
Vindafjord kommune Heimetenesta · Vindafjord
Me ser etter 3 dyktige, fleksible og engasjerte helsefagarbeidarar til fast arbeid; ein stilling er 100% og to av stillingane er inntil 37% faste helgestillinga...
Me ser etter 3 dyktige, fleksible og engasjerte helsefagarbeidarar til fast arbeid; ein stilling er 100% og to av stillingane er inntil 37% faste helgestillingar. Me har difor stillingar til deg som ynskjer arbeid fulltid, men også til deg som vil gjere noko kanskje ved siden av studier.
Som helsefagarbeiderar i indre sone vil du vera ein viktig ressurs i folks kvardag og bidra til at våre bruarar opplever tryggleik, sjølvstende, omsorg og meistring i eigen heim - lengst mogleg.
Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats og me gjer helsetenester til brukarar som bur heime. Basekontoret til indre sone er på Ølen omsorgssenter og gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland.
Arbeidstidsordning og lønnsvilkår
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du gjere ein reell forskjell for folk som treng det mest? For oss handlar transport om fridom Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når dei vil. For mange av dei vi hjelper, er det ikkje slik. Som rådgjevar i tilrettelagt transport blir du ein nøkkelperson for menneske med nedsett funksjonsevne – folk som er avhengige av at nokon ser, forstår og handterer saka deira med både fagleg skjønn og menneskelegheit. Om oss Vestland fylkeskommune forvaltar viktige samfunnsoppgåver, og spelar ei sentral rolle i utviklinga av regionen. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Hos oss møtest jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning - og kvardagen er alt anna enn einsformig. Vi har no ein ledig stilling og ser etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell - kvar einaste dag. Arbeidsoppgåver Som rådgjevar hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver vere mellom anna: • Saksbehandling – Du vurderer søknader om tilrettelagt transport grundig og heilskapleg, basert på søknad, eigenerklæring og legeerklæring • Kundekontakt – Du er ein trygg og hyggeleg stemme i telefonen for søkarar som treng rettleiing og svar • Individuelle vurderingar – Kvar sak er unik. Du ser mennesket bak papira og gjer faglege vurderingar med varsemd og integritet • Tverrfagleg samarbeid – Du jobbar saman med engasjerte kollegaer i eit fagmiljø som set brukarane i sentrum Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har • mastergrad innanfor administrasjon, samfunnsfag, helse eller liknande relevante fagfelt. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad, men med bachelorgrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar. • gode norskkunnskapar og sterk skriftleg og munnleg framstillingsevne – du formulerer deg presist og forståeleg • solid digital kompetanse og er komfortabel med å setje deg inn i nye system og verktøy Dette er ein fordel, men ikkje eit krav • erfaring frå saksbehandling, kundekontakt eller helse-/sosialteneste • Kjennskap til forvaltningslova Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • lyttar godt og kommuniserer tydeleg – du finn dei rette orda, anten det er i ein vanskeleg telefonsamtale eller i eit skriftleg vedtak • trivst med komplekse saker der skjønn og fagleg vurdering tel meir enn ein fasit • er nysgjerrig og lærevillig – du set deg raskt inn i nytt regelverk, nye rutinar og nye situasjonar utan å miste oversikta • møter kvart menneske med respekt og verdighet, uavhengig av bakgrunn og livssituasjon • er ein god lagspelar, men er samstundes trygg nok til å stå for eigne faglege vurderingar Du kjenner deg att i verdiane våre: open, kompetent og modig. Hos oss er det lov å stille spørsmål, prøve nye løysingar – og lære av dei gongene det ikkje gjekk heilt som planlagt Vi tilbyr Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling. I tillegg tilbyr vi: • Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag • Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Løn etter avtale • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar • Arbeidsstad Leikanger KontaktinformasjonJanne Dokken, seksjonssjef, 95089918 ArbeidsstadAskedalen 3 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5151901094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar. Vi har 2 ledige 100 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar. Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen. Kvifor velje oss? • Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt • Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik! • Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper • Du får bruke kompetansen din der behovet er størst • Du blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar Arbeidsstad Eikelandsosen Arbeidsoppgåver • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt • Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring • Bidra til godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar • Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert • Har gjerne relevant vidareutdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen • Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid • Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga • 100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaer • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing • Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helg • Vi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du bidra til at eldre kan bu lenger heime? Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode samtalar og gjere kvardagen litt enklare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter. Me har no ledig to faste stillingar, ei 80 % fast stilling og ei 100% fast stilling. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du vert ein del av kvardagen til menneske som set stor pris på både hjelpa og samværet du bidreg med. Ein jobb med meining Som heimehjelpar møter du menneske i ulike livssituasjonar og får moglegheita til å gjere ein positiv forskjell kvar einaste dag. Arbeidet er variert og gjev rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med gode kollegaer. Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Ingen dagar er heilt like, og mange av dei du møter vil sjå fram til besøket ditt som eit høgdepunkt i dagen. Det vil også vere praktiske oppgåver på sjukeheimen i arbeidskvardagen. Kven ser me etter? Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du likar at arbeidsdagane varierer, tek ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt med kollegaer når det trengst. Det er viktig at du er omgjengeleg, raus og respektfull i møte med andre menneske. Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg, slik at du kan skape gode relasjonar og bidra til tryggleik for brukarane våre. Kvalifikasjonar For denne stillinga er det ikkje krav om formell utdanning. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, motivasjon og eignaheit for arbeidet. Dersom du har erfaring frå omsorgsarbeid eller arbeid med menneske, er det ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra og møte folk med respekt, omsorg og eit smil. Det er krav om førarkort til bil. Difor vil du trivast hjå oss I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla. Me kan tilby ein arbeidsplass med fokus på trivsel og utvikling, meiningsfulle arbeidsoppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø. Du får trygge og føreseielege rammer, gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande hovudtariffavtale. Som tilsett vil du også få tilgang til bedriftshytte på Skeikampen. Velkomen som søkjar Dersom du ynskjer ein jobb der du får bruke både hjartet og evna til å hjelpe andre, håpar me å høyre frå deg. Som heimehjelpar er du med på å skape gode dagar for menneske i kommunen vår – og det er eit arbeid som verkeleg betyr noko. Link til søknadsskjema: Søk her