Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.
Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner.
Det er to ledige 100 % stillingar som barnevernskonsulent Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat.
Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming etter barnevernslova Sakshandsaming for nemnd og rett Deltaking i fagleg utviklingsarbeid Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast Kvalifikasjonar
- Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter Ønskeleg med relevant vidareutdanning Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne Godkjent politiattest må leverast før tilsetting Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles Systematisk opplæring og rettleiing Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom Inkluderande arbeidslivsverksemd KontaktinformasjonAina Øyehaug Opsvik, 40092789
Torill Osborg Vinjevoll, 48148857
ArbeidsstadStormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5177838717
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 23.09.2026