
Helse og omsorg · Kvam
Er du vår nye leiar? Me treng ein framtidsretta leiar for dagaktivitetstilbodet i helse og omsorg. Kommunen satsar på dagaktivitet og vil samla ansvaret for ...
Me treng ein framtidsretta leiar for dagaktivitetstilbodet i helse og omsorg. Kommunen satsar på dagaktivitet og vil samla ansvaret for dette under same leiar. Leiaren får ansvar for å drifta og utvikla alle dagsentera i kommunen.
Dagaktivitetstilbodet har ei nøkkelrolle for at eldre kan bu heima lengst mogleg og for å førebyggja einsemd og passivitet.
Avdeling for personar med utviklingshemming held til på Nordtunet ved Øysteseheimen. Her gjev ein dagaktivitetstilbod til personar som ikkje kan nyttiggjera seg av tilrettelagte arbeidsplassar. Aldersgruppa på Nordtunet er frå omlag frå 20- 70 år. Det er dagaktivitetstilbod for eldre i Ålvik, Øystese og Strandebarm.
Leiaren må vera tydeleg i sine prioriteringar for åra framover, og det vil verta stilt krav og forventningar til mål og resultat for tenesta. Som leiar skal du sørgja for gode tenester til eldre heimebuande, personar med demens og personar med utviklingshemming. I tillegg vil ein ha rolla som leiar for hukommelsesteamet i heradet. Hukommelseteamet opplever ein auke i tal henvisningar og skal bistå med kartlegging og vurdering iht. mistanke om demens eller annan kognitiv svikt.
Kvalifikasjonar
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Vår nye leiar må vera trygg i faget sitt, og ha god kunnskap om brukargruppene.
Me tilbyr
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, natt- tenesta og dagaktivitetstilbod, 948 86 215
ArbeidsstadSkårdalsvegen 20
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5078390726
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Dagaktiviteten er eit viktig førebyggjande og helsefremjande tilbod som skal bidra til meistring, sosial deltaking og gode dagar for våre brukarar slik at dei kan bu lengst mogleg i eigen heim. Tilbodet lokaliseres på to lokasjonar: Ølen omsorgssenter: • Dagtilbod for eldre heimebuande fire dagar per veke. Vindafjordtunet, to grupper: • Dagtilbod for personar med kognitiv svikt fire dagar per veke • Dagtilbod for eldre heimebuande to dagar per veke. Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar vil du ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for drift og utvikling av dagaktivitetstilbodet. Du vil og vera ein synleg leiar som er tett på både medarbeidarar, brukarar og pårørande. Stillinga er på dagtid og inneber oppmøte ved begge sentra etter behov. Ein dag per veke er satt av til administrative oppgåver, med det må og reknast med administrative arbeidsoppgåvar på andre dagar. Kva får du jobba med hos oss? • Fagleg leiing og vidarutvikling av dagaktivitetstilbodet i tråd med brukarane sine behov. • Personalansvar for tilsette ved dagaktiviteten. • Ressursstyring, turnusplanlegging og fordeling av personalressursar mellom gruppene. • Planlegging, koordinering og gjennomføring av aktivitetar. • Samarbeid og dialog med brukarane og pårørande. • Plangegging og koordinering av køyreruter i samarbeid med sjåførar og frivillige. • Delta og bidra til tverrfagleg samarbeid med mellom anna heimetenesta, tenestekontoret, nettverk og hukommelsesteamet. • Sikra fagutvikling og god drift av tenesta. Me kan tilby: • Ein jobb der du får høve til å vera med på og utvikla framtidas dagaktivitetstilbod for eldre og personar med kognitiv svikt. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lukkast. • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Du må beherska godt norsk og kommunisere tydeleg og godt både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. • Førarkort klasse B • God digital kompetanse • Erfaring frå arbeid med eldre og/eller personar med kognitiv svikt er ønskjeleg • Erfaring med leiing, koordinering eller fagutvikling er ein fordel Personlege eigenskapar: Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ønskjer ein medarbeidar som: • Er trygg, tydeleg og inkluderande i leiarrolla • Har gode sammarbeidsevner og relasjonskompetanse • Er strukturert og har god gjennomføringsevne • Er fleksibel og løysingsorientert • Har evne til å motivere og engasjere brukararne og medarbeidarane • Er engasjert i fagutvikling og ser mogeligheitar for vidare utvikling av dagaktivitetstilbodet • Har interesse for aktivitet, meistring og livskvalitet for eldre. