
Fjaler kommune Integreringstenesta · Fjaler
Fjaler kommune har ledig eit 100 % vikariat som konsulent i Integreringstenesta, med varigheit på inntil eitt år og moglegheit for forlenging. Fjaler kommune ...
Fjaler kommune har ledig eit 100 % vikariat som konsulent i Integreringstenesta, med varigheit på inntil eitt år og moglegheit for forlenging.
Fjaler kommune har busett nærare 120 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem.
Tenesta har i dag éi fast stilling i tillegg til den som no er lyst ut. Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling er næraste leiar og du vil ha kontorstad på kommunehuset i Dale.
Som integreringskonsulent hos oss, vil du ha tett samarbeid internt i Integreringstenesta og med andre tenester som vi samarbeider med. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid kan bli aktuelt i periodar.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg
Link til søknadsskjema: Søk her