
Alver kommune · Alver
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledi...
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus.
Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.
I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
Kompetansekrav
Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.
Vi tilbyr
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om stillinga Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim ved avdeling Lerketunet. Vi kan tilby 100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. helg. Det er også mogleg med langvaktsturnus. Om avdelinga På Meland Sjukeheim blir du ein del av eit varmt og inkluderande fagmiljø der omsorg, kompetanse og gode menneskemøte står i sentrum. Hos oss er ingen dagar heilt like, men alle dagar betyr noko. No søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til Lerketunet, ei avdeling med 12 plassar for personar som lever med demenssjukdom. Her står tryggleik, relasjonar og livskvalitet i fokus, og vi arbeider målretta for å skape ein meiningsfull og god kvardag for bebuarane våre. Miljøarbeid er ein sentral del av tenesta, og målet vårt er å tilby eit trygt, og omsorgsfullt miljø der kvar enkelt får den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent og engasjert team legg vi vekt på individuell tilnærming, aktivitet og meistring, slik at bebuarane kan oppleve glede, trivsel og best mogleg livskvalitet. På Meland Sjukeheim har vi også ein somatisk langtidsavdeling, Nordgardstunet, med 24 pasientar, og ein korttidsavdeling, Solkroken, med 12 plassar. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar • Kartlegging, planlegging og evaluering av sjukepleietiltak • Samhandling med pårørande • Tverrfagleg samarbeid • Veileding av kollegaer og studentar • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar • Bidra til utvikling av gode tenester Vi har også innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg ved Meland Sjukeheim. Dette innebærer ansvar for heile sjukeheimen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette. Kompetansekrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2- test • Fordel med erfaring fra eldreomsorg Kven er du? • Vi ser etter deg som: Er ein fagleg dyktig sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. • Er trygg, fleksibel og løysningsorientert. • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar • Er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre. Vi tilbyr • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar • Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus. • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk • God pensjonsordning gjennom KLP • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget! Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no fleire faste 100 % sjukepleiarstillingar ledige frå 1. september 2026, eller etter avtale. Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til helsehjelp. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande kvardag der du jobbar tett på brukarane. Vi har god fagdekning, og du vil aldri vere aleine sjukepleiar på vakt. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, og jobbar saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter. Vi tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. Intervju blir gjennomført 19/8-26. Arbeidsoppgåver • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning • Sjukepleiefaglege prosedyrer • Primærkontaktansvar • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Veiledning av studentar i avdelinga • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav • Krav om bachelorgrad i sjukepleie, HPR-nummer oppgis i søknaden • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram) • Førarkort klasse B • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyr • Tariffløn • God opplæring • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad Anna informasjon • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. • Kommunen har 6 mnd. prøvetid ved tilsetjing Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Me har nå ein ledig fast sjukepleiarstilling ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt. Stillinga er 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst. Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus. Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid. Hovudarbeidsoppgåver • Jobbe i team med lege på vakt. • Prioritere rett pasient til rett tid. • Ta anamnese og vurdera tiltak. • Ivareta pasient og pårørande ved behov. • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen. • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller. • Laberatoriearbeid. Kvalifikasjonar • Du har autorisasjon som sjukepleiar. • Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav. • Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. Personlege eigenskapar: • Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. • Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me kan tilby: • Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget. • Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare. • Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan. • Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø. • Gratis parkering. • Frisk treningssenter tilbyr bedriftsrabatt. • Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). • Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar. • Lønn etter tariff. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her