
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig to stipendiatstillingar (100%). Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år, med 25% karrierefremjande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.). Stillingane er finansiert av UiB. Oppstart i stillingane er seinast januar 2027.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Sjølve tilsettingsprosessen, inkludert intervju av aktuelle søkarar, vil gå føre seg på norsk.
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremmande arbeidet ved instituttet vil i stor grad bestå av undervisingsoppgåver, rettleiing og sensur m.m. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.
Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stlling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen. Det er ønskjeleg at stipendiaten startar i stillinga innan 1. oktober 2026, men seinare oppstart er også mogleg. Om prosjektet: Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4 årig (2025-2029) forskingsprojekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikaliske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst. I samarbeid med kulturberarar frå heile Norden og eit breitt internasjonalt nettverk av høgare utdanningsinstitusjonar, vil denne studien gi eit empirisk grunnlag for betre å forstå korleis urfolksmusikk har blitt til og effektivt kan delast med unge menneske. Desse perspektiva vil danne grunnlaget for utvikling og implementering av eit første i sitt slag nettbasert musikklæringsfellesskap for bruk i vidaregåande opplæring i Norge, Finland og Sverige. Slik vil dette prosjektet bidra til å engasjere samiske ungdommar i levande musikalske miljø, styrke kulturell resiliens og sikre ei berekraftig samisk stemme i nordisk samfunn. Prosjektet har fire kjerneføremål: • Bygge kunnskap om tradisjonelle læringspraksisar i samisk kultur i Norge, Sverige og Finland. • Etablere etiske standardar for deling av tradisjonell musikk i ein internasjonal samanheng for urfolk. • Utvikle nettbaserte musikkopplæringsressursar i samarbeid med kulturarvsberarar. • Evaluere effektiviteten av ein nettbasert plattform for å støtte samiske ungdommar sin kulturelle resiliens gjennom musikkundervisning. Om stillinga: Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på Sámiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar med ei problemstilling som undersøker på kva måtar overgangsritualet frå lærling til kulturberar kan opplevast og forståast gjennom moderne kunstnarleg praksis og kunstnarleg utviklingsarbeid. Resultatat frå studien vil kaste lys over emne som er relevante for dei sentrale kjerneføremåla i Singing Maps, som til dømes notids og historisk samisk vokalmusikkpraksis, generasjonsoverføring av vokale tradisjonar, Samisk kulturell og kunstnarleg identitet, og tradisjon og fornying i samisk musikkutøving. Ph.d.-prosjektet kan gjerne innrettast mot eitt eller fleire av følgjande forskigsspørsmål, eventuelt liknande problemstillingar: a) kva kjenneteiknar samisk læringspraksis i tradisjonell sang og joik i ulike generasjonar? b) korleis kjønnsroller vert definerte, utforma og utfordra innanfor samisk vokalmusikklæring og framføringspraksis c) korleis overgangsritual frå elev til kulturberar i samiske vokaltradisjonar vert ramma inn og opplevd av unge menn og kvinner, og d) kva aspekt ved desse læringspraksisane kan vere utfordrande i formell og virtuell musikkundervisning. Prosjektgruppa i Singing Maps vil kunne gje stipendiaten eit rikt forskingsmiljø på fleire måtar. Kandidaten vil få eit stipendiatmiljø med andre som skriv doktor- eller mastergrad innafor tangerande tema. Kandidaten vil møte mange forskarar med doktorgrad, både frå HVL og dei andre samarbeidsinstitusjonane, som kan støtte opp om doktorgradsarbeidet. Singing Maps har eit omfattande nettverk og samarbeider med Sámisk kulturinstitusjonar i Norden som kan støtte førestillingar og formidling av stipendiaten sine kunstnarlege produksjonar, utvikla innanfor prosjektet. Dei internasjonale forskarane i Singing Maps kan gi kandidaten mulighet for internasjonalt forskingssamarbeid og mobilitet over heile den nordisk regionen og andre land som Kina, Canada, Aotearoa New Zealand, og Australia. Stipendtiaten vil få høve at delta og presentere forskinga si på store internasjonale konferansar både sjølv og saman med andre forskarar i Signing Maps. Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innan ei tidsramme på 3 år. «Føresetnaden er at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktisk praksisar» ved HVL. Dette er eit forskarutdanningsprogram som har som mål å fremje vitskapleg arbeid og forsking innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar som krev spesiell vitskapleg innsikt i samanhengar mellom danning og didaktisk og pedagogisk praksis. Ansvars- og arbeidsområde: I tillegg til å gjennomføre eige prosjekt skal stipendiaten gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI, delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps. Stipendiaten skal samarbeide med andre medlemmer av Signing Maps-teamet, inkludert seniorforskarar, tradisjonsberarar og andre doktorgrads- og masterstudentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar, konferansepresentasjonar, populærvitskaplege publikasjonar og pedagogisk/digitalt arkivmateriale. Kvalifikasjonskrav: Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som til dømes etnomusikologi, musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk. Kandidaten skal lede ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk. Det er meriterande om ansøkaren har verifierad samisk kulturell kompetens. Det er ein fordel om søkjar har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk. Flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk er eit krav for stillinga. Følgjande kvalifikasjonar vert særskilt vektlagt: Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar. Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI. Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til phd-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagt. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. Nærare informasjon om korleis ein søkjer opptak til ph.d.-programmet finn ein HER. Varigheit : Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Personlege eigenskapar: Den som blir tilsett må vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap. Korleis søkje på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida. Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet. Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling • Moglegheiter for trening i arbeidstida Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. Tilsatt under forutsetning av at du får innvilget arbeids- og oppholdstillatelse (må vurderes individuelt). Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til bruk i behandlinga av søknadane. Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er: 1) Instituttleder for kunstfag, Hege Gjerde Sviggum, Hege.Gjerde.Sviggum@hvl.no 2) Førsteamanuensis David Johnson, David.Johnson@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultetet, er det ledig tre stipendiatstillingar (100%). Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25% karrierefremmande arbeid (undervisning, rettleiing, sensur, m.m.). Stillingane er finansiert av UiB. Oppstart i stillingane er seinast januar 2027. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillingane til å styrke pågåande forskingsfelt i regi av våre forskingsgrupper, med hovudrettleiar tilsett ved Institutt for samfunnspsykologi. Dersom du vil søkja på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe og utvikle ei prosjektskisse (sjå programskildringa for ph.d.-programmet for krav til prosjektskisse). Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og tidlegare vitskapelege arbeid samt kvalitet og relevans på idé og planar for forskingsprosjekt. Sjølve forskingsprosjektet som kandidaten søker om, vil bli vidareutvikla i samråd med den aktuelle forskingsgruppa og rettleiarar. Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP). Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd ein mastergrad i psykologi eller cand.psychol.-grad • Søkjarar må frå oppstart i stillinga kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg • Erfaring frå undervisning er ein fordel Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Sjølve tilsettingsprosessen, inkludert intervju av aktuelle søkarar, vil gå føre seg på norsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast. Om ph.d.-utdanninga Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her. Vi tilbyr: • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste) • Stadfesting frå forskingsgruppe og ph.d-rettleiar • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve • CV • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) • Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka • Viktig: Dersom du har utanlandsk utdanning må du i tillegg legge ved HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no). Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden. • Relevante attestar • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) • Eventuelle publikasjonar Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: • Instituttleder Rune Aune Mentzoni, Institutt for samfunnspsykologi, rune.mentzoni@uib.no, tlf: 55588679 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat i barnevernsarbeid. Åremålet er på fire år. Stillinga er finansiert av UiB og vil i utgangspunktet vere knytt til forskningsgruppa Barnevern, likeverd og inkludering (BLI). Oppstart i stillinga er seinast januar 2027. HEMIL er eit tverrfagleg institutt som driv forsking og masterprogram på fagfelta barnevernsarbeid, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (uib.no): Alrek helseklynge Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Forskingsprosjektet skal generere kunnskap som kan vere av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Relevans kan vere teoretisk, empirisk og/eller metodologisk. Prosjektet kan vere grunnforsking og treng ikkje vere anvendt forsking. Prosjektet skal byggje på kvalitative metodar og må liggje innanfor eitt eller fleire av følgjande tematiske område: • Problemstillingar knytt til mangfald, likeverd, inkludering og tilhøyrsel, til dømes relatert til kulturell og sosial bakgrunn, migrasjon, språk, funksjonsvariasjonar, kjønn, seksuell orientering og/eller andre minoritetsposisjonar. • Tema knytt til inkluderings- og ekskluderingsmekanismar og -prosessar av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. • Tema knytt til tenesteutvikling/innovasjon som kan ha betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Tenesteutvikling/innovasjon kan til dømes vere knytt til velferdsinstansar som barneverntenesta, eller sivilsamfunnsaktivitet. Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning. Tilsetjing vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeid, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og prosjektskildring. Prosjektskildring skal vere på maks. 5 sider. Forskingsprosjektet til kandidaten skal utviklast og gjennomførast i samråd med minst ein hovudrettleiar frå instituttet. Moglege hovudettleiarar for prosjektet er førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias og førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen. Prosjektet kan vere sjølvstendig eller knytt til rettleiaranes pågåande forsking. Det er ein føresetnad for søknad at søkjar tek tidleg kontakt med ein av dei moglege hovudrettleiarane for å drøfte prosjektidé og fagleg forankring. Endeleg organisering av rettleiarar avklarast ved tilsetjing. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad i barnevern/barnevernsarbeid, sosialt arbeid, psykologi eller annan relevant samfunnsvitskapleg mastergrad. Det er normalt krav om karakteren B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga. • Arbeidserfaring frå barnevernfeltet vil bli tillagt vekt. Anna arbeidserfaring knytt til unge og familiar i utsette livssituasjonar er òg relevant. • Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap relatert til prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller anna forsking/publikasjonar. • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar, ambisjonar og potensial vil bli lagt vekt på. • Søkjarar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk. For stillinga gjeldt følgande: Om stipendiatstillinga: Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremjande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremjande arbeidet innan undervisning vil vere knytt til Masterprogrammet i barnevernsarbeid og Masterprogrammet i global development theory and practice. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen. UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast. Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her. Vi tilbyr: Vi tilbyr: • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3% årleg stiging. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Prosjektskildring (maks. 5 sider, referanseliste kjem i tillegg) • CV • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande • Stadfesting frå forskningsgruppe og ph.d-rettleiar • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) • Relevante attestar • Publikasjonsliste og eventuelle andre faglege arbeid • Utval av maks 3 vitskapelege publikasjonar, rapportar eller andre faglege arbeider innan forsking og utviklingsaktivitet (FoU) (PDF-format) Vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk (attesterte omsetjingar ved behov). Det er søkjaren sitt ansvar å sikre at alle nødvendige dokument er lasta opp innan fristen. Viktig: Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved stadfesting frå HK-dir (tidlegare NOKUT) på at utdanninga er vurdert som tilsvarande ein norsk mastergrad. Alternativt kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir som stadfestar at dei har motteke søknaden din. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar: Professor Ellen Haug Spørsmål om prosjektet, prosjektskildringa og fagleg forankring kan rettast til moglege hovudrettleiar: Førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias, Raquel.Arias@uib.no Førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen, lill.s.haugen@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Livet som phd. Kandidat ved UiB Veien til doktorgrad! Podkast om doktorgradsprosessen i barnevern av Nawar Sayyad. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5