Ønskjer du å bidra til betre livskvalitet, meistring og utvikling for barn og unge med funksjonsnedsettingar og samansette behov?
Habiliteringstenesta for barn og unge søkjer ein engasjert rådgjevar til eit tverrfagleg spesialistmiljø. Vi har oppstart i stillinga 01.10.2026
Vi ønskjer ein medarbeidar som kombinerer klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og interesse for rettleiing og samarbeid på tvers av tenestenivå.
Om seksjonen
Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.
Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.
Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna deltek vi i eit prosjekt der kunstig intelligens (KI) blir testa som støtte i journalarbeid og dokumentasjon. Målet er å frigjere meir tid til pasientar og familiar.
Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og vurdering av funksjon, deltaking og meistring hos barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar
Bidra i utgreiing, tiltak og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming, nevroutviklingsforstyrringar og samansette hjelpebehov Rådgiving og rettleiing til føresette, kommunale tenester, skule og barnehage Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper i spesialisthelsetenesta og kommunen Bidra i arbeid knytt til utfordrande åtferd, tilrettelegging, miljøbehandling og førebyggjande tiltak Undervisning, kompetanseheving og fagutvikling Deltaking i utviklingsarbeid, nettverk og prosjekt Kvalifikasjonar
Vi ønskjer søkjarar med:
Bachelorgrad innan helse- eller sosialfag Relevant vidareutdanning eller mastergrad er ønskjeleg Kompetanse innan funksjonskartlegging, miljøterapeutisk arbeid eller kognitive tilnærmingar knytt til ulike diagnoser og adfersvansker Erfaring med rettleiing av pårørande og tenesteytarar er ønskelig Erfaring frå habiliteringsfeltet eller arbeid med personar med funksjonsnedsettingar og samansette behov Erfaring med offentleg saksbehandling. Det er ein fordel med erfaring med å skrive uttalelser til statsforvalter Erfaring med arbeid knytt opp mot HOL kapittel 9, enten på kommunalt nivå eller spesialistnivå God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel med erfaring frå:
Arbeid med utfordrande åtferd Videreutdanning i kognitiv terapi eller anna tilsvarande kompetanse Arbeid med seksuell skadelig adferd Innsikt i, og arbeidserfaring med sjeldne diagnosar og samansette tilstandar, FASD og andre nevroutviklingsforstyrringar Erfaring med risikovurdering og førebyggjande arbeid Erfaring med opplæring og undervisning Erfaring med samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit Er analytisk og kan sjå heile mennesket og systemet rundt Tek initiativ og finn løysingar i komplekse situasjonar Arbeider sjølvstendig og strukturert Samstundes trivst i tett tverrfagleg samarbeid Har engasjement for fagutvikling og kunnskapsbasert praksis Vi tilbyr
- Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Moglegheit til å påverke utvikling av tenester for barn og unge Rettleiing, kompetanseutvikling og fagleg fordjuping Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMartha Thorsheim, Seksjonsleiar, 578 39 000
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5171886096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026