
Hå kommune Stokkalandsmarka barnehage · Hå
Me søkjer ein engasjert og dyktig pedagogisk leiar som ønskjer å gjera ein forskjell i barna sine liv. Hos oss får du vera med på å leggja grunnlaget for leik, ...
Me søkjer ein engasjert og dyktig pedagogisk leiar som ønskjer å gjera ein forskjell i barna sine liv. Hos oss får du vera med på å leggja grunnlaget for leik, læring, utvikling og gode opplevingar i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Stillinga me lyser ut er 100% fast stilling.
Kven er du?
Du er ein trygg og varm vaksen som ser kvart enkelt barn og møter dei med respekt, omsorg og engasjement. Du veit at leiken er barna sin viktigaste læringsarena, og du er aktivt til stades i leik og samspel.
Du brenn for å skapa gode relasjonar og bidra til eit miljø der alle barn opplever meistring, tilhøyrsle og glede. Samtidig er du fagleg nysgjerrig, samarbeidsorientert og trygg i møte med både føresette og kollegaer.
Som pedagogisk leiar tek du ansvar, viser initiativ og bidreg til utvikling av både barn, medarbeidarar og barnehagen som organisasjon.
Om Stokkalandsmarka barnehage
Stokkalandsmarka barnehage er ein moderne kommunal barnehage med lyse og gode lokale. Me har flotte fasilitetar som gymrom, formingsrom, arbeidsrom og baderom som gir gode moglegheiter for leik, læring og utforsking.
Barnehagen ligg i eit område med nærleik til naturen og spennande leikeområde som me nyttar aktivt gjennom året. I tillegg skal uteområdet vårt fornyast i næraste framtid, noko som vil gi endå fleire moglegheiter for aktivitet og utforsking.
Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar i ulike aldrar og med ulik erfaring. Me legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel, og arbeider for at alle skal oppleva meistring og arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver
Ha ansvar for omsorg, trivsel og utvikling for det enkelte barn og barnegruppa
Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
Planleggja, gjennomføra, dokumentera og evaluera pedagogisk arbeid
Vera ein tydeleg pedagogisk leiar og rollemodell
Rettleia og støtta medarbeidarar i det daglege arbeidet
Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø
Byggja gode relasjonar og leggja til rette for eit godt samarbeid med føresette
Halda deg fagleg oppdatert og dela kompetanse med kollegaer
Kvalifikasjonar
Godkjend utdanning som barnehagelærar
Norskkunnskapar i tråd med krav i barnehagelova (minimum A2 skriftleg og B1 munnleg)
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Me tilbyr
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Dyktige og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre
Eit sterkt fagleg fellesskap med fokus på utvikling og læring
Fagleg oppfølging gjennom Hå kommune sine lærande nettverk og rettleiing for nyutdanna
Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert fritidsulukkesforsikring
Lønn etter Hå kommune sitt lønns- og stillingsregulativ
Vil du bli ein del av laget vårt?
Dersom du ønskjer å bidra til at barna får ein trygg, lærerik og minnerik kvardag, håpar me å høyra frå deg.
