
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for økonomi er det ledig ei stilling som postdoktor innan samfunnsøkonomi. Stillinga er for ein periode på fire år, der 25 prosent av stillinga er karrierefremmande arbeid ved instituttet. Stillinga er knytt til instituttet si ordinære forskings- og undervisningsverksemd.
Institutt for økonomi er eitt av sju institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og ph.d.-utdanning i samfunnsøkonomi. Forsking og undervisning ved instituttet dekkjer eit breitt spekter av samfunnsøkonomiske fagområde. Søkjarar bør gjere seg kjende med instituttet sin forskings- og undervisningsprofil.
Den som blir tilsett, er venta å styrkje instituttet sin eksisterande forskings- og utdanningsprofil.
Normal undervisningsbelastning er om lag eitt emne per år.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider (ekskludert litteraturliste) skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 21.08.2026.
Søknader sendt på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje bli vurderte.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Julian Vedeler Johnsen, instituttleiar, julian.johnsen@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat (8 stillingar) Ved Det medisinske fakultet er det ledig åtte (8) opne stipendiatstillingar med oppstart frå februar 2027. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på tre (3), eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre (3) år. Desse stillingane er opne for søkjarar som har mastergrad som er relevant for fakultetet sine forskingsområde. Åtte (8) stillingar er opne stipendiatstillingar Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under. Denne utlysinga gjeld stillingar knytte til forskingsprosjekt ved: – Institutt for biomedisin (IBM) – Klinisk institutt 2 (K2) – Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) – Klinisk institutt 1 (K1) For søkjarar frå Institutt for klinisk odontologi (IKO) vert det synt til eiga utlysing. Fire (4) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand.med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet. Dei som vert uteksaminert hausten 2026 startar i stillinga 1. februar 2027. Dei som vert uteksaminert våren 2027 startar i stillinga 1. september 2027. Dei som får dei øyremerkte stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina. Vurdering av søkjaren: Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterium: • Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet. Krav er fullført og godkjent mastergrad (sjå meir informasjon under). • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innafor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga. • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, relevant publikasjonsaktivitet. • Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert tillagt vekt. Det må gå klart fram frå prosjektomtalen korleis utanlandsopphaldet er integrert i prosjektet og gjev meirverdi til prosjektet. Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Stillingane er opne for søkjarar med profesjonsutdanning eller masterutdanning relevant for forskingsfelt ved fakultetet. • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt • Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar. Forskarutdanning: Stilling som stipendiat har som mål at kandidaten skal fullføre forskarutdanning fram til doktorgrad. Stipendiaten skal gjennomgå eit godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje verte tilsett i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav. Særlege krav til stillinga Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane. Vi tilbyr: • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) • Gode velferdsordningar, inkludert pensjonssparing i Statens pensjonskasse, yrkesskadeforsikring, full løn under sjukefråvær i 52 veker og betalt foreldrepermisjon. • Trening i arbeidstid Treningstilbud for ansatte | For ansatte | UiB • Norskkurs utan kostnad. • Fleksible arbeidsordningar, tilgang til ulike permisjonsordningar og eit støttande og trygt arbeidsmiljø som legg til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid Søknaden skal innehalde føljande vedlegg, nummererte som vist under: • Søknadsbrev. Søknadsbrevet skal innehalde tittel på prosjektet og namn på både hovudrettleiarar og medrettleiarar, forskingsgruppe og instituttet der prosjektet skal gjennomførast. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og medrettleiar(ar). Vi gjer merksam på at hovudregel ved opptak til ph.d-programmet er éin hovudrettleiar og éin medrettleiar. I søknadsbrevet skal det greiast ut om søkjar sin motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-løp med det aktuelle prosjektet. • Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar etter mal. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode. • CV: (maksimalt 3 sider) etter mal. • Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning, på originalspråket. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK - dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge, er unnateke kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Legg ved dokumentasjon av engelsk-kunnskapar i tråd med følgjande krav. • Liste over eventuelle vitskapelege arbeid (PDF), med ei kort skildring av innhald og eige bidrag for kvart arbeid. • Eventuelle vitskapelege arbeid • Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side) • Hovudrettleiar sin CV (maksimalt 4 sider) etter mal, med: • Kandidatproduksjon. Hovudrettleiar sin rettleiarerfaring (master- og ph.d.). Dokumentet skal innehalde ei oversikt over ph.d.- og postdoktor-kandidatar som hovudrettleiar er hovudrettleiar/mentor for, og som er finansiert av Det medisinske fakultet. Oversikta skal innehalde namn på kandidat, startdato og forventa sluttdato for alle kandidatane. Dersom du er hovudrettleiar eller mentor for kandidatar som er finansiert av Det medisinske fakultet for tida, må du opplyse om det. Det er etablert retningslinjer for kor mange kandidatar av fakultetet sine rekrutteringsstillingar ein person kan rettleie samstundes. (max 4 stipendiat og postdoktorar finansiert av Det medisinske fakultet) • Liste over hovudrettleiar sine publikasjonar siste sju år. • Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side). • Invitasjon for det prosjektsspesifikke forskingsopphaldet frå utanlandsk institusjon (når eit utanlandsopphald er del av prosjektet), der det klart går fram kva oppgåver søkjar skal utføre. • Eventuelle andre vedlegg. Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg og etterspurt informasjon manglar i søknaden. Merk at kursa rettleiarkurs og Behandling av personopplysninger i medisinsk og helsefaglig forskning er obligatoriske for alle rettleiarar og mentorar ved Det medisinske fakultet og må være gjennomført før opptak til ph.d.-programmet. Andre opplysningar: Hovudrettleiar må ha hovudstilling (minst 50% stillingsstorleik) ved Det medisinske fakultet. Unntak kan verte gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet. Hovudrettleiar må vere tilsett ved fakultetet i heile stipendperioden. Unntaksvis kan det gjerast fråvik frå regelen om tilsetjing i heile perioden, men då må ein gjere greie for korleis rettleiinga skal ivaretakast av ein annan person tilsett ved fakultetet. En person kan ikkje være hovudrettleiar på søknadstidpunktet dersom han/ho vert pensjonert (inkludert emeritus) i løpet av stipendperioden. Berre éin søknad frå kvar hovudrettleiar vil verte evaluert. Generell informasjon: Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte oss på fellesutlysning ved Det medisinske fakultet Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til WaveForce-prosjektet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: WaveForce er finansiert av Noregs forskingsråd og fleire norske selskap. Prosjektet blir leia av SINTEF Ocean, med deltaking frå UiB og Meteorologisk institutt, samt dei internasjonale partnarane CNR-ISMAR (Italia) og IRD (Frankrike). Temaet er måling av bølger, og medriving av luftbobler og oljedråpar. Målet er å utbetre eksisterande modelleringsverktøy for oljesøl til havs. Postdoktoren vil vere sentral i prosjektet, og kjem til å arbeide tett med andre prosjektdeltakarar på feltmålingar, laboratoriearbeid og modellutvikling. Kandidaten er forventa å: • Bidra til utvikling og utplassering av biletprosesseringssystem til analyse av brytande bølger, både in situ (i felt) og i lab • Bidra til analyse av bilde og utvikling av den opne analyseprogramvaren PyOPIA (https://github.com/SINTEF/pyopia) • Bidra til installasjon av eit stereokamerasystem for bølgemålingar ved OceanLab i Trondheimsfjorden • Delta i laboratoriearbeid i bølgerenner (lab) på medriving av oljedråpar i brytande bølger • Arbeide med målingar på medrovne luftbobler, oljedråpar og muligens andre typer partiklar, som iskrystallar, samt formulere modellar for storleiksfordeling og vertikal transport av bobler og dråpar • Nytte nye parameteriseringar av oljedråpefordeling i spreiingsmodellen OpenDrift Kandidaten må rekne med å tilbringe ein betydeleg del av tida i Trondheim, og å arbeide med utvikling og utplassering av instrument ved OceanLab nær Munkholmen, i samarbeid med SINTEF Ocean. Eit utanlandsopphold hjå ein av dei internasjonale partnarane kan også bli mulig. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor fysikk, fysisk oseanografi, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring med programmering i Python er eit krav • Erfaring med telesentriske partikkelavbildningskamera, biletanalyse og maskinlæring for partikkelgjenkjenning er ein fordel • Erfaring med arbeid med bølgerenner for å studere turbulent medriving av partiklar i væsker er en fordel • Erfaring med numeriske metodar generelt, og partikkelsporing særskilt, er ein fordel • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Vi tilbyr: • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. • medlemsskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. • CV • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. • relevante attestar • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor II, Geofysisk institutt, Øyvind Breivik (oyvindb@met.no / +47-91102707) ellerprofessor Lars Henrik Smedsrud, Geofysisk institutt (Lars.Smedsrud@uib.no). For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no). Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for Sosialantropologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet. Institutt for Sosialantropologi er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med ei brei orientering både etnografisk og tematisk. For tida har 17 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorar og 25 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv etnografisk forsking i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet er aktiv i faglege diskusjonar og offentleg formidling, for eksempel gjennom månadlege fagseminar med internasjonale gjesteforskarar, og arrangerer Fredrik Barth-forelesninga annakvart år (sjå Fredrik Barth-forelesningen UiB). For vidare detaljar viser vi til instituttet sine nettsider: http://www.uib.no/antro. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vere avlagt innan fristen for søknaden. • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. • Søkjarar må kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. • Søkjarar må kunne vise fagleg sjølvstende, evne til å planlegge og strukturere forskings- og undervisningsarbeide, og evne til å jobbe godt saman med andre. • Motivasjon for å bidra til instituttet si undervisning og faglege utvikling, samt erfaring med undervisning, undervisningsassistanse på universitets- eller høgskulenivå og fagformidling, vil òg bli positivt vektlagd. • Stillingas arbeidsstad er Bergen og kandidaten forventast å vera til stade ved Institutt for Sosialantropologi dagleg (med unntak av periodar med feltarbeid eller godkjend forskingsverksemd). Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. . Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: • Stilling som stipendiat (kode 1017) med brutto årsløn kr. 593 700, -. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging. • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider pluss referanseliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjekt som komplementerer den eksisterande tematiske og regionale kompetansen i fagmiljøet og styrker den faglege profilen som eit bredt generalistinstitutt vil prioriterast. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa. Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Prosjektskildring. • CV. • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. • Relevante attestar. • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). • Eventuelle publikasjonar. • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 15. September 2026. Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering. Generell informasjon: Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Geir Henning Presterudstuen, geir.presterudstuen@uib.no. Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no. Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Elina Troscenko, elina.troscenko@uib.no. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5