
Kvinnherad kommune Husnestunet · Kvinnherad
Sjukepleiar - 80% fast Nattevakt - med rekrutteringstilskot Nattevaktene sør søkjer ny kollega - Arbeidsstad: Husnes/Halsnøy • Rekrutteringstilskot på kr. ...
Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene sør i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.
På natt gir vi tenester til fleire einingar og brukargrupper. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan anna relevant helsekompetanse bli vurdert.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.
Vil du bli vår nye kollega?
Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vera med og gje eldre ei trygg, verdig og fagleg god omsorg? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til 80 % fast nattstilling i turnus ved Rosendalstunet med oppstart 1. september 2026. Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre. Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse. Arbeidsoppgåver • Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientar • Stell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleia • Utføra faste tilsyn hjå heimebuande brukarar • Delta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmar • Legemiddelhandtering • Dokumentasjon og oppfølging av tenestene • Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskrav • Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer • Rettleiing av studentar og elevar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein medarbeidar som: • Er fleksibel og løysingsorientert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Kan arbeida sjølvstendig og strukturert • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer • Godt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utvikling • Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP • Moglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglar • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage • Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag Ekstra fordel for deg som bur i Kvinnherad Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån. Meir informasjon Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet Politiattest Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk. Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten? På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset. Vi søkjer ein vernepleiar/sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast! Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Vi jobbar med ulike typar forbetringsarbeid, og har fokus på ernæring og aktivitet for pasienten. Vi styrker den faglege kompetansen med diskusjonar og internundervisningar. Vi øver kvar veke på MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for å førebygge og handtere aggresjons- og valdsproblematikk. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med. På grunn av utfordrande og krevjande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. 👉 Søk no og bli med på laget vårt! Kva går jobben ut på? • Sjukepleie og behandling tilpassa pasientens individuelle behov. • Ansvarsvakt i eininga. • Legemiddelhandtering. • Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp. • Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik. • Handtering av utfordrande åtferd. • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring. • Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus. • Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: • er robust og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik • er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient • arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver • trivst i eit aktivt og travelt miljø • samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • etterspør rettleiing og er lojal til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? • Du får sikkerheitstillegg på kr 7 300 per år – som aukar til kr 10 700 etter to år. • Etter eitt år får du ei ekstra friveke. • Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring. • Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke. • Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad. • Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø. • Moglegheit for langvakter kvar 4. helg eller normalvakter kvar 3. helg. • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. • Statens lånekasse slettar 25 000 kr av studielånet ditt etter at du har budd i Kvinnherad kommune i minimum 1 år. KontaktinformasjonLiv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483, liv.rose.olderkjer.larsen@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5149980935 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Då kan du vere med å gjere ein forskjell når det betyr som mest. Hos Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg. Her får du moglegheita til å utvikle deg, lære nytt og bli ein del av eit inkluderande team som alltid set pasienten først. 👉 Søk no og bli med på laget vårt! Kva går jobben ut på? • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient. • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar. • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten. • Utforme behandlingsplanar. • Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke". • Rettleingsansvar for studentar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • Er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient. • Taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning. • Trivst i eit aktivt og travelt miljø. • Er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg. • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig. • Etterspør rettleiing. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer. • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs. • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke". • God opplæring, internundervisning og rettleiing. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden. KontaktinformasjonMerete Gravdal, Funksjonsleiar, merete.gravdal@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5146539754 Stillingsprosent: 100% Vikariat Sluttdato: 30.05.2027 Søknadsfrist: 02.08.2026