Reinhalds- og tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig fast 100 % stilling som reinhaldsoperatør/ reinhaldar med erfaring frå reinhaldsfaget i helseinstitusjon.
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus. Stillinga er knytt til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, med arbeidsoppgåver som for tida i hovudsakleg knytte til operasjonsavdelinga.
Arbeidstid
Ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 07.00-21.30 på kvardagar Arbeid kvar femte laurdag og søndag (kvar tredje helg i periodar med ferieavvikling) Arbeid på helg og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald av operasjonsstover, inkludert mellomvask og sluttvask
Reinhald av kontor og fellesareal. Periodisk reinhald av areala i operasjonsavdelinga Køyring og bruk av reinhaldsmaskiner Påfylling av tøy, varer og rekvisita. Reinhald av anestesiutstyr Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvaliteskrav Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan søkjarar med relevant erfaring frå reinhaldsarbeid i helseinstitusjon bli vurderte. Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg Kjennskap til hygieniske prinsipp for utføring av reinhald i operasjonsavdeling Evne til å bruke ulike reinhaldsmaskiner Evne til å lese og forstå sjekklister og prosedyrer Kjennskap til smittereinhald Kjennskap til NS-ISO Insta 800 og NS- 6600 Kunne bruke enkle dataverktøy i det daglege arbeidet Evne til å tileigne seg opplæring i reinhald av anestesiutstyr. Evne til å tileigne seg opplæring i påfylling og handtering av lagervarer Er målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet Har engasjement for reinhaldsfaget og er oppteken av å levere reinhaldskvalitet Kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre Trivst med eit raskt omskifteleg arbeidsmiljø Bidreg til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø for alle tilsette i avdelinga Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar Relevant opplæring for stillinga Eit triveleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsoppgåver. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonElin Høyland, Husøkonom, (+47) 578 39 378
ArbeidsstedFørde sentralsjukehus
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5173453995
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 16.09.2026