
Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF · Molde
Vi har ledig 1 års vikariat for lege i spesialisering innan psykiatri ved Akuttpsykiatri SNR. Oppstart 01.09.26 eller etter nærare avtale. Vi tilbyr alle nødv...
Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS-legar gir tilbakemeldingar om eit hyggeleg og godt arbeidsmiljø, og høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane, slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast.
Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Akuttpsykiatri SNR har 10 senger og ligg i det nye bygget til sjukehuspsykiatrien, ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal(SNR) på Hjelset i Molde.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5151925043
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi søkjer ein lege i spesialisering med eit brennande engasjement for onkologi. Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 01.09.2026, med moglegheit for fleksibilitet når det gjeld oppstartsdato. Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal tilbyr eit breitt og framtidsretta krefttilbod ved fleire sjukehus i fylket: • Kreftpoliklinikk, palliativt team, Pusterom og satellitt-Vardesenter ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset og i Kristiansund • Onkologiske og palliative senger ved medisinsk sengepost på SNR Hjelset • Kreftpoliklinikk, palliativt team og Pusterom i Volda • Fylkesdekkjande sengepost, kreftpoliklinikk, stråleterapieining, palliativt team, Pusterom og Vardesenter i Ålesund Onkologi er eit spennande og variert fagfelt i rask utvikling. Nye behandlingsmetodar og stadig fleire behandlingsmoglegheiter gjer at faget er i kontinuerleg endring. Vi ser etter deg som trivst med fagleg utvikling, har interesse for moderne kreftbehandling og ønskjer å arbeide i tverrfaglege team til beste for pasientane. Som LIS hos oss får du eit spesialiseringsløp med tett oppfølging og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. For å oppnå alle læringsmåla i spesialiteten må delar av utdanningsløpet gjennomførast i Ålesund og ved universitetsklinikk. Dette blir tilrettelagt individuelt for kvar enkelt lege. Kreftpoliklinikken vår er kjenneteikna av eit sterkt fagmiljø, godt kollegialt samhald og høg kompetanse. Vi legg stor vekt på rettleiing og oppfølging gjennom heile utdanningsløpet, og har etablert fadderordning for nye LIS-legar. Dei onkologiske legane i seksjonen er organiserte i faggrupper innan gastrointestinal kreft, malignt melanom, uro-onkologi og brystkreft. Dette gir gode moglegheiter for fagleg fordjuping og kompetanseutvikling innan ulike delar av onkologien. Onkologi er òg eit fag med sterke forskingstradisjonar. Klinikken har eige forskingsutval, og for interesserte kandidatar finst det gode moglegheiter for å delta i forskings- og utviklingsarbeid. Seksjonane våre tilbyr eit breitt spekter av onkologiske tenester til pasientar i heile fylket. Vi behandlar også pasientar frå andre helseføretak når faglege og geografiske omsyn tilseier det. Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved SNR Hjelset, men det kan også vere aktuelt å arbeide enkelte dagar ved kreftpoliklinikken i Kristiansund. Arbeidsoppgåver • Klinisk arbeid både ved poliklinikken og sengeposten, med varierte og spennande arbeidsoppgåver innan kreftbehandling • Vurdering og prioritering av tilvisingar som ein del av pasientforløpet • Aktiv deltaking i tverrfaglege møte (MDT), der behandlingsplanar blir drøfta og utforma i samarbeid med fleire faggrupper • Vurdering og oppfølging av pasientar med behov for stråleterapi som del av behandlingstilbodet • Moglegheit til å delta i kliniske studiar og bidra til forsking og utvikling innan kreftfaget Kvalifikasjonar • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS1) eller gjennomført turnusteneste etter tidlegare ordning • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, som sikrar tydeleg kommunikasjon og god pasientoppfølging • Fagleg trygg og klinisk kompetent, med evne til å utøve god medisinsk vurdering og behandling av kreftpasientar • Vi legg særleg vekt på kliniske ferdigheiter, engasjement og interesse for arbeid med kreftpasientar gjennom heile pasientforløpet • Evne til å møte pasientar og pårørande med respekt, omsorg og profesjonell framferd i krevjande situasjonar Personlege eigenskapar • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide tett saman med kollegaer på tvers av fagområde. Du bidreg aktivt til eit godt samarbeid og ser verdien av å dele erfaringar og kompetanse med andre • Du trivst i eit aktivt, framoverlent og hektisk arbeidsmiljø, og evnar å halde oversikt og ta gode avgjerder også når arbeidsdagen er travel og uforutsigbar • Du er oppteken av å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, og møter kollegaer, pasientar og pårørande med respekt, omtanke og godt humør • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samstundes som du er ein lagspelar som samarbeider godt med andre for å nå felles mål • Du er ansvarsbevisst og påliteleg, tek eigarskap til arbeidsoppgåvene dine og følgjer opp oppgåver på ein grundig og profesjonell måte • Du deler gjerne kunnskap og erfaringar med kollegaene dine, og bidreg til fagleg utvikling og læring i arbeidsmiljøet • Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, og evnar å skape tillit og gode relasjonar i møte med pasientar, pårørande og kollegaer • Du er fleksibel og løysingsorientert, og har evne til å tilpasse deg endringar og nye utfordringar i ein variert arbeidshverdag Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonRagnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, ragnhild.bjerkas@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5146635697 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026
