
Tysnes kommune · Tysnes
Kanskje du er den rette til å gjere ein forskjell for elevane våre? Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får vere ein viktig støttespelar i eleva...
Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får vere ein viktig støttespelar i elevane si faglege og sosiale utvikling? Tysnes kommune søkjer ein engasjert og dedikert pedagogisk medarbeidar til Tysnes skule.
Ved Tysnes skule har me ledig ei fast stilling på 68 %. Stillinga følgjer eleven gjennom skulekvardagen, og har arbeidsfri i skulen sine undervisningsfrie periodar.
Tysnes skule er ein barne- og ungdomsskule med om lag 200 elevar og 35 tilsette. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og eit meistringsklima der medarbeidarane blir motiverte av å lære, utvikle seg og gjere kvarandre gode.
Skulane i Tysnes kommune skal vere ein trygg og god stad for både elevar og tilsette. Me arbeider for ein variert og tilpassa skulekvardag som rustar barn og unge for framtida.
Me søkjer deg som trivst med å arbeide i skulen, og som brenn for å jobbe med barn og unge med særskilde behov. Som pedagogisk medarbeidar får du ansvar for oppfølging av enkeltelevar eller mindre elevgrupper. Du får ei viktig rolle og høve til å gjere ein stor forskjell i elevane sin skulekvardag.
Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Skulen ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunens pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Om stillinga Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg. Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag. Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule for skuleåret 2026/27 Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette. Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule. Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din. Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg. Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg! Ønskja kompetanse hjå deg som vikar Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav. Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg. Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag. Personlege eigenskaper vi ser etter Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet. Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn. Vi tilbyr deg • Gode arbeidsmiljø og kjekke kollegaer • Ein utviklingsorientert organisasjon • Uavhengig av kva for skule du arbeidar på, har skulen fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del • Skulane har fokus på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse • Det er gode pensjonsvilkår i SPK (undervisningsstilling) og KLP(fagarbeidar/pedagogisk medarbeidar/assistent). • Det er gode forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune! Desse er for tida plasserte hjå KLP • Løn etter gjeldande avtaleverk. Vi har eigne ordningar for deg som er lærarstudent! Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYAnna informasjon Alle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge. Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet. Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå! Du er velkomen til å ta kontakt med ein av kontaktpersonane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.
Om stillinga Seim skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO. Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat. Seim skule er ein barneskule med 147 elevar og 25 tilsette. Visjonen til skulen er «Ein skule for framtida medfokus på leik, læring og meistring». Skulen var nybygt til skuleåret 2013/2014, og ligg sentralt på Seim, ca 10minutt køyring frå Knarvik langs Fv 57. Vi tør påstå at vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen vår, og atutfordringar blir løyst i fellesskap Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar. Kvalifikasjonskrav For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse. For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje. Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram. Vi tilbyr Stillingane er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Om stillinga Eikanger skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO. Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat. Eikanger skule er ein fådelt skule med ca 74 elevar og ligg ca 12 min frå Knarvik. Eikanger skule er ein dysleksivenleg skule. Visjonen til skulen er - ein skule for framtida. Ein god stad å læra - ein god stad å vera. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar. Kvalifikasjonskrav For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse. For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje. Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram. Vi tilbyr Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.