
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester · Bjørnafjorden
100% fast stilling i turnus ledig frå snarast Arbeidsstad Tilrettelagte tenester f.t Søfteland bufellesskap Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap ...
100% fast stilling i turnus ledig frå snarast
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester f.t Søfteland bufellesskap
Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Vi søkjer fagleg, engasjert og varm vernepleiar til 100 % fast stilling i turnus (ordinære dag- og kveldsvakter, samt langvakter på helg; m/arbeid kvar 4. helg). Stillinga inngår i ressursbemanninga i eininga; Tilrettelagte tenester. Dette betyr at din kompetanse kan bli brukt mellom dei ulike bufellesskapa.
Om arbeidsstaden
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene, for vaksne, omfatter ni bufellesskap og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca.10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge, vaksne, tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Vi vil kalla inn til intervju fortløpande og etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Bolig Moberg bufellesskap, har ledig 100% fast stilling frå sepember -26. Stillinga er i turnus med f.t ordinære vakter og med arbeidshelg kvar 3. helg. Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettingar, Tenesta består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter. Bolig Moberg er eit bufellesskap med 4 tenestemottakarar, med ulike behov for oppfølging, som alle er over 18 år. Vi har også ansvar for nokre andre heimebuarar med ulike behov for oppfølging. Boligen ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar • autorisasjon som vernepleiar /sjukepleiar, men vil også kunne vurdere miljøterapeutar. • erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa • erfaring med utfordrande åtferd. • god på relasjonsbygging, er tillitsfull og god på samhandling • sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert • lyttande og respektfull, både overfor brukarar og kollegaer Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyr • Ein meiningsfull jobb i eit trygt og utviklande fagmiljø • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar.For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester. Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag. Sjukepleiarar kan òg bli vurderte og oppstart er etter avtale. Om Prestbrekka bufellesskap Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag. Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Me legg vekt på samarbeid, fagutvikling og at medarbeidarane våre skal oppleve meistring og utvikling i jobben. Arbeidsoppgåver • fagutvikling, opplæring og rettleiing • utarbeide mål, planar og tiltak • arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 • leggje til rette for gode og individuelt tilpassa tenester • sikre god dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer • kartleggje behov og følgje opp tiltak • samarbeide med lege og spesialisthelsetenesta Kompetanse Me søkjer deg som er • Offentleg godkjent vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring er også velkommen til å søkje • har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • har gode datakunnskapar • har førarkort klasse B Det er eit føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar. Det er viktig at du har god fysisk helse og trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Kven er du? Me trur du vil trivast hos oss dersom du: • er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling • er trygg, roleg og tydeleg i møte med andre • er løysingsorientert og strukturert • er robust og stabil, og klarer å halde fast ved tiltak og struktur også når kvardagen er krevjande • byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar • ser verdien av målretta miljøarbeid og individuelt tilpassa tenester Me tilbyr • kr 50 000 i rekrutteringstilskot i 100% mot signert bindingsavtale i to år • kr 9 000 over grunnlønn i tariffavtale; løn: 554 400 - 648 900 etter din lønsansiennitet • langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg • årsturnus med moglegheit for innspel på arbeidstid • gratis parkering • godt fagmiljø og tett samarbeid med kompetente kollegaer • moglegheit for fagleg og personleg utvikling • god pensjonsordning
Om stillinga Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga. Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass! Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg. Oppstart er etter avtale. Om oss Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov, og er i tillegg base for personalet i eininga. Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre. Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiestudent og assistentar. Arbeidsoppgåver • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag! Krav til stillinga • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2. • Førarkort kl.B • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter. • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Ønskeleg kompetanse Det er eit føremon om du har: • Erfaring med Kap. 9 • Erfaring frå tilsvarande arbeid Kven er du? • Du har engasjement for faget og brukargruppa • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner • Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar. • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på. Me tilbyr • Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø der me tar deg godt imot! • 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar • Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400 • 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar • Gratis parkering • Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4.kvar helg • Gode forsikrings- og pensjonsordningar