Vi søkjer ny kollega! Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjon vår er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Vi tek imot både frivillege og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger. Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad! Arbeidsoppgåver • Diagnostisk utgreiing og behandling • Individuell og tverrfagleg behandling • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse • Internt samarbeid og rettleiing • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing • Pårørandesamtalar • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege • Inneha norsk autorisasjon som psykiater eller vere i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri/rus • Må meistre norsk munnleg og skriftleg • Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. Personlege eigenskapar • Du har god språkleg framstillingsevne • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor • Du må ha god fysisk og psykisk helse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonIngrid Ølander, Konst. seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 4984716018 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Divisjon psykisk helsevern har ledige stillingar for lege i spesialisering i vaksenpsykiatri eller for legar i behov av sideutdanning. • Er du interessert i å spesialisere deg i vaksenpsykiatri? • Er du ALIS og ønsker sjukehusteneste innen vaksenpsykiatri? • Ønsker du vaksenpsykiatri som sideutdanning i eit anna spesialistløp? Vi lyser nå ut to faste stillingar for LIS i vaksenpsykiatri ved Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus. I vår divisjon satser vi på kontinuerleg utvikling av spesialistutdanninga, og at den skal halde høg kvalitet, i tråd med helsedirektoratets krav og samfunnets forventningar og behov. Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Vi kan tilby teneste ved mange ulike læringsarenaer, og LIS får dekt alle utdanningskrav i vaksenpsykiatri. Som LIS i psykiatri hos oss vil du oppleve eit velorganisert og sømløyst utdanningsløp der det blir lagt til rette for at du skal få oppnådd alle læringsmål utan forseinkingar. Dette ivaretas gjennom: • Ein felles rotasjonsordning i divisjonen • Oppfølging av kvar LIS med to møtepunkt per rotasjon • Deltaking i 21-delt vaktordning • Vekentleg undervisning, både felles og i grupper • Vekentleg psykoterapirettleiing frå første semester • Vekenjtleg klinisk rettleiing • Vekentleg fordjupingstid • Tilrettelegging for deltaking i nødvendige kurs Alle LIS blir tilsett på divisjonsnivå, i same seksjon. Seksjonen blir leia av seksjonsleiar i 100% stilling, og har også utdanningsansvarleg overlege i 50% stilling. Det er til saman 32 LIS 3 stillingar. Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både barn og vaksne er ein del av vår målgruppe. Læringsarenaene for spesialiteten vaksenpsykiatri er ved både sjukehusavdelingar og Distriktspsykiatriske sentre (DPS) i Bergensområdet. Verksemda inneheld både akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar. Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga. Det vises for øvrig til vår Utdanningsplan for ytterlegare informasjon om utdanningsløpet hos oss. Legar i behov av sideutdanning får tilpassa etter gjeldande utdanningskrav for den spesialiteten dei følger. Oppstart i stillingane er tenkt 01.03.2027, men vi er opne for å avtale anna oppstartstidspunkt. For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggast ved søknaden. Det er krav om politiattest ved tilsetting, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7. Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla. Arbeidsoppgåver • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar på spesialistnivå (sjukehus/DPS) • Forvakt i 21-delt vaktordning, som er knytt til Psykiatrisk akuttmottak (PAM) • Ta del i undervisning, kurs og rettleiing slik spesialiseringsreglane i psykiatri krev • Kandidatar i sideutdanning vil få moglegheit til å følge kurs som er nødvendige for eigen spesialitet Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i psykiatri • Vi ønsker oss legar med særleg interesse for psykiatri • Du har god fagleg vurderingsevne • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan psykiatri og/eller forsking • Den som søker må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Vi legger vekt på at du er motivert og personleg eigna for å arbeide innanfor psykisk helsevern • Du har evne til å møte menneske i krise profesjonelt og empatisk, også dei med utfordrande åtferd • Du har eit tydeleg engasjement for fagfeltet og evner å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare • Som person tåler du å stå i krevande situasjonar over tid • Du er god på å jobbe i tverrfaglege team og har vist vilje og evne til samarbeid i tidlegare arbeidsforhold • Du har evne til å arbeide strukturert og målretta og har høg arbeidskapasitet • Du har oversikt, og evner å prioritere riktig når det er travelt og mange oppgåver samtidig Vi tilbyr • Ei tilrettelagt spesialistutdanning, der utdanning blir prioritert • Du blir ein del av ei stor og engasjert LIS-gruppe med godt fag- og arbeidsmiljø • Rotasjonsordning som sikrar at den einskilde kandidat får allsidig erfaring frå alle relevante tenesteområde innan spesialiteten psykiatri • Moglegheit for å forske som ein del av spesialistutdanninga • Lønn iht til gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngrid Andersen Moe, Seksjonsleiar, 92610704, ingrid.andersen.moe@helse-bergen.no Tone Smith-Sivertsen, Overlege, tone.smith.sivertsen@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5157279772 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026