Ledig frå 1. desember 2026 Vil du vere med og skape gode og verdige gudstenester og kyrkjelege handlingar i Vestre Slidre?
Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og påliteleg klokkar til Lomen, Røn og Øyar kyrkjer. Stillinga omfattar 5% i Lomen kyrkje og 7% i Røn og Øyar kyrkje/kapell, til saman 12%. Det er mogleg å dele opp stillinga dersom det er aktuelt.
Som klokkar er du ein viktig del av kyrkja sitt gudstenesteliv. Du bidreg til at gudstenester blir gjennomførte på ein god, trygg og verdig måte. Vi ser etter ein person som trivst med å møte menneske, tek ansvar og ønskjer å vere med på å skape gode opplevingar i kyrkjerommet.
Arbeidsoppgåver
Klokkaren assisterer ved gudstenester og kyrkjelege handlingar i samsvar med Den norske kyrkja si gudstenesteordning.
Klokkaren møter normalt éin time før gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Kven ser vi etter?
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Klokkaren har teieplikt etter forvaltningslova § 13.
Næraste overordna er kyrkjeverja. Ved gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar er forrettande prest arbeidsleiar.
Søknadsfrist: 4.10.26
For spørsmål om stillinga, kontakt kyrkjeverje Silje Synnøve Strand på telefon: 48122137 eller e-post: post.vestreslidre@kyrkja.no
Søknad med CV sendast til: post.vestreslidre@kyrkja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Vestre Slidre