
Sande kommune · Sande (møre Og Romsdal)
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og en...
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.
Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver:
Som helsefagarbeidar/sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp.
Vi har ledig fast stilling i 80 % stilling med arbeidstid organisert på natt, med arbeid kvar andre eller tredje helg.
Vi har i tillegg eit vikariat på 100 % stilling på natt.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonCamilla Higraff, Einingsleiar (vikar), 47998618, Camilla.okland.higraff@sande.kommune.no
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5150758488
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, god struktur og eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre? Vi styrkjer laget vårt og har no ledige faste stillingar: Stillingane er knytt til ulike delar av BUAS 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar (2 x 100 ved sone 2) 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar (1 x 100 ved sone 2 og 1 x 100 ved institusjon demens) Stillingane er knytt til Sykkylven bu og aktivitetssenter, med arbeid i turnus og arbeid kvar tredje helg. Vi ber om at du presiserer i søknaden kva avdeling du søkjer på. Hos oss får du ein kvardag prega av meistring, fagleg utvikling og meiningsfulle oppgåver. Du får arbeide tett saman med dyktige kollegaer og vere ein viktig ressurs for pasientar og pårørande. Vi legg til rette for at du skal få bruke kompetansen din fullt ut – enten du er sjukepleiar eller helsefagarbeidar. BUAS har eit sterkt fagmiljø med god tverrfagleg kompetanse. I tillegg har eininga ein eigen sjukepleiarstab med 8 sjukepleiarar som støttar avdelingane og bidreg på tvers i organisasjonen. Arbeidsoppgåver • Planlegge, prioritere og gje god pleie til pasientar • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar. • Autorisasjon som helsefagarbeidar • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). • Evne til å halde seg fagleg oppdatert • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Personlege eigenskapar • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Vere strukturert og løysingsorientert • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre • Vise fagleg engasjement • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5145094839 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Fleire av studentane våre har fullført studier og skal over i nye stillingar. Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta aust og på korttids- og rehabiliteringsavdelinga i Time kommune. Avdelingane held til sentralt på Bryne og ligg i gangavstand til togstasjonen. Ønsker du eit godt arbeidsmiljø med mange læremoglegheiter er dette plassen for deg. Me tilbyr gode studentordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar. Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen. Kortids- og rehabiliteringsavdelingen: Avdelinga ligger i 2. etasje på Sivdameheimen og har 24 plasser. Me har lindrande senger ved avdelinga og dyktige dedikerte medarbeidarar. Det er stor variasjon i pasientgruppa. Me har ledig fast helg med arbeid dag og kveld kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver - Pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim og på avdeling. - Oppfølgning av ernæring - Legemiddelhåndtering - Dokumentasjon etter lov og forskrift - Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer - Turnus med arbeid kvar 3. helg. Kvalifikasjonar - Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar - Sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka. - Studentar og elevar med anna relevant bakgrunn vil verta vurderte - Erfaring frå heimeteneste og rehabilitering vert lagt vekt på Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Du må vera over 18 år. Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i heimetenesta. Det er krav om politiattest. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring. Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst. Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet. Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vert vektlagd. Vi tilbyr - Gode pensjonsordningar - Løn etter tariff/avtale - Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø - Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling - Gode stipendordningar for sjuke- og vernepleiestudentar. Fast stilling 14-21 % dag og kveld 3. kvar helg. Ønsker du å få eit innblikk i vår kvardag sjå filmen vår under her: https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02 Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonJeanette Øyen, Avdelingsleiar heimetenesta aust, 45204744, jeanette.oyen@time.kommune.no Anlaug Øie, Avdelingsleiar kortids- og rehabiliteringsavdelinga, 47628866, anlaug.oie@time.kommune.no ArbeidsstadRøyrvika 12 4340 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5151980713 Stillingsprosent: 14% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026
Måløy Miljøteneste består av ambulante tenester, avlastningsbustad for barn og dagsenter for Måløy miljøteneste. Vi yter tenester som rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp. Brukarane har ulike behov, og vi har fokus på individuell tilrettelegging og brukermedverknad. Vi har årsturnus i eininga, og du vil jobbe i 2- eller 3-delt turnus, også helg og høgtid. Det er høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar mot ekstra kompensasjon. I Måløy miljøteneste har vi fokus på eit best mogeleg arbeidsmiljø for våre medarbeidarar, og vi er opptatt av å utvikle tenesta i tråd med nasjonale føringar for morgondagens omsorg. Arbeidsoppgåver Utføre pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav. Sikre god dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningsliner. Tverrfagleg samarbeid. Bruk av kliniske verktøy. Oppfølging, kartlegging og vurdering av pasientar i samarbeid med sjukepleiar/vernepleiar. Faglege prosedyre. Rettleiing av lærlingar, medarbeiderar og andre. Kvalifikasjonar Søkar må være helsefagarbeidar, eller være Helsefag-lærling eller ønske å ta helsefagutdanning. Du må ha gode språkkunnskapar i norsk, skriftleg og muntleg. Sertifikat klasse B Personlege eigenskapar Av personlige egenskaper er det blant annet viktig at du har har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du liker varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, samt kan arbeide sjølvstendig og i team. Du er fagleg engasjert. Du er omsorgsfull og ansvarsbevisst. Du har fokus på etikk og deltek i systematisk etisk refleksjon saman med kollegaer. Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du er positiv til å undervise kollegaer. Vi tilbyr Vi har godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling. Vi har årsturnus, med mulighet for å komme med ønsker. Vi har Kompetanse lønnsstige Legger til rette for relevant etter- og vidareutdanning Vi har intern opplæring, mentorordning og fagøkter. Vi har fokus på etisk refleksjon og tilrettelegg for systematiske etiske refleksjonar i gruppe. Vi har god pensjonsordning KontaktinformasjonStine Edvardsen, Tenesteleiar, 48177345 ArbeidsstadGate 1 64 6700 Måløy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5143344667 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026