Me tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø saman med andre fysioterapeutar og ergoterapeutar, og i tett samarbeid med andre kommunale tenester.
Ullensvang kommune arbeider for å skape bærekraftige, framtidsretta og heilskaplege tenester med brukaren i fokus. I tillegg til rehabilitering og klinisk verksemd, skal tenesta fokusere på helsefremjande og førebyggjande tiltak.
Terapeutane i Ullensvang kommune er lokalisert i Odda, Kinsarvik, Lofthus, Utne og Jondal. Oppmøtestad vil vere i Jondal og i Odda. Oppgåver og arbeidsområde innad i kommunen vil kunne variere etter behovet i tenesta. Du vil i hovudsak arbeide med vaksne og eldre brukarar, men må også kunne yte fysioterapitenester til born ved behov.
Stillinga er ledig frå dags dato og fram t.o.m. 28.02.27 med moglegheit for forlenging.
Velkomen som søkjar på stillinga!
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Ullensvang