Ønskjer du ein meiningsfull og variert lærarjobb der du har høve til å gjere ein forskjell? Ølen vidaregåande skule, avdeling Sandeid fengsel, søkjer ein engasjert norsklærar til eit 50–80 % vikariat.
Hos oss møter du vaksne elevar med ulik bakgrunn, erfaring og skulefagleg nivå. Undervisninga omfattar både grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, og me har og mange minoritetsspråklege elevar. Det er derfor viktig at du evnar å tilpasse undervisninga til den enkelte eleven og ser moglegheiter for læring og utvikling på ulike nivå.
Me arbeider for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø der elevane opplever meistring, tilhøyrsle og utvikling. Som lærar hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, tett samarbeid og gode høve for fagleg utvikling.
Undervisninga går føre seg i Sandeid fengsel, og arbeidskvardagen er prega av små elevgrupper og tett individuell oppfølging. Hos oss får du høve til å bruke varierte undervisningsformer og tilpasse opplæringa til behova til elevane.
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Vindafjord