
Natt team, Haram kommune, indre · Haram
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på ...
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.
Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
Vi tilbyr
Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no
Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 45500844, malin.vatnehagen.stokke@haram.kommune.no
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5149373377
Stillingsprosent: 62,56%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 27.07.2026
Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver • Helsefaglege oppgåver. • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar. • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Personlege eigenskapar • I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Godt humør og positiv framtoning. • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme. Vi tilbyr • Tverrfagleg samarbeid. • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. • Gode turnustekniske løysingar. • Løn etter tariff. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kontaktinformasjon Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 47516769, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no Arbeidsstad Trolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5151450725 Stillingsprosent: 65% Fast Søknadsfrist: 27.07.2026
Om stillinga og arbeidsstaden Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet, har ledig 1 x 87 % fast våken nattevakt stilling som miljøterapeut, med arbeidshelg kvar 3. helg, samt at ein har vakter i turnus som ein får vere med ungdomane på dag/kveld. Vi har også ledig 25 % helgestilling, som jobbar kvar 4. helg. I noverande turnus har vi 5 tilsette på dagtid, 5 tilsette på kveld og to vakne + ein kvilande nattevakt. Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Bregnetunet tek imot plassering etter bvl. §§ 6-1 og 6-2. Bregnetunet ligg sentralt i Sunnfjord kommune med nærleik til eit variert fritidstilbod, som er ein viktig del av den miljøterapeutiske oppfølginga av ungdomane våre. Sogn og Fjordane ungdomssenter gir omsorg og oppfølging til ungdom som treng plassering utanfor heimen. Arbeidet er forankra i traumebevisst omsorg, miljøterapi og relasjonsbygging, med mål om å styrkje ungdom si sjølvkjensle, sjølvregulering og evne til å skape gode relasjonar og ta gode val. Som miljøterapeut arbeider du målretta med fagleg oppfølging av ungdomane, både sjølvstendig og i team, i tråd med gjeldande faglege retningslinjer. Vi er stolte av vårt viktige samfunnsoppdrag og arbeider aktivt med utvikling og endringsarbeid for både ungdom og tilsette. Du kan lese meir om oss på heimesida : Sogn og Fjordane ungdomssenter | Bufdir Grunna behov for kjønnsbalanse i personalgruppa oppmodar vi menn til å søkje. Det kan også verte ledig vikariat. Arbeidsoppgåver • Du deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane. • Du deltek i fagmøter og rettleiing. • Du utfører praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane. • Du utfører rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. • Du deltek i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon. • Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen. • Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, politiet, kriminalomsorg, konfliktrådet, skule og helse (BUP). Kva bakgrunn har du? • Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkare med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykologi eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning. • Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast. • For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd. • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid. • God kunnskap i bruk av IT-verktøy. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. • Krav om førarkort for personbil. Kven er du • Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssituasjonar og andre fysisk og psykiske krevjande oppgåver. • Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar. • Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer. • Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting. • Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar. • Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne kjensler hindrar utvikling for ungdomen. • Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien. • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring. • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet. • Du tar ansvar har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team. • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding. Vi tilbyr Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Du vil få rettleiing og jobbe saman med støttande kollegaer i ein meiningsfull kvardag, med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Hos oss får du vere med på å vidareutvikle tilbodet til barn, unge og familiar – eit arbeid vi meiner har stor verdi i seg sjølv. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Løn - og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring: • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år. • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år. • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000 – 690 000 pr. år. • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000. Opplysningar til deg som søkjar • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet. • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden. • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge. • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok. • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. • For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Om stillinga og Nordhordland legevakt Vi har no ledig ein fast 23 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt. Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus. Arbeidsoppgåver • Mottak og triagering av pasientar • Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege • Prøvetaking og laboratoriearbeid Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc) Kvalifikasjonskrav • Autorisert sjukepleiar • Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke • Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2027 kan vurderast til stillinga Kven er du? • Du har interesse og motivasjon for arbeid på legevakt • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team • Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver Vi tilbyr • Fagleg spennande og utfordrande oppgåver • Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen • Godt arbeidsmiljø Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse • helse- og omsorgstenestelova § 5-4