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg! I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet. Arbeidsoppgåver Kjerneoppgåver i eininga • Remittering • Fakturering og purring • Fakturamottak • Avstemming av bankkonti og balanse • Anleggsmodul • Rapportering til myndigheitene (mva, KOSTRA mm) • Brukaradministrasjon i ERP-system, administrator betalingsløysingar • Brukarstøtte og saksbehandling i supportsystem • Periode- og årsoppgjer Arbeidsoppgåver Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet. • Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar • Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet • Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor • Kontaktperson for bankavtale og inkassoleverandør Kvalifikasjonar • Høgare økonomisk utdanning, minimum på bachelor-nivå • Erfaring frå rekneskapsarbeid i ei stor og kompleks verksemd • Relevant leiarerfaring – gjerne frå ei operativ leiarrolle • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel • Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du er en leiar som • Er operativ og til stades – du er ikkje redd for å ta tak i oppgåvene der det trengst • Har gode samarbeidsevner og skapar eit godt arbeidsklima • Har gjennomføringsevne og evnar å prioritere riktig • Er analytisk og strukturert i arbeidsforma • Evnar å skape tillit og aksept i organisasjonen • Har personleg integritet • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg • Identifiserer deg med verdiane våre: kompetent, open og modig Vi tilbyr Hos oss får du: • gode moglegheiter for fagleg utvikling • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor ( ta vekk det som ikkje passar) • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kvifor velje oss? • Fagleg sterkt miljø – bli ein del av eit kompetent rekneskapsteam med høg fagleg integritet • Digital kvardag – vi har implementert moderne system og jobbar kontinuerleg med å utnytte dei fullt ut og forbetre prosessane • Tett samarbeid – du samarbeider med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og IKT • Påverknadskraft – du får reell innverknad på korleis rekneskapsfunksjonen utviklar seg • Leikanger ved Sognefjorden – ein flott kontorstad med gode pendlarmoglegheiter KontaktinformasjonLinda Mæland Nipen, Seksjonsleiar, +47 41530118 ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5149968771 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining. Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet. Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast. Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for: • Fagleg og administrativ leiing av kontoret. • Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø. • Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar. • Samarbeid med deltakarkommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar. Arbeidsoppgaver • Leiing og personalansvar for medarbeidarane ved kontoret. • Fagleg ansvar for tilsyn etter forureiningsforskrifta. • Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, inkludert pålegg, vedtak og oppfølging. • Utarbeiding og oppfølging av tilsynsplanar, årlege prioriteringar og rapportering. • Bidrag til at kommunane når målet om full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med krav i vassforskrifta/EUs vassdirektiv. • Dialog og rettleiing overfor anleggseigarar, konsulentar og entreprenørar. • Samhandling med vassområdekoordinator og bidrag til heilskapleg vassforvaltning i regionen. • Budsjettoppfølging og forvaltning av sjølvkostfinansiert gebyrordning. Kvalifikasjoner • Relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan miljøteknikk, VA, naturforvaltning, bygg/tekniske fag eller tilsvarande. • God kjennskap til eller erfaring med forureiningslova og forureiningsforskrifta. • Erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn, saksbehandling eller myndigheitsutøving. • Leiarerfaring eller dokumentert evne til å leie faglege prosessar og team. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for formell utdanning. Personlige egenskaper • Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla som myndigheitsutøvar. • Har god rolleforståing og høg grad av integritet. • Evnar å kombinere fagleg tyngd med god dialog og rettleiing. • Er samarbeidsorientert og trivst i eit interkommunalt fagmiljø. • Har gjennomføringsevne og trivst med å byggje opp nye strukturar. Vi tilbyr • Ei fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling. • Moglegheit til å byggje opp og forme eit nytt interkommunalt fagmiljø. • Stabil arbeidsgjevar og ryddige offentlege rammevilkår. • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. • Fleksibel arbeidstid. • Tenestebil til bruk i feltarbeid. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonAslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675 ArbeidsstedSentrum 18 4745 Bygland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5154796951 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026