Velkomen som søkjar til Stokkalandsmarka barnehage! ????⭐
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kvam brann og redning søkjer brannkonstabel til deltidsstyrka vår. Bakgrunnen for utlysinga er naturleg avgang frå deltidsstyrken. Me søkjer difor ein ny brannkonstabel til Norheimsund brannstasjon som ønskjer å bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og vera ein del av den operative beredskapen i Kvam brann og redning. Me ser etter personar som har rett haldning, ønskjer å utvikla seg og vil vera med på å skapa ein trygg kvardag for innbyggjarane i Kvam. Erfaring frå brann- og redningsteneste er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode føresetnader for å gjennomføra nødvendig opplæring. Berre søkjarar som oppfyller krava til bustad, innsatstid og tilgjengelegheit kan tilsetjast. Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik. Les meir om oss her:Kvam brann- og redningsvesen Arbeidsoppgåver Som brannkonstabel deltek du i den operative beredskapen i Kvam brann og redning. Du vil vera ein del av innsatsstyrken ved brann, trafikkulykker, redningsoppdrag, akutte forureiningssituasjonar og andre beredskapshendingar. Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna: • delta i operativ innsats ved brann-, rednings- og beredskapshendingar • delta i vaktordning og vera tilgjengeleg for utrykking i samsvar med gjeldande vaktordning • delta på øvingar, kurs og anna nødvendig opplæring • halda ved lag nødvendig kompetanse og vera fysisk skikka for stillinga • bidra til vedlikehald og kontroll av materiell, utstyr og køyretøy • delta i førebyggjande og beredskapsrelatert arbeid når dette er aktuelt • samarbeida med kollegaer og andre naudetatar under øving og innsats • vera ein god representant for Kvam brann og redning For stilling ved Norheimsund inngår stillinga i heimevakt etter gjeldande vaktordning (heilkontinuerlig turnus kvar 4. veke) Kvalifikasjonar For å kunna tilsetjast må søkjaren oppfylla gjeldande krav etter brann- og redningsvesenforskrifta og interne krav i Kvam brann og redning. Me ser etter søkjarar som har: • fullført vidaregåande opplæring eller relevant yrkeserfaring • bustad innanfor fastsett innsatstid til aktuell brannstasjon • skriftleg løyve frå hovudarbeidsgjevar dersom dette er naudsynt • vilje til å gjennomføra lovpålagd opplæring og øving • god fysisk og psykisk helse, og vera fysisk og psykisk skikka til å utføra alle operative oppgåver som funksjonen krev. Det vert stilt fysiske krav til tenesta som må oppfyllast, mellom anna for røykdykkarteneste, arbeid i høgda og arbeid i tronge rom. • symjedugleik • førarkort klasse B • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • plettfri vandel. Den som vert tilsett, må vera førebudd på å leggja fram utvida politiattest før oppstart i stillinga Det vil telja positivt om du har: • førarkort klasse C, eller vilje til å ta dette for eiga rekning • utrykkingskompetanse (kode 160) • erfaring frå brann- og redningsteneste, industrivern eller anna operativ verksemd • dagleg arbeidsstad innanfor eller i nærleiken av innsatsområdet til Norheimsund brannstasjon er ein føremon • relevant fagbrev eller anna praktisk bakgrunn For kandidatar som manglar enkelte kvalifikasjonar kan det bli utarbeidd ein individuell opplærings- og kompetanseplan. Naudsynleg opplæring er eit sentralt krav, og du må vera førebudd på å be om fri/permisjon frå ditt faste arbeid for å gjennomføra deler av denne. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på. Me ser etter deg som: • tek ansvar og samarbeider godt med andre • held roa og tek gode avgjerder under press • er praktisk, løysingsorientert og lærevillig • kommuniserer tydeleg og viser respekt for andre • følgjer rutinar og har fokus på HMS • bidreg til god lagånd og samarbeidar godt i team • opptrer med høg etisk medvit og gode haldningar • er empatisk, open og møter andre med respekt • ønskjer å utvikla deg fagleg og bidra positivt i laget Som brannkonstabel er du ein viktig del av den kommunale beredskapen. Me ser etter personar med gode haldningar som tek ansvar, viser omsorg for andre og bidreg til eit trygt, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø. Praktisk informasjon om stillinga Vilkår for funksjonen For å kunna stå i funksjonen som brannkonstabel må alle krav til kompetanse, skikka for stillinga, bustad, innsatstid, tilgjengelegheit, førerett og operativ teneste vera oppfylte både ved tiltreding og gjennom heile tilsetjingsforholdet. Brannkonstablar i Kvam brann og redning er ein del av den operative innsatsstyrka, og røyk- og kjemikaliedykkarteneste er ein forventa del av funksjonen. Den som vert tilsett må difor til ei kvar tid oppfylla gjeldande krav til helse, fysisk kapasitet og skikkaheit for røyk- og kjemikaliedykkarteneste, og gjennomføra naudsynte testar, øvingar og helseundersøkingar i samsvar med gjeldande regelverk og interne rutinar. Den som vert tilsett har ansvar for å halda ved lag dei føresetnadene som ligg til grunn for tilsetjinga. Dersom forhold som bustadadresse, arbeidsstad, tilgjengelegheit, helse, førerett eller andre forhold endrar seg på ein måte som kan påverka evna til å oppfylla krava til funksjonen, skal dette meldast til arbeidsgjevar utan ugrunna opphald. Dersom