
Årdal kommune Barnehage · årdal
I barnehagane våre i Årdal kommune arbeida me kvar einaste dag for at barna skal møtast med tryggleik, meistring og ekte glede. No ynskjer me oss fleire engasje...
I barnehagane våre i Årdal kommune arbeida me kvar einaste dag for at barna skal møtast med tryggleik, meistring og ekte glede. No ynskjer me oss fleire engasjerte barnehagelærarar som vil vere med og skape gode barndomsminne – i kvardagar fulle av leik, omsorg og utvikling. Me har ledig fleire faste stillingar som barnehagelærar i dei ulike barnehagane våre.
Som barnehagelærar hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidsdag der barna står i sentrum. Du får vere tett på kvardagen deira og bidra aktivt til trivsel, leik og læring, både ute og inne. Arbeidet inneber pedagogisk planlegging og gjennomføring av aktivitetar, samtidig som du samarbeider tett med kollegaer om å organisere kvardagen på ein trygg og god måte. Du blir ein viktig vaksenperson i barna sine liv – ein som ser dei, lyttar og møter dei med varme og tydelegheit. I barnehagane våre legg me stor vekt på fagleg refleksjon, samarbeid og kontinuerleg utvikling, og me ynskjer at alle tilsette skal kjenne seg trygge og verdsette i rolla si.
Arbeidet som barnehagelærar i Årdal kommune inneber også å vere ein viktig ressurs i det tidlege innsatsarbeidet rundt barna. Du vil samarbeide med føresette, kollegaer og andre faginstansar for å skape inkluderande fellesskap der alle barn får delta og kjenne seg høyrde. For stillinga er det krav om barnehagelærarutdanning, eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Det er viktig at du har gode norskkunnskapar og kan leggje fram godkjent politiattest.
Me ynskjer oss tilsette som bidreg til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, og som er gode på relasjonsbygging – både med barn, kollegaer og føresette. Du er ein omsorgsfull rollemodell som likar å ta ansvar, samarbeide og utvikle deg fagleg. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar i rekrutteringa.
Hjå oss får du ein trygg og meiningsfull jobb med forutsigbare rammer og eit godt fagmiljø med høg kompetanse. Årdal kommune tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, løn etter utdanning og praksis i tråd med hovudtariffavtalen, og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen. Me er opptekne av at våre tilsette skal trivast!
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforplikta prat – me fortel gjerne meir om barnehagane våre og kvardagen hjå oss.
Me ser fram til å høyre frå deg og bli betre kjent med deg som kanskje blir vår nye kollega.
Søknadane vil bli vurdert fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her
Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer etter tillkallingsvikarar i barnehagane Fredheim og Høre. Det er behov for barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar. Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver • Delta aktivt i leik og aktivitetar • Som vikar har du medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik. • Du har ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale. Kvalifikasjonar • Over 18 år • Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel. Men me ynskjer også deg som har erfaring frå å jobbe med barn og unge i ei anna setting, som til dømes musikk, sport, fritidsaktivitetar eller barnepass • Du må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leverast før oppstart Personlege eigenskapar - Me søkjer deg som: • har eit engasjement for barn og unge • er inkluderande, positiv og omsorgsfull • er kreativ og løysingsorientert • har gode kommunikasjonsevner • er komfortabel med å tilpasse deg forskjellige type menneske i ulike situasjonar • er god på samarbeid Vi tilbyr • Ein gjevande og meningsfull jobb, kor du gjer en forskjell i barna sin kvardag. • Ein variert og fleksibel arbeidsdag • Løn etter tariff Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft. KontaktinformasjonKarin Trøen, Styrar Fredheim barnehage, 92891231, karin.troen@vang.kommune.no Heidi Lynge Kvale, Syrar Høre barnehage, 90580529, heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no ArbeidsstedTyinvegen 5161 2975 VANG I VALDRES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vang Kommune Referansenr.: 4938368100 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026
Til barnehagen vår på Hovden treng vi ein barnehagelærar i 100% vikariat frå 10.08.26- 31.12.26, med moglegheit for forlenging Har du lyst på ein annleis periode på fjellet? Vi ser etter deg som set deg ned på golvet. Du som undrar deg saman med barna. Du som veit at leik ikkje er pause frå læring- leik ER læring. I Bykle kommune får du kollegaer som er opptekne av fag, utvikling og inkludering. Her har vi naturen som leikeplass, høge ambisjonar på barna sine vegne og eit arbeidsmiljø der vi heier på kvarandre. Hos oss får du vere pedagog i eit fagleg sterkt miljø, med naturen som næraste nabo og engasjerte kollegaer på laget Vi ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring! Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg Arbeidsoppgåver • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar • Vere ein god rollemodell • Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage Kvalifikasjonar • Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning • Fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis • God på å bygge og ivareta relasjonar • Jobbar målretta, strukturert og leiar utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar • Initiativrik, og er god til å inspirere og motivere andre • Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar • Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål Personlege eigenskapar • Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide • Du er leiken og har humor. • Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar • Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar • Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette • Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert • Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder • Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST Vi tilbyr • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe • Høg pedagogtettheit • Eit fagmiljø som satsar på kompetanseutvikling • Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg • God pensjons- og forsikringsordning • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad • Kommunen har flyttegodtgjersle • Gode treningsområde inne og ute, sommar som vinter • Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren • Det er krav om politiattest ved tilsetting • Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år Andre opplysningar Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. KontaktinformasjonCaroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494 ArbeidsstadSkulevegen 31 4755 Hovden i Setesdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bykle Referansenr.: 5152122549 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 27.07.2026
Er du vår nye ringevikar som vil prøve noko nytt? Me søkjer ringevikarar i Austrheim kystbarnehage. I dag har vi 80 barn som er fordelt på seks avdelingar. Det er to småbarnsavdelingar, tre avdelingar med barn i alder 2-4 år, og ei førskulegruppe. Vi er 31 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar. Vi er stolt og fornøyd med utforminga og plassering av barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare. Avdelingane har eit stort opphaldsrom, i tillegg to gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Rundt oss har vi, forutan ein fantastisk leikeplass; flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø og båt. Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg. Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje borna gode opplevingar og la dei erfare det gode med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen. I barnehagen vil vi ha deg som er opptatt av å gje kvart barn og barnegruppa gode dagar med gleder og allsidig læring gjennom leik. Du vil få god opplæring slik at du gradvis får kjennskap til ulike oppgåver. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgArbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver • Ta initiativ og delta i daglege rutiner med barna i barnehagen • Delta i ulike aktiviteter saman med barn og andre voksne. Kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: • Har lyst til å jobba i barnehagen der me har varierte aktiviteter og der ingen dagar er like. • Er nygjerrig i arbeidet med barn og er ein engasjert voksenperson. • Er påkobla når du er på jobb saman med barna, og du tar initiativ når du ser arbeidsoppgåver som må løysast • Du må ha plettfri vandel, og kunne framsyne gyldig politiattest Vi tilbyr • Leike så mykje du vil, og enda litt til • Frisk luft fleire timar kvar dag • Eit godt fagleg miljø der me gjerne vil ha nettopp deg sjølv om du ikkje har erfaring frå barnehage. Me vil veilede deg og gje deg tid til å bli kjent med arbeidsoppgåvene. • Tariffløn