
Gulen kommune · Gulen
Gulen kommune søker helsefagarbeidarar til faste helgestillingar i Sone BBD med fokus på tett tverrfagleg samarbeid og god oppfølging av brukarane.
Gulen kommune søker helsefagarbeidarar til faste helgestillingar i Sone BBD med fokus på tett tverrfagleg samarbeid og god oppfølging av brukarane.
Gulen kommune har ledig fylgjande helgestillingar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale:
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Fleire av studentane våre har fullført studier og skal over i nye stillingar. Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta aust og på korttids- og rehabiliteringsavdelinga i Time kommune. Avdelingane held til sentralt på Bryne og ligg i gangavstand til togstasjonen. Ønsker du eit godt arbeidsmiljø med mange læremoglegheiter er dette plassen for deg. Me tilbyr gode studentordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar. Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen. Kortids- og rehabiliteringsavdelingen: Avdelinga ligger i 2. etasje på Sivdameheimen og har 24 plasser. Me har lindrande senger ved avdelinga og dyktige dedikerte medarbeidarar. Det er stor variasjon i pasientgruppa. Me har ledig fast helg med arbeid dag og kveld kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver - Pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim og på avdeling. - Oppfølgning av ernæring - Legemiddelhåndtering - Dokumentasjon etter lov og forskrift - Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer - Turnus med arbeid kvar 3. helg. Kvalifikasjonar - Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar - Sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka. - Studentar og elevar med anna relevant bakgrunn vil verta vurderte - Erfaring frå heimeteneste og rehabilitering vert lagt vekt på Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Du må vera over 18 år. Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i heimetenesta. Det er krav om politiattest. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring. Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst. Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet. Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vert vektlagd. Vi tilbyr - Gode pensjonsordningar - Løn etter tariff/avtale - Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø - Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling - Gode stipendordningar for sjuke- og vernepleiestudentar. Fast stilling 14-21 % dag og kveld 3. kvar helg. Ønsker du å få eit innblikk i vår kvardag sjå filmen vår under her: https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02 Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonJeanette Øyen, Avdelingsleiar heimetenesta aust, 45204744, jeanette.oyen@time.kommune.no Anlaug Øie, Avdelingsleiar kortids- og rehabiliteringsavdelinga, 47628866, anlaug.oie@time.kommune.no ArbeidsstadRøyrvika 12 4340 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5151980713 Stillingsprosent: 14% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026
Skei bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming. Tenestene inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivets funksjonar som ernæring/ hygiene, sosiale ferdigheiter og aktivitetar. Personalbasen er nær knytt opp til bufellesskapet med 7 leilegheiter. Vi vil at våre tenester skal gje dei som bur her gode opplevingar, meiningsfulle aktivitetar og trygge dagar og netter. Vi ser etter deg som vil vere med på dette. Vi har ledig faste stillingar: • 1x 80% nattevakt frå 01.10.26 • 1x 20% helgestilling kvar 3.helg frå snarast • 1x 25% helgestilling kvar 4.helg i langvaktturnus frå snarast Utdanningskrav: • til nattevaktsstillinga: helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning • til helgestillingar: fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar • studentar som tar relevant helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning • vi oppmodar og andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid om å søkje, om du ikkje har relevant utdanning til stillingane, tilset vi i mellombelse stillingar Studentar som tek vernepleie- eller sjukepleiarutdanning har eiga lønnsramme med stigande løn under studiet. Vi søker deg som: • har ynskje om og glede av å arbeide med menneske med samansette behov • er ein pådrivar til å motivere og aktivisere brukarane, og som trivst å vere ute og vere fysisk aktiv • er roleg og kan handtere krevjande situasjonar • har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig • har gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode Krav til søkar: • godkjent politiattest av ny dato • fordel med førarkort for bil • er god i norsk, munnleg og skriftleg • personlege eigenskapar vektast høgt Velkomen som søkar! Du må søke elektronisk! Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blirgjortunntaksvisog du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her
Helsefagarbeidar\sjukepleiar-\vernepleiarstudent\assistent Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta. Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje. Dersom den som får stillinga ikkje har relevant utdanning, er det forventa at vedkommannde byrjar på utdanning som helsefagarbeider innan to år frå oppstart i stillinga. Ein arbeider gjennomsnittleg kvar 4. helg med langvakter på 13,5 timar, med ordinær kveldsvakt på fredag når det er arbeidshelg, noko som tilsvarar ein 24 % helgestilling. Det vil også vere gode moglegheiter for å jobbe i feriar og høgtider. Stillinga er ledig frå 01.09.26 - 01.09.27, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing. Om arbeidsstaden Pleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova. Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar. Avdelingane er lokalisert på Boknatun. Arbeidsoppgåver i stillinga • Ordinære helsefagarbeidaroppgåver • Utlevering av medisiner (må ha medikamentkurs) • Stell og pleie • Halde seg fagleg oppdatert • Veiledning til pasientar og pårørande • Tverrfagleg samarbeid • Tillitsskapande miljøarbeid • Ha fokus på bruk av velferdsteknologi Kompetansekrav • Offentleg godkjent helsefagarbeidar • Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Evne til å motivere og engasjere • Initiativrik og fleksibel • God samhandlingskompetanse • Kunne arbeide sjølvstendig og i team • Trivast med å arbeide med mennesker • Godt humør og løysningsorientert • Handtere travle arbeidskvardagar • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Arbeidsgjevar tilbyr • Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale • Innmelding i pensjonskasse • Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer • Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling Kvar skal du sende søknaden? Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger" Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her