Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 225 elevar fordelt på 12 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil vest for Straume. Skulen har dei siste åra hatt lesing og elevane sitt læringsmiljø som hovudsatsingsområde, noko vi har bestemt oss for å halda fast ved framover.
Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.
Kontakt: Odd Erik Kjeldstad Rektor
E-post: odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no
Telefon: 55097600/99645370
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt øygarden