
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i multidisiplinære geofarestudiar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Ph.d.-prosjektet vil vere knytt til EPOS-Norge – Forskingsinfrastruktur for geofarer (EPOS-NG). EPOS-NG har som mål å etablere den leiande nasjonale forskingsinfrastrukturen for overvaking, analyse og risikoreduserande arbeid knytt til geofar som skred, tsunamiar, jordskjelv og fare knytt til kryosfæren, truslar som i aukande grad vert forsterka av klimaendringane. Forskingsinfrastrukturen vil kombinere tilgong til vitskaplege måleinstrument med ein dataportal som gjev tilgang til ei rekkje geovitskaplege data, i tillegg til tenester for berekningar og visualisering.
Ph.d.-prosjektet vil nytte EPOS-NG-infrastrukturen i multidisiplinære studiar av geofarar i Noreg. Dei konkrete forskingsmåla for prosjektet vil verte utvikla i samarbeid med den tilsette kandidaten, avhengig av kompetanse og faglege interesser. Moglege tema som kan utforskast, omfattar:
Den tilsette kandidaten vil vere ein del av EPOS-NG-teamet og må rekne med å samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar innanfor EPOS-rammeverket. Som ein del av prosjektet vil kandidaten og bidra til utvikling og testing av instrumentpoolar eller portalfunksjonalitetar i EPOS-NG, samt delta i forskingsformidling og utadretta aktivitetar knytte til geofarar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader som ikkje inneheld all den etterspurde dokumentasjonen, vil ikkje bli vurderte.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitenskap, tel: +47 55583426, epost: mathilde.sorensen@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR-prosjektet 355137 “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Dette prosjektet bygger bru mellom to grunnleggande fagområde innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere disse områda, har prosjektet som mål å utvikle nyskapande berekningsteknikkar og teoretiske innsikter som utvidar grensene for begge fagfelt. Det fokuserer på å utnytte nylege gjennombrot som kombinerer algoritmiske tilnærmingar med klassiske resultat innan ekstremal kombinatorikk. Dei forventa resultatene er todelte: å vidareutvikle moderne parameteriserte og approksimasjonsalgoritmar for å løyse krevjande berekningsproblemer med høg effektivitet, og å formulere nye stabilitetsteoremar innan ekstremal kombinatorikk, drevet av praktiske algoritmiske bruksområde. Til stillinga søkjer vi ein forskar som vil bidra til prosjektets suksess og synlegheit. Ein vellukka kandidat vil gjere forsking innan algoritmar og ekstremal kombinatorikk, samt samarbeide med andre medlemmer av algoritmeforskingsgruppa. Vi ser etter framifrå kandidatar med bakgrunn og erfaring innan eitt eller fleire av følgande områder: grafalgoritmar, parameterisert kompleksitet, approksimasjonsalgoritmar, ekstremal kombinatorikk, strukturell grafteori og relaterte fagfelt. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk (kombinatorikk og/eller diskret matematikk) eller informatikk (algoritmar), eller må ha levert masteroppgåva si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Kompetanse innan diskret matematikk og algoritmar er eit krav. • Kompetanse innan ekstremal kombinatorikk og/eller parameterisert kompleksitet er ein fordel. • Dokumentert publikasjonsrekord i dei fremste konferansane innan informatikk, som til dømes STOC, FOCS, SODA, ICALP og ESA, eller i høgt rangerte tidsskrift som TALG, JCTB, Combinatorica eller tilsvarande leiande publiseringskanalar er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr.593 700 . Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • medlemskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar 1183 Petr Golovach, Institutt for informatikk, UiB på petr.golovach@uib.no, eller instituttleiar Inge Jonassen, UiB på inge.jonassen@uib.no. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand på maria.svasand@uib.no eller 55 58 86 62 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPh.d.-stipendiat i kvantefysikk og -optimering Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752). Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med fleire grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid. Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling. Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing). Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i teoretisk fysikk, kvantefysikk eller eit nært beslekta fagfelt. Kandidatar med bakgrunn i datavitskap (informatikk) kan også være kvalifiserte dersom dei har betydeleg, dokumenterbar erfaring med optimalisering ved bruk av fysikkinspirerte algoritmar eller rammeverk for kvantedatabehandling. Søkjaren må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Praktisk erfaring med numeriske simuleringar (t.d. Python, Julia eller C++) er eit krav. • Solid fagleg bakgrunn innan kvantemekanikk og statistisk fysikk er eit krav. • Erfaring med optimeringsproblemar og/eller komplekse system er ein fordel. • Sterk interesse og erfaring for skjeringspunktet mellom fysikk og databehandling er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande: Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø. • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • Relevante attestar • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no). For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er ein del av ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC). Om prosjektet/arbeidsoppgåver Prosjektet skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem som handlar om geometriske og algebraiske storleikar, som punkt, vektorar, lineære rom og matriser. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk (datavitskap), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring og kompetanse innan algoritmar og teoretisk informatikk er eit krav. • Forskingserfaring dokumentert gjennom publikasjonar i leiande arenaer innan teoretisk informatikk (som FOCS/STOC/SODA/ICALP) eller AI-konferansar (som AAAI/IJCAI) er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Teoretisk datavitskap er ikkje klassifisert som eit sensitivt fagområde eller ei sensitiv teknologi etter gjeldande eksportkontrollregelverk. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • medlemskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor ved Institutt for informatikk: Fedor Fomin, på e-post: Fedor.Fomin@uib.no ellar førsteamanuensis ved Institutt for informatikk: Kirill Simonov på epost: Kirill.Simonov@uib.no For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, på e-post maria.svasand@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5