
Medisinsk klinikk/ Medisinsk overvakingseining (MOE) - Medisin post 6, Helse- Bergen HF · Bergen
Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten. Dei fleste som kje...
Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten.
Dei fleste som kjem til MOE har har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat. og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar. , Pasientar kjem enten via akuttmottak eller fra ei av dei medisinske postane ved behov for overvaking.
Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell indremedisin som krev overvaking. Vi kan gi avansert behandling og overvaking med arteriekran/ skop, Cpap/ Bipap, tracheostomi, administrering av avanserte medikament som vasopressor. I tillegg har posten ansvar for pasientar med meningitt som kjem direkte på post.
Arbeidsdagen er prega av eit aktivt fagleg miljø med godt tverrfarleg samarbeid, medisinske utfordringar, akuttmedisinske problemstillingar og i periodar høgt tempo. Arbeidsmiljøet er prega av høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
infeksjonssjukdommar og akutt sjuke
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHilde Margrethe Sørås Dale, Seksjonsleiar, 55973722
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154940833
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 3 faste helgestillingar på 15% med arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg for deg med pleieerfaring. Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken. Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar. Arbeidsoppgåver • Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande • Matservering • Skylleromsarbeid • Forefallende arbeid i avdelingen • Fastvakt Kvalifikasjonar • Meistre norsk skriftleg og munnleg • Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring • Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona) Personlege eigenskapar • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel • Gode kommunikasjonseevner • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Vi tilbyr deg • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) • Fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Hege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03 Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150695215 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Nevroklinikken har ledige vikariat for pleieassistentar på helg Nevroklinikken har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for dei tilsette. Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette. Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3 lag: Kronikareining, Generell eining og Slageining. Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga. Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS. Godt, tverrfagleg samarbeid er et viktig prinsipp i pasientbehandlinga hos oss. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for strålekniv og pasientar med vestibularisschwannom. Vikariata er for 12 månader med oppstart etter avtale. Arbeidsoppgåver • Pleie og pasientoppfølging på post • Det blir forventa at du i tillegg jobbar i minst 4 veker 100% stilling i sommaravviklinga Kvalifikasjonar • Det er eit krav at du har pleieerfaring • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du må vere utadvent og pasientorientert • Du må trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team og like varierte utfordringar • Du må ha gode samarbeidsevner Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå • Fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonÅse Humberset, Seksjonsleiar Nevrokirurgisk sengepost, 55975662, ase.humberset@helse-bergen.no Tori Lunde, Ass.seksjonsleiar Spinaleininga, 55976045, tori.lunde@helse-bergen.no Laila Kvalvåg, Seksjonsleiar, 55975041 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5143493829 Stillingsprosent: 20% Vikariat Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 07.09.2026
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost. Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!! Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell. Oppstart snarast eller etter avtale. Arbeidsoppgåver • Pleie og oppfølging av pasientar med genrelle indremedisinske diagnosar • Førefallande arbeid i avdelinga Kvalifikasjonar • Relevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon Personlege eigenskapar • Vere ein god teamarbeidar • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø • Like verierte utfordringar • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å videreutvikle kompetansen din Vi tilbyr • Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø • Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling • Løn etter gjeldande overinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no Stine Hernes, Ass. seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no Arbeidsstad Sjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5155624368 Stillingsprosent: 20% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 26.07.2026