føresetnadene endrar seg, kan dette få betydning for om den tilsette framleis kan stå i funksjonen. Arbeidsgjevar vil då gjera ei konkret og individuell vurdering av om føresetnadene for stillinga framleis er oppfylte, og om funksjonen kan utførast på ein forsvarleg måte. Me tilbyr: • ei viktig rolle i eit meiningsfullt samfunnsoppdrag • eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer • opplæring, øving og kontinuerleg kompetanseutvikling • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver • eit godt kollegialt miljø med sterkt samhald og felleskap • løn og godtgjersle etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • moglegheit til å utvikla deg vidare innan operativ beredskap og andre fagområde i brann- og redningstenesta Målet vårt er å utvikla trygge, kompetente og engasjerte brannkonstablar som er godt førebudde når det verkeleg gjeld. Mangfald Kvam brann og redning arbeider for eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Alle kvalifiserte søkjarar vert vurderte ut frå kompetanse og personlege eigenskapar innanfor gjeldande krav til stillinga. Me ynskjer særleg fleire kvinner i den operative beredskapen og oppmodar difor kvinner til å søkja. Generell informasjon: • Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via Webcruiter innan søknadsfristen. • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. KontaktinformasjonTorleif Ones, Leiar Kvam brann og redning, +47 901 46 975 ArbeidsstadSteinsdalsvegen 110 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5152014050 Stillingsprosent: 2,64% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i kommunen er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Arbeidsstad: Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2026 - 2027 er det om lag 155 kjekke elevar, og eit engasjert og stabilt personale med sterkt fokus på å skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for alle elevar. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing. Arbeidsoppgåver: - Kontaktlærarfunksjon - Individuelt tilrettelagt opplæring - Ordinær undervisning i klasse eller i gruppe - Samarbeid med foreldre, PPT, BUP og med fleire Skulen har behov for kompetanse innan: individuelt tilrettelagt opplæring, norsk, samfunnsfag, KRLE og kroppsøving. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Tilsette må kunne fungere som kontaktlærar. Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer Kvalifikasjonar: - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HR-dir. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Vi tilbyr: - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen - For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen? Me søkjer ein blid og kvikk medarbeidar som er sjølvstendig og fleksibel i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO. Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar, gjerne med utgangspunkt i eigne interesser og ferdigheiter. Vår SFO brukar hobbyane og interessene til dei tilsette som eit utgangspunkt for aktivitetar for barna på SFO. For oss er det viktig at alle barn opplever inkludering i felleskapet, og me har fokus på mangfaldet i barnegruppa. Hos oss er alle barn velkomne. Det er viktig at vaksne som jobbar i SFO deler dette synet på barn og inkludering. I Klepp kommune er me opptekne av “med blikk for alle”, og me vektlegg at me er gode rollemodellar for barna og har eit godt foreldresamarbeid. Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar med stort fagleg engasjement, som vil vera med å bidra i eit læringsmiljø der barns trivsel og utvikling er i fokus. Arbeidsoppgåver • Gje omsorg og skapa trivsel • Bidra til den sosiale utviklinga og trivselen til barna • Rettleia barn i leik og fritidsaktivitetar inne og ute • Skapa eit trygt og positivt miljø for barn, føresette og kollegaer • Byggja gode relasjonar med barna og hjelpa barna til å byggja relasjonar med kvarandre • Bidra i planlegginga av innhaldet i SFO i tråd med rammeplanen • Gjennomføra aktivitetar med barnegrupper Kvalifikasjonar • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav • Relevant erfaring og kompetanse kan kompensera for manglande utdanning • Meistra norsk på eit godt nivå. Du bør ha bestått språktest nivå B1 • Utviklingsorientert og samarbeidsorientert • Attester og vitnemål • Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar • Positivt syn på barn og inkludering • Ein god støttespelar for utviklinga til barna gjennom leik og læring • Du må vera ein trygg vaksen og ein god rollemodell for barna, som evnar å setja grenser med varme og omsorg • Positiv, engasjert og reflektert • God til å kommunisera og samarbeida med andre • God til å byggja relasjonar • Du må like å vera ute i alle årstider • Du må vera aktiv og leiken i samspel med elevane Vi tilbyr • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og kvardagar • Medråderett, medansvar og rettleiing Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar. KontaktinformasjonBirgit Ute Strand, Sfo-leiar, 91599676 Randi Harveland, rektor, +47 41292877 ArbeidsstadSkogvegen 26 4353 Klepp Stasjon Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5150872003 Stillingsprosent: 40% Vikar Startdato: 08.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 03.08.2026