
Sogndal kommune Sogn barnevern · Sogndal
Me søkjer no etter ein sjølvstendig og løysingsorientert kontaktperson i 100% fast stilling. Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av undersøking ...
Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av undersøking og evaluering av hjelpetiltak kring barn og deira familiar, i tråd med Lov om barnevern.
Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta.
Som kontaktperson/sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern, der du vil både ha ansvar for undersøkingar og oppfølging av hjelpetiltak. Du vil vere barn, unge og familiar sin nærmaste kontakt i barnevernet, og ha ansvar for å vurdere og sikre dei naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Arbeidet har ei hovudvekt av frivillige hjelpetiltak i heimen. Samtidig som det er forventa at du følg opp komplekse saker med både høg og akutt bekymring, og følg sakene i ev. rettslege prosessar.
Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.
Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. heimebesøk og akuttarbeid.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Er du engasjert i barn og unge og vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Me har ledig to faste 100% stillingar som kontaktpersonar (sakshandsamarar) i Etne Vindafjord barnevernteneste i perioden. Etne Vindafjord barnevernteneste er samansett av ulike team: • Melding, undersøking og hjelpetiltak (MUT). • Omsorg (oppfølging av barn i fosterheim og andre plasseringar utanfor heimen) og ettervern (oppfølging av ungdom mellom 18 og 25 år). • Miljøarbeidarar (tiltak i form av oppfølging i heimen, oppfølging i ettervern og tilsyn under samvær) Barneverntenesta mottek rettleiing og miljøterapeutiske tiltak frå Familieteamet i kommunen. Hjå oss er me opptekne av brukarmedverknad, samarbeid med familien og barnets stemme. Dette forutsett at våre tilsette har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å danne relasjonar og har eit positivt menneskesyn. I arbeidet i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler. Kvardagen i barneverntenesta er prega av varierte dagar, både i høve arbeidsoppgåver og tidspress. Ein må trivast med eit høgt tempo og evne å strukturere sin eigen arbeidskvardag. Som kontaktperson i barneverntenesta må ein vera robust og ha fokus på sjølvivaretaking. Tenesta er opptekne av oppfølging av dei tilsette både i høve deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing, fagmøte i tenesta, fagutvikling for team eller heile tenesta, og i fellesskapet med kollegaer. Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar med ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast. Me treng nokon som evnar å jobbe målretta og som kan konkretisere og dokumentere arbeid og utvikling i saker. Barneverntenesta har ei omfattande dokumentasjonsplikt og ein må vera førebudd på kontinuerleg skrivearbeid som ein del av kvardagen. Ein del av dokumentasjonsarbeidet handlar om å analysere og vurdere dei opplysningar ein har, for å gjere barnevernfaglege vurderingar utifrå barnets beste. Godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb, å gje god oppfølging til brukarane våre og å utvikle seg fagleg. Etne Vindafjord barnevernteneste mottok i 2024 arbeidsmiljøprisen for Vindafjord kommune og me jobbar målretta med å ha eit positivt og ivaretakande arbeidsmiljø. Hovudarbeidsoppgåver: • Sakshandsaming knytt til barnevernlova og oppfølging av enkeltsaker. • Oppfølging av saker inneber samtalar med barn, samtalar med foreldre, observasjonar av samspel, heimebesøk og tilsynsbesøk. • Deltaking i og leiing av samarbeidsmøte med instansar. • Skriftleg dokumentasjon av barneverntenesta sitt arbeid og våre vurderingar fortløpande. • Førebuing til og vitnemål i rettsprosessar for nemnd og tingrett. Kvalifikasjonar: • Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre relevante utdanningar kan vurderast. • God formidlingsevne i norsk, munnleg og skriftleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. • Førarkort klasse B. • Det må framvisast politiattest for å jobba i barneverntenesta. Personlege eigenskapar: • Trygg og tillitsvekkande. • Positiv og løysingsorientert. • Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag. • Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team. • Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling. • Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert. • Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer. • Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar. • Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad. Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt. Me kan tilby: • Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og faglege sterke sosialarbeidarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass. • God opplæring over tid og tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar. • Tilhøyra i eit team der ein får drøfte faglege synspunkter og utfordringar, samt lære av kvarandre. • Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare. • Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv. Som tilsett i Vindafjord kommune: • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du jobbe med avansert intensivmedisin i et sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Haukeland universitetssjukehus søker intensivsjukepleiarar til fleire av våre spesialiserte intensivavdelingar. Hos oss får du anledning til å jobbe breitt innan intensivmedisin, i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking. Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane: Kirurgisk serviceklinikk: • Dagkirurgisk seksjon • Postoperativ seksjon • Postoperativ Glasblokkene • Intensivmedisinsk seksjon Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi gleder oss til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ansvar for store delar av tilbodet tilknytta anestesi, intensivmedisin, akuttmedisin og smertebehandling i Helse Bergen HF. KSK er den største somatiske klinikken i sjukehuset med sju avdelingar og ca. 1400 tilsette. Operasjonsavdelinga (OPA) er ein av sju avdelingar ved KSK og består av ca. 350 operasjons- og anestesisjukepleiarar. OPA har ansvar for store delar av tilbodet innan anestesi -og operasjonsverksemd, og våre tilsette har kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt. Dagkirurgisk seksjon er ein av dei seks avdelingane i OPA, og har 6 operasjonsstover, 15 oppvakningsplassar og 6 plassar på ØNH dagkirurgisk eining. Stillinga er for tida på dagtid, med enkelte vakter fram til kl. 17 eller 18. Ein må rekne med noko vaktarbeid ved eventuelle framtidige endringar i organiseringa av eininga. Seksjonen behandlar dagkirurgiske pasientar innan generell kirurgi, ØNH, gynekologi og ortopedi, frå barn til vaksne. Seksjonene held høg standard og har eit godt og spennande miljø. Kontakt: Karen Ugelvik, tlf. 55970473. Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436. Kvalifikasjonar (overskrift)Postoperativ Glasblokkene er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi er ein relativt ny seksjon ved Haukeland universitetssjukehus. Sidan oppstarten i november 2023 har vi vore lokalisert i Glasblokkene. Vi har eit engasjert fagmiljø prega av høg kompetanse, og tett samarbeid på tvers av fag og profesjonar. Vi yter postoperativ overvaking og sjukepleie. I Glasblokkene driftar vi over to etasjar, der U2 hovudsakleg er for vaksne pasientar (døgndrift) med eige kirurgisk mottak. Dagkirurgi utgjer ein stor del av verksemda innan fagfelta gynekologi og obstetrikk samt bryst- og endokrinologi. Øyeblikkeleg hjelp (ØH) frå Kvinneklinikken utgjer ein vesentleg del av drifta vår. I U1 held vi ope mandag til fredag kl 08-18. Her overvakast primært barn, etter operasjon eller undersøking/behandling i narkose. I tillegg drifter vi to gonger i veka postoperativ overvaking i Augebygget. Hos oss får du variasjon, i ei moderne postoperativ eining med ulike pasientforløp og eit engasjert og faglig sterkt arbeidsmiljