Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi.
Dei tilsette samarbeidar tett med om lag 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre fagmiljø.
Stillinga er nyoppretta med tanke på oppgåvedeling mellom lege og sjukepleiar. Stillinga skal kvalifisere for å kunne utføre koloskopiar innan tarmscreening og kontrollar. Opplæring og supervisjon vert utført av overlege og spesialist i fordøyingssjukdommar. I tillegg til skopering ligg også administrativt arbeid og fagutvikling til stillinga.
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/gastrosjukepleiar.
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Medisinsk poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege samlingar.
KontaktinformasjonLine Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5172471229
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord