Helse Førde søkjer forskingssykepleiar til det regionale forskingsprosjektet NorPEPS II (The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study II).
NorPEPS II er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Prosjektet skal undersøkje om prednisolon som tillegg til standard behandling kan bidra til raskare betring ved akutt psykose hos personar med schizofreni.
Studien byggjer på lovande resultat frå ein tidlegare pilotstudie og har potensial til å gi ny kunnskap som kan bidra til å utvikle behandlingstilbodet til pasientar med psykose.
Stillinga er knytt til inkludering og oppfølging av studiedeltakarar ved Helse Førde, i tett samarbeid med forskarar og klinikarar ved dei deltakande helseføretaka.
Stillingsprosent: 50 % prosjektstilling i 36 månader (med atterhald om endeleg finansiering).
Arbeidsstad: Helse Førde
Oppstart: Snarast
Arbeidsoppgåver
- Rekruttering og inkludering av studiedeltakarar
Koordinering av studieforløp og avtalar Gjennomføring av studievisittar og oppfølging av deltakarar Innsamling, registrering og kvalitetssikring av forskingsdata Prøvetaking og handtering av biologisk materiale Oppfølging av studieprotokoll og dokumentasjon i tråd med Good Clinical Practice (GCP) Samarbeid med prosjektleiarar, behandlarar og andre forskingsmedarbeidarar Bidra til trygg gjennomføring av studien og ivaretaking av deltakarane Kvalifikasjonar
Må-krav
Autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gode digitale ferdigheiter Ønskjelege kvalifikasjonar
Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helsevern Kunnskap om kliniske studiar GCP-kurs eller erfaring frå arbeid etter GCP-standard Erfaring med prøvetaking og forskingsdokumentasjon Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein medarbeidar som:
arbeider strukturert og nøyaktig har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er sjølvstendig og ansvarsbevisst trivst med å arbeide både klinisk og forskingsretta har interesse for forsking innan psykisk helse Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit forskingsprosjekt med høg fagleg relevans
Deltaking i eit regionalt og tverrfagleg forskingssamarbeid Nært samarbeid med leiande fagmiljø innan psykoseforsking Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas behandlingstilbod innan psykisk helsevern Fagleg utvikling og opplæring innan klinisk forsking og GCP Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5179077870
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.09.2026