64 325
ArbeidsstadSvanehaugvegen 2
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5158903888
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 13.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord