
Tysnes kommune · Tysnes
Me treng ein dyktig pedagog til teamet vårt! Er du ein barnehagelærar som er engasjert og tilstedeverande? Ønskjer du å bli ein del av eit fagmiljø i utviklin...
Er du ein barnehagelærar som er engasjert og tilstedeverande? Ønskjer du å bli ein del av eit fagmiljø i utvikling og full av moglegheiter? Då er du kanskje akkurat den me ser etter!
Tysnes kommune har ledig frå 01.08.2026 behov for barnehagelærar i ein 100 % fast stilling og inntil 60 % vikariat frå 01.08.26–31.07.27. I tillegg har med ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. Me ber deg spesifisere kva stilling som er aktuell for deg.
Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg spreidt i ulike bygder i kommunen, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Me legg vekt på å gje barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap.
Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen, og kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø. samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet.
Aktuelle kandidatar vil bli konktakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Bjordal barnehage har ledig 40 % stilling som pedagogisk leiar frå snarast. Arbeidsoppgåver: • Leie barn og tilsette i barnehage • Ansvar for det pedagogiske arbeidet • Samarbeid med føresette • Dersom det blir bestemt at det frå hausten 2026 skal startast eit pilotprosjekt med å drifte Bjordal barnehage og Bjordal skule som eit felles oppvekstsenter, vil denne stillinga få ei utvida administrativ rolle. Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere. Barnehagane i Høyanger kommune har trygt og godt barnehagemiljø som sitt satsingsområde. Dine kvalifikasjonar og eigenskapar: • utdanning som barnehagelærar – eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk • kunne arbeide sjølvstendig og målretta • kunne skape gode relasjonar til born og vaksne • vere fleksibel og samarbeidsvillig Kvifor søkje hos oss? • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Lønn etter tariff • Kompetansetillegg iht protokoll • Rekrutteringstillegg kan tilkomme Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde: Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet! Kvifor Høyanger? • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m. Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart. Lurer du på korleis det er å arbeide hos oss i Bjordal barnehage eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt Åshild Osland på telefon 97561891 og høyr hennar erfaringar. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova. Link til søknadsskjema: Søk her
Vi tilbyr: • Stilling som pedagogisk leiar. • Gode og ordna tilsettinghøve. • Godt arbeidsmiljø med trivlege kolleger og godt fagleg samarbeid. • God pedagog- og vaksentettleik. • Lønn av tilsettingsvilkår. Vi har tariff-, forsikring- og pensjon- avtale gjennom PBL- A med svært gode vilkår. Kvalifikasjonar: • Godkjent utdanning som barnehagelærar. • Har gode norskunnskaper, både munnleg og skriftleg. • Erfaring frå barnehage er ønskelig. • Leiarerfaring og inn mot personal- og barnehagruppa. • Gyldig politiattest må framlegges ved ansettelse. Arbeidsoppgåver: • Pedagogisk leiar skal leie personalet og det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Dette innebær fagleg oppfølging og veildning, samt vere ein aktiv del av barnehagen sitt leiarteam. • Arbeide for eit trygt og godt omsorgs - og læringsmiljø i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer. • Ivareta barnas behov gjennom leik og omsorg. • Være med på å utvikle det pedagogiske tilbudet i barnehagen. • Fremme eit godt foreldresamarbeid og ivareta barnas og foreldrenes medvirkning. • Ansvar for å organisere kvardagen til det beste for barna, foreldrene og ansatte, samt medansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar: • Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og rettleiing, og er motiverande både for born og vaksne. • Vise stort engasjement, pågangsmot og ei positiv haldning. • Fleksibel og løysingsorientert. • Er kreativ og iderik og kan vere nytenkjande når det trengs. • Er god på samarbeid med andre vaksne, fleksibel og imøtekomande. • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling.
Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde. . Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, for tida fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar. Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass som blir mykje nytta, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement. Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15. Frå 01.10.26 (evt.tidlegare) har vi ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25. Arbeidsoppgåver • Pedagogisk leiar har ansvar for dagleg drift på avdellinga og er fagleg leiar for si avdeling Kvalifikasjonar • Godkjend utdanning som barnehagelærar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner, være sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel • God til å kommunisere, rettleie og motivere • Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag • Evne til å halde seg fagleg oppdatert • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr • Godt arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver • Lønn etter tariff KontaktinformasjonHilde Langlo Brekke, 46411844 Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130 ArbeidsstadHevsdalsvegen 44 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5152300862 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.08.2026