
Vest politidistrikt · Bergen
Om stillinga Felles eining for påtale i Vest politidistrikt har ledig vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som seksjonsleiar, med oppstart ca 1....
Felles eining for påtale i Vest politidistrikt har ledig vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som seksjonsleiar, med oppstart ca 1. oktober 2026. Stillinga er vikariat under foreldrepermisjon.
Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon Hordaland har mellom 10 og 15 tilsette påtalejuristar og har mellom anna ansvaret for alle straffesakene i Geografisk driftseining Hordaland som ikkje blir handsama av spesialseksjonane.
Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker.
Stillinga er plassert i Bergen.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter personar som er interesserte i å drive utvikling og som vil vere med på å forma politiet i framtida. Vi stiller høge krav til sjølvstende, fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig 100% fast stilling som assisterande seksjonsleiar. Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale. Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta og behandlar kvart år 150-200 pasienter frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har et tett samareid med andre yrkesgrupper. For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Arbeidsoppgåver • Vere vikar for seksjonsleiar • Ha delansvar for den daglege drifta • Turnus/bemanningsplanlegging • Vere delaktig i fag og utvikling • Arbeidsoppgåver i forhold til personalet; Personalportalen, GAT, permisjonar etc. • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar • Ønskeleg med jobb kvar 3. helg Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Vidareutdanning innan intensivsjukepleie eller anestesisjukepleie er ønskeleg • Ønskeleg med leiarutdanning • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare • Erfaring frå sjukehus • Evne til å motivere og ha fagleg engasjement • Gode datakunnskapar • Ønskeleg med kompetanse på GAT • Kunne arbeidstidsplanlegging/ressursstyring Personlege eigenskapar • Arbeider målretta og strukturert med arbeidsoppgåver, med sterkt fagleg engasjement, og motiverast av faglege utfordringar og kontinuerleg utvikling • Handterer raske omstillingar og høgt arbeidstempo, og er løysingsorientert • Gode kommunikasjonsferdigheiter, med evne til å lytte, inkludere og involvere andre • Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i team • Sjølvstendig og trygg i krevjande situasjonar • Trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø, og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø • Høg arbeidsmoral og stor arbeidskapasitet • Har godt humør og pågangsmot i ein travel kvardag Vi tilbyr • Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon • Spennande arbeidsstad • Høgt fagleg nivå • Triveleg og godt arbeidsmiljø • Fagleg og personleg utvikling • Kurs • Ulempetillegg • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Vi er ein IA bedrift Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLiv Hege Furnes Hilt, Seksjonsleiar, 55973560 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5136622791 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.08.2026
Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI) opna i 2024 i Helse Bergen, som ein del av desentraliseringa av tenestetilbodet til barn og unge med kjønnsinkongruens. Utviklinga av regionale tenester til pasientar med kjønnsinkongruens er ein nasjonal satsing og skjer i tett samhandling med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Det regionale senteret har ansvar for å tilby spesialisthelsetenester til pasientar i regionen og for å drive regionalt fagnettverk om kjønnsinkongruens. Senteret samarbeider tett med fastlegar, kommunale helsetenester og har godt samarbeid med pasient- og brukarorganisasjonar. Senteret er fleirfagleg og har tre medarbeidarar: 50% psykologspesialist, 30% lege og 100% koordinator. Det er stillinga som koordinator det blir søkt vikar til, med ei varigheit på eitt år. Oppstart 12. oktober 2026. RSKI Vest tilbyr utgreiing, behandling, oppfølging og rekvirering av behandlingshjelpemiddel for personar opp til 18 år som opplever kjønnsinkongruens. Vi har psykososiale tilbod som samtalar, opplæring og lærings- og meistringskurs. All medisinsk behandling, til dømes hormonbehandling, skjer ved den nasjonale behandlingstenesta (NBTK) ved OUS. Les meir om senteret her Regionalt senter for kjønnsinkongruens - Helse Bergen HF Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og har samla all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Arbeidsoppgåver • Greie ut og behandle pasientar i poliklinikk • Foreldrerettleiing og familiesamtalar • Arrangere kurs for pasientar og pårørande • Delta i interregionale samarbeidsmøte med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens (OUS) • Samhandle med kommunehelsetenesta, fastlegar og spesialisthelsetenesta • Sikre god involvering av pasient- og brukarorganisasjonar Kvalifikasjonar • Helsepersonell med norsk autorisasjon, for eksempel psykolog, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, klinisk sexolog • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn, ungdom og unge vaksne med kjønnsinkongruens • Erfaring med tverrfagleg samarbeid • Erfaring med forbetrings- og fagutviklingsarbeid og/eller forsking • Prosjektkompetanse og/eller leiarerfaring er ønskeleg • Gode norskkunnskapar • Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredsstillande politiattest, jf. lov om helsepersonell § 20a Personlege eigenskapar • Du har gode samarbeidsevner • Du er open for nye utfordringar og er engasjert i å tilby gode helsetjenester til barn og unge med kjønnsinkongruens • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du arbeider godt sjølvstendig og i tverrfagleg team Vi tilbyr • Eit godt fagleg arbeidsmiljø • Høve til fagleg utvikling • Rettleiing og fagleg støtte • 1 års vikariat • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne-Jorunn Langeland, Seksjonsleiar, 452 57 615 ArbeidsstadHaukelandsbakken 1 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5145031531 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 12.10.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Om stillinga Vi har no ledig ei spennande stilling som seksjonsleiar for det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. I denne stillinga vil du ha fag- og koordineringsansvar for det førebyggande arbeidet i heile politidistriktet, i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil samhandle med sentrale samfunnsaktørar på politidistriktsnivå og delta i nasjonale fora for å vidareutvikle og setje retning for det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Du vil også delta i FEFE si leiargruppe og drive fagutvikling på tvers. Seksjonen er organisert under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) og består av om lag 10 spesialiserte medarbeidarar innan ulike førebyggjande fagområde som du vil vere nærmaste leiar for. Desse arbeider mellom anna med trusselutsette personar, koordinering av vald i nære relasjonar og æresrelatert vald, næringslivskontakt, nettpatrulje, radikalisering og oppfølging av kriminalitetsutsette. Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg med relevant erfaring, og som ønskjer å setje retning og utvikle det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. Du må trivast med å arbeide tverrfagleg, langsiktig og med eit bredt oppgavesett. Vidare søkjer vi deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadørar for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • fag- og koordineringsansvar for politidistriktet sitt førebyggjande arbeid • ansvar for å følgje opp og leggje til rette for utvikling av førebyggjande arbeid innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, familievald og partnar/ære-problematikk, næringslivsdialog, ungdomskriminalitet og politiet sitt nærvær på nett • personal- og resultatansvar • utvikle eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eininga • leggje til rette for utvikling av kunnskapsbasert politiarbeid i samarbeid med andre, både internt og eksternt • sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll) • deltakar i leiargruppa til felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) • kan påleggast andre oppgåver Kvalifikasjonskrav Dette må du ha for å vere kvalifisert: • bestått eksamen frå Politi(høg)skolen eller juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitenskap • brei erfaring frå politiet • relevant leiarerfaring • god forståiing for førebygging som fagområde • god resultatoppnåing i tidlegare stillingar • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med • leiarutdanning • vidareutdanning innan førebyggjande arbeid og/eller andre relevante fagområde i politiet • kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid etter tilsetjing • erfaring frå tverretatleg og tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar • du har god evne til kommunikasjon, teambygging og relasjonsbygging internt og eksternt • mål og resultatorientert med god gjennomføringskraft • du har evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre • du er medarbeidarorientert med god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeider • du er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag • du er ein god rollemodell som leiar og for politiet sin medarbeiderplattform gjennom eigen åtferd Personlege eigenskapar vert vektlagt ved leiarstilling. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ei utfordrande og utviklande leiarstilling for deg som vil vera med og forme politiet for framtida • fast stilling som seksjonsleiar (SKO 0326) med funksjonstittel politiavdelingsleiar, med brutto årslønn på 840 000 kr. - 890 000 kr • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast • godtgjersle etter gjeldande ATB, som for tida er kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse • mogelegheit for trening i arbeidstida • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.