
Nevroklinikken, Helse Bergen HF · Bergen
Nevroklinikken har ledige vikariat for pleieassistentar på helg Nevroklinikken har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på...
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3 lag: Kronikareining, Generell eining og Slageining. Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga. Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS. Godt, tverrfagleg samarbeid er et viktig prinsipp i pasientbehandlinga hos oss.
Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for strålekniv og pasientar med vestibularisschwannom.
Vikariata er for 12 månader med oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonÅse Humberset, Seksjonsleiar Nevrokirurgisk sengepost, 55975662, ase.humberset@helse-bergen.no
Tori Lunde, Ass.seksjonsleiar Spinaleininga, 55976045, tori.lunde@helse-bergen.no
Laila Kvalvåg, Seksjonsleiar, 55975041
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5143493829
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 07.09.2026
Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 3 faste helgestillingar på 15% med arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg for deg med pleieerfaring. Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken. Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar. Arbeidsoppgåver • Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande • Matservering • Skylleromsarbeid • Forefallende arbeid i avdelingen • Fastvakt Kvalifikasjonar • Meistre norsk skriftleg og munnleg • Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring • Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona) Personlege eigenskapar • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel • Gode kommunikasjonseevner • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Vi tilbyr deg • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) • Fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Hege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03 Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150695215 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten. Dei fleste som kjem til MOE har har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat. og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar. , Pasientar kjem enten via akuttmottak eller fra ei av dei medisinske postane ved behov for overvaking. Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell indremedisin som krev overvaking. Vi kan gi avansert behandling og overvaking med arteriekran/ skop, Cpap/ Bipap, tracheostomi, administrering av avanserte medikament som vasopressor. I tillegg har posten ansvar for pasientar med meningitt som kjem direkte på post. Arbeidsdagen er prega av eit aktivt fagleg miljø med godt tverrfarleg samarbeid, medisinske utfordringar, akuttmedisinske problemstillingar og i periodar høgt tempo. Arbeidsmiljøet er prega av høg kompetanse. Arbeidsoppgåver • Stell, pleie og omsorg for pasientar • Observasjon av vitale parametre ved overvaking og ved fastvakt • Skylleromsarbeid, og holde orden i avdelinga • Tverrfagleg samarbeid med dei andre yrkesgruppene i avdelinga Kvalifikasjonar • Ein søker etter hjelpepleiar/helserfagarbeidar/sjukepleiestudentar/pleieassistentar med erfaring innan sjukehus og med interesse for infeksjonssjukdommar og akutt sjuke • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Evne til å arbeide sjølvstendig og å vere fleksibel • Interesse for infeksjonsmedisin og akutt/ intensivmedisin • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Ansvarsbevisst • Ha respekt for kvar enkelt pasient • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø • Konkurransedyktig pensjonsordning Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHilde Margrethe Sørås Dale, Seksjonsleiar, 55973722 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154940833 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling. Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-. Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post. Stillingsprosent: 16 - 25 Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*) Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027. Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar: Lærdal • Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 (*) Nordfjord • Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 (*) Førde • Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 (*) • Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435(*) • Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 (*) • Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641 • Kirurgisk sengepost, Linn Beate Årnes -(47) 95206487 • Kreft sengepost, Ida Juklestad - (47) 578 39313 / 91136864 (*) • Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 (*) • Føde/gyn/barsel, Beathe Salbu Håkonsen - (47) 57839588 / 90829220 Arbeidsoppgåver • Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar • Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg Kvalifikasjonar • 3.års sjukepleiarstudent • Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje Personlege eigenskapar • Ha gode samarbeidsevner • Vere fleksibel • Takle tidvis høgt temp • Vere engasjert Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027 • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein lærerik og utviklande arbeidsstad • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø • Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSjå kontaktinformasjon ovanfor ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5133551166 Stillingsprosent: 25% Vikariat Søknadsfrist: 14.08.2026