Skei Heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, velferdsteknologi. Vi har ansvar for bebuarar i 28 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene. 6 av desse bustadane utgjer eining for personar med demens, der brukarane treng tett og kontinuerleg oppfølging og er avhengige av trygge og føreseielege råmer. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har fleire tiltak innan demensomsorg. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar.
Vi har ledig fast helgestilling!
Stillingane er i hovudsak 2-delt turnus med arbeid annakvar eller kvar 3. helg. Vi kan også tilpasse til 4. kvar helg.
Kanskje lurer du på om du skal skifte yrke men er usikker på om dette er noko for deg? Eller du studerer og skulle gjerne hatt ein helgejobb? Prøv ei helgestilling hos oss og gjer deg dine eigne erfaringar. Det er mange som har starta i yrket på den måten.
Krav til søkar:
Alle som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke.
Vi oppmodar spesielt sjukepeiarstudentar om å søke. Desse har eigen lønsstige. Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, andre aktuelle søkarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader.
Vi søker deg som:
Kva tilbyr vi?
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer i stillinga. Du søker elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord