Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027.
Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt
engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for
sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling.
Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og
samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.
Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og
innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske
spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028
tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som
vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.
Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og
blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med
fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere
med på å forme tenestene for framtida.
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonLaila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5174737973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord