
Bykle Kommune · Bykle
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- o...
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule får du ei sentral leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen, elevane og lokalsamfunnet.
Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule sentralt plassert i vakre Setesdal. Skulen har om lag 60 elevar og 19 tilsette, eit trygt og inkluderande læringsmiljø og eit engasjert fagmiljø som arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, trivsel og læring. Rektor har også ansvar for kommunen si vaksenopplæring.
Vi ønsker ein rektor som vil vidareutvikle skulen og vaksenopplæringa i tett samarbeid med elevar, deltakarar, tilsette, foreldre og lokalsamfunnet. Du får ei viktig rolle i kommunen sitt arbeid med å utvikle framtidas oppvekst- og opplæringstilbod, og blir ein del av eit tett og godt samarbeid med kommunalsjef, barnehage og dei andre leiarane i kommunen.
På Bykle barne- og ungdomsskule får du som rektor moglegheit til å påverke utviklinga av ein heilskapleg 1.–10. skule, samtidig som du har ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Du får leie eit kompetent fagmiljø, bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge og vere med på å utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet.
Hos oss får du:
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Praktisk informasjon
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no.
Bykle kommune som arbeidsgivar
Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, drift og utvikling -- i eit sterkt fagmiljø som satsar på meistring, kvalitet og ny teknologi. Avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap Vi treng ny avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap i 100% stilling, og søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar som vil vere med og vidareutvikle tenestene -- både fagleg og organisatorisk. Stillinga er ledig frå august. I Skjåk kommune arbeider vi aktivt for å utvikle framtidsretta helse- og omsorgstenester i takt med innbyggjarane sine behov. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit moderne bufellesskap personar med behov for tilrettelagde tenester. Meistring, kvalitet og gode individuelle løysingar står sentralt i arbeidet vårt. Vi er aktive i utviklinga av meistringsteknologi, og utforskar korleis teknologi kan støtte bebuarane si sjølvstende, tryggleik og deltaking i eige liv. Dette gir spennande moglegheiter for deg som leiar til å bidra i utviklingsarbeid. Om stillinga Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å sikre gode tenester til bebuarane våre og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging. Du samarbeider tett med tenesteleiar om dagleg drift, bemanning og utvikling av tenestene, og er stedfortredar ved fråvær. Stillinga er for tida dagarbeid. Arbeidsoppgåver • Leie og vidareutvikle avdelinga med fokus på meistring, kvalitet og gode tenester • Planleggje og sikre forsvarleg drift og rett bemanning i samarbeid med tenesteleiar • Følgje opp, rettleie og støtte fagansvarlege, samt samordne fagarbeidet • Sikre god dokumentasjon og ivareta journalansvar • Planleggje og gjennomføre opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 • Ansvar for relevante fagsystem • Leggje til rette for kompetanseutvikling og læring i avdelinga • Bidra til utvikling og bruk av meistringsteknologi • Samarbeide med helse- og omsorgstenester, skule, arbeidstilbod og spesialisthelsetenesta • Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, faglegheit og respekt • Andre oppgåver kan bli lagt til stilling Kvalifikasjonar • Relevant treårig høgskuleutdanning • Leiarerfaring er ønskjeleg • Erfaring frå arbeid med personar med samansette behov er ønskjeleg • Erfaring i arbeid med og kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • Førarkort klasse B • Godkjend politiattest Vi vektlegg • at du er tydeleg, trygg og engasjert i leiarrolla • at du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere medarbeidarar • at du er strukturert, fleksibel og utviklingsorientert • at du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • at du har evne til og er fleksibel i høve til omstilling • at du har god digital kompetanse og interesse for meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Kari Gjelbakken, telefon 45 34 39 53 Søknadsfrist 29.07.2026 Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Elektronisk søknadsskjema Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt. Vil du vite meir om Skjåk? Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no. Sletting av studielån Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Om stillinga Dreisen Vaksdal KF er ein arbeidsinkluderingsbedrift og tiltaksarrangør med tilrettelagde arbeidsplassar for personar som treng støtte for å koma i arbeid eller aktivitet. Føretaket har i dag 10 tiltaksplassar og 4 årsverk, og tilbyr arbeidsoppgåver innan ulike fagområde. Målet vårt er å skapa meistring, utvikling og arbeidsglede gjennom tilpassa opplæring og tett oppfølging. Vi er ein sentral samfunnsaktør i Vaksdal kommune, og arbeider etter verdiane våre: Meistring, utvikling og vekst. Drifta er sertifisert etter kvalitetsstandarden ISO 9001:2015, og vi er stolte av å levera tenester med høg fagleg kvalitet. Vi søker no ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vera med å vidareutvikla verksemda. Dersom du ønsker å bidra til inkludering og meistring, og trivst med å kombinera strategisk leiing og operativt ansvar, vil vi gjerne høyra frå deg! Les meir om oss på www.dreisen.no Arbeidsoppgåver Dagleg leiar har det overordna ansvaret for den daglege drifta av føretaket. Dette inneber å sikre at verksemda vert driven i tråd med gjeldande lovverk og regelverk innan rekneskap, økonomistyring og personalforvaltning. Rolla inneber òg ansvar for den strategiske utviklinga av føretaket, inkludert å sette relevante kvalitetsmål, og følge opp både årshjul og handlingsplanar. Dagleg leiar rapporterer direkte til styret. Krav til kompetanse • Høgare utdanning på minimum bachelornivå • Lang relevant leiarerfaring kan kompensera for manglande formell utdanning • Administrativ erfaring og god økonomisk forståing • Erfaring med kartlegging, arbeidsretta oppfølging og rettleiing • Kjennskap til og forståing for bruk av kvalitetssystem, gjerne ISO 9001 • God forståing for gjeldande lovverk, forskrifter og offentlege krav • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar • Strukturert, nøyaktig og pålitelig • Engasjert og ein pådriver for utvikling av foretaket • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Trygg og tydeleg i leiarrolla, med evne til å motivere andre Dreisen Vaksdal KF kan tilby • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø • Moglegheit til å påverke og ta del i ei spanande vidareutvikling av føretaket • Eit meiningsfullt arbeid med samfunnsnyttige oppgåver • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter avtale
Om stillinga Me søker akkurat deg, som ønskjer å leie ei viktig teneste for barn og familiar, saman med kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi søkjer no ein trygg, strategisk og relasjonelt sterk einingsleiar for barnevernstenesta si avdeling for mottak- og undersøking. Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for eininga, under dette personal-, økonomi- og fagansvar. Du leier ei avdeling med dyktige og erfarne tilsette, og vil ha ei sentral rolle i vidareutviklinga av avdelinga. I avdelinga er det også ein fagansvarleg, som saman med einingsleiar skal sikre høg fagleg kvalitet, gode arbeidsprosessar og kontinuerleg utvikling. Stillinga inngår i leiargruppa for barnevernstenesta, og gir høve til å påverke både strategiske val og den samla retninga til tenesta. Om oss Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland og er plassert i heilt nye flotte lokalar i Helsehuset i Knarvik. Barnevernstenesta består av tenesteleiar, stab, og dessutan i alt fire avdelingar: Mottak og undersøkingavdeling, Tiltaksavdeling, Fosterheim, Retteleingsavdeling og Miljøteam. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids- og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar, eigen psykolog og juristar. Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, og dessutan ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, tilsette i barnehage og skule, og førebyggjande helse. Barneverntenesta deltek i diverse prosjekt og har fokus på utvikling og kompetanseheving for kvar enkelt medarbeidar og tenesta som heilskap. Arbeidsoppgåver • Heilskapleg leiing av Avdeling for mottak - og undersøking. • Leiar for nyoppretta innsatsteam. • Personalansvar for tilsette i avdelinga • Økonomistyring og budsjettansvar • Overordna fagansvar og kvalitetssikring av tenesta • Vidareutvikling av struktur, samhandling og fagleg praksis • Bidra aktivt i leiargruppa til barnevernstenesta • Samarbeid med interne og eksterne aktørar Kvalifikasjonskrav • Sosialfagleg utdanning • Erfaring frå barnevernteneste Ønskede kvalifikasjonar: • Relevant leiarutdanning • Relevant leiarerfaring frå barnevernstenesta Kven er du? Vi søker ein leiar som • Er balansert, trygg og vedtaksfør • Har god arbeidskapasitet og evnar å handtere ei kompleks leiarrolle • Tenker strategisk og langsiktig • Har svært gode relasjonelle ferdigheiter, og skaper tillit og samarbeid • Er tydeleg i leiarrolla og samtidig inkluderande • Har evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar Me tilbyr • Ei meiningsfull leiarstilling i ei samfunnsviktig teneste • Kompetente, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar • Ein god leiarfellesskap og støtte i leiargruppa • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale Einingsleiar for mottak og undersøking vil ha ansvar for undersøkelser og akuttfasen i barnevernsakar, og får ei sentral rolle i å utvikle eit heilskapeleg samarbeid mellom mottak og undersøking, innsatsteam og akuttberedskap. Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med barnevernlova § 6-10, 1. ledd vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede