
Kviteseid kommune · Kviteseid
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag? Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg...
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag?
Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt?
Då ynskjer me at du søkjer!
Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d.
Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand.
Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag.
Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268
ArbeidsstadKviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5121571680
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Om stillinga Modalen kommune har ledig ein fast stilling på inntil 100 % i pleie- og omsorgstenesta! Er du autorisert sjukepleiar eller vernepleiar? Vi søkjer deg som er interessert i å jobbe i eit tverrfagleg og oversikteleg miljø, med stort bredde i oppgåver og få brukarar. Her får du tid til å bli godt kjent med kvar enkelt og følgje desse tett opp i samarbeid med dyktige kollegaer. Vi søkjer deg som kan bidra til eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og kollegaer. Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og er både institusjon og base for heimebaserte tenester. Der er i snitt mellom 6 - 10 bebuarar, samt eit aukande tal brukarar som får tenester levert i heimen sin. Hos oss vil ein raskt få god oversikt over- og kontakt med tenestemottakarar både i insitusjonen og heimebuande. Arbeidsteamet rundt pleie- og omsorgstenestene består av dyktige kollegaer som vil ønskje deg velkommen som ein viktig del av arbeidsfellesskapet. Det er ellers korte linjer i organisasjonen vår, då pleie- og omsorgsleiar sit i utvida strategisk leiargruppe saman med rådmann. Arbeidsoppgåver og ansvar • Dagleg heilheitleg oppfølging av både heimebuande og bebuarar på Modalstunet som mottek pleie- og omsorgstenester • Planlegging og evaluering av tenesta • Medansvar for utarbeiding og utvikling av system for å sikre brukarane sine rettar og moglegheiter • Bidra til å styrkje pasientsikringa • Bidra til at tenesta tek i bruk aktuelle digitale verktøy i drifa • Ansvarsoppgåver knytt til fagutvikling i personalgruppa • Delta i årsturnus; todelt turnus med langvaktar, men kan pårekne seg evt. noko natt. Tilpassing av langvaktar og evt. nattevaktar skjer i nærare dialog med deg og hovudtillitsvalde, og det vert jobba for å legge til rette for friperiodar i turnus. Kvalifikasjonskrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Sertifikat klasse B, for å kunne levere tenester til heimebuande • Norskkunnskaper min. nivå B1 • Grunnleggjande kompetanse på å ta i bruk digitale verktøy for å kunne planlegge for- og sikre at tenesta bruker desse på rett måte • Gyldig politiattest må leggjast fram før ein tek til i stillinga. • Det er eit føremon at du utviser god tolmod, samarbeidsevner og å kunne vere reflektert over rolla i samhandling og oppfølging av brukarar, pårørande og kollegaer. Personlege eigenskaper vert vektlagt. Våre ynskje om deg Vi ser etter deg som: • er fagleg nyfiken, glad i å drøfte faget ditt og oppteken av å bidra til kvalitetsforbetring i tenesta • er raus, utviser tolmod og er omgjengeleg • er oppeteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø • har høg gjennomføringsevne og ansvarskjensle i ord og handling • er reflektert og opptatt av god samhandling på tvers og bidrar til å få fram det beste i dei møter; både brukarar, pårørande og kollegaer • har eit særleg engasjement for å møte brukarar der dei er, viser omsorg og toleranse, og bidrar til eit positivt engasjement i miljøet. Me tilbyr • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale • Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitetsutvikling • Pensjonsavtale i KLP • Ekstraordinære goder i Modalen kommune for sjukepleiarar i turnus, jf. gjeldande retningsliner (med forbehald om endringar ved revisjon): • 30 000 kr i lønstilskot per år (full stilling) og direkte plassert i min. lønsansiennitet 10 år. Ved relevant helsefagleg utdanning på min. 60 stp., skal ein få endra sin stillingstittel og løn som spesialsjukepleiar • Butilskot (6000 kr/mnd) eller pendlartilskot (3000 kr/mnd) • 5 ekstra fridagar i året • Tilrettelegging for langvaktar i årsturnus • Nedbetaling av studielån på inntil kr 20 000,- (fell bort dersom ein mottek tilsvarande nasjonal ordning) • Moglegheit for å søkje lokale opplæringsmidlar ved relevant vidareutdanning • Moglegheit for gratis overnatting frå kvelds- til dagvakt på eige rom • Moglegheit for å leige bustad i Modalen dersom du ynskjer å prøvebu her.
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har no ledig 2 x 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helgar (hinkehelger) kvart år. Seksjonen tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering • Deltaking i tverrfagleg team • Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar • Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Ønskeleg med videreutdanning, men sjukepleiar/ verneplaier utan videreutdanning kan også søke stillinga • Ønskeleg med relevant erfaring • Førarkort klasse B - manuell gir Personlege eigenskapar • Du er positiv, nytenkande og endringsorientert • Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team • Du er fleksibel og kan handtere heiktiske arbeidsdagar • Du har god skriftleg framstillingsevne Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår i ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no Line Olaisen, Teamkoordinator, 70171334 , Line.Olaisen@helse-mr.no ArbeidsstadVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5144475952 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Sjukepleiar/vernepleiar Tverrfagleg helse Vaksdal kommune søker fortrinnsvis etter ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til Psykiatri- og rus-tenesta. Stillinga er 100 % fast og er for tida plassert i avdeling for Tverrfagleg helse med kontorplass på Heradshuset på Dale og med dagtidsarbeid. Tverrfagleg helse består av eit breidt mangfald av dedikert og spesialisert helsepersonell fordelt på legekontor, avdeling for psykisk helse og rus og helsestasjon. I tillegg er avdelinga komplementert med oppvekstrettleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og musikkterapeut. Er du klar for ein spennande og variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å påverke framtidas kommunehelseteneste innan psykiatri- og rusfeltet? Då ønsker vi å prate med deg! Arbeidsoppgåver • Oppfølging av tenestemottakarar, både individuelt eller i grupper • Bistand med kartlegging av psykisk helse- og rusproblemer/lidelser • Meistringssamtalar • Delta i lågterskel gruppetilbod som eks. treningsgrupper og dagsenter • Råd og veiledning til tenestemottakar • Oppsøkande/ambulant virksomhet • Oppfølging av pårørande og nettverk når det er relevant • Andre kjerneoppgåver knytt til klinisk arbeid og oppfølging av tenestemottakar • Delta i ansvarsgrupper, samarbeidsmøter og koordineringsprosessar både internt og med spesialisthelsetenesta, NAV og andre relevante instanser • Delta i tverrfagleg førebyggande teamarbeid • Delta i psykososialt kriseteam • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar Kvalifikasjonskrav • 3- årig helsefagleg utdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis sjukepleiar eller vernepleiar. Annan relevant utdanning, fagbrev eller erfaring vil verta vurdert. • Relevant vidareutdanning er ønskeleg • Gjerne erfaring frå kommunal psykiatri- og rusteneste og/eller frå same fagområde i spesialisthelesetenesta • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • Førerkort klasse B • Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Personlege eigenskapar • Du er god på kommunikasjon og relasjonsbygging • Du er påliteleg, ansvarsbevisst, open og ærleg • Du samarbeider godt og har evne til å skapa tillit og engasjement • Du er strukturert, kan arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du er initiativrik og oppteken av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, medarbeidarar og organisasjonen generelt • Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert • Du arbeider godt under press og har god prioriteringskompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt Vaksdal Kommune kan tilby • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Individuell oppfølging • Gode moglegheitar for støtte til utdanning • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg • Varierte og spennende arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling • Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer