På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget!
Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling. For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget? Kanskje har du gjort noko anna enn å jobba i skulen ei stund, men lengtar tilbake til det pulserande livet på ein moderne og stor barneskule? Kanskje er du på flyttefot til Jæren, eller Sør-Rogaland? Kanskje er du ein nyutdanna og framoverlent person som er på jakt etter draumejobben?
Me er opptatt av å få tak i kvalifiserte lærarar til alle stillingane. Me har eit ungt personale, og no er det fleire som ventar "smått"!
Difor leiter me etter deg med godkjent lærarutdanning, som har lyst til å bli med oss på Rosselandslaget.
Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har 557 elevar skuleåret 2026-27, og 80 tilsette i skule og SFO. Me kan tilby eit flott skulebygg. Skulen er ein del av "Jærskulen", og me ønskjer derfor å fornya oss, og vera i front av den generelle skuleutviklinga, både lokalt og nasjonalt.
Me arbeider kvar dag for at barnet skal bli møtt og sett, og oppleva meistring aleine og saman med andre på laget vårt.
Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Me er sertifiserte som Olweusskule og jobbar aktivt med "Laget rundt læraren og eleven", som er eit tverrfagleg samarbeid med blant anna PPT og helsesjukepleiarar.
Fokuset i alt me gjer:
Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for det enkelte barnet? Me fokuserer spesielt på lesing og elevmedverknad.
Godkjent allmennlærarutdanning, GLU 1-7/MGLU1-7, med godkjent kompetanse i norsk, matematikk eller engelsk.
Vidareutdanning i spes.ped er ønskeleg,
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
KontaktinformasjonGeir Soma, Rektor, +47 97581636
ArbeidsstadDronning Mauds gate 3
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5171516125
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Time