Barnehagelærar – vikariat 100 % stilling til 31.08.27 ved Kløve barnehage
Har du lyst til å vere med og forme ein ny barnehage?
Kløve barnehage søkjer ein engasjert og trygg barnehagelærar i 100 % stilling, vikariat til 31.08.27
Kløve barnehage er ein nyrenovert barnehage som frå august 2026 er blitt ein ny og større barnehage gjennom samanslåinga av Kløve og Hagahaugen barnehage.
Me er no 42 barn og 14 tilsette, fordelt på 2 avdelingar.
Me er i starten på eit nytt kapittel, og no ønskjer me oss ein barnehagelærar som har lyst til å vere med og utvikle barnehagen vidare. Du får vere med og forme kulturen, samarbeidet og det pedagogiske arbeidet i den nye Kløve barnehage.
Me ser etter deg som
Me ønskjer oss ein medarbeidar som tør å by på seg sjølv, som tek initiativ og som ønskjer å bidra til at Kløve barnehage blir ein trygg, inkluderande og god barnehage for både barn, føresette og tilsette.
Hos oss får du
Arbeidsoppgåver
Er du ein barnehagelærar som ønskjer å vere med og byggje noko nytt saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg!
Ta gjerne kontakt med Vibeke Brattebø, tlf 47307545 dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer å vite meir om Kløve barnehage.
Velkomen som søkjar til Kløve barnehage!
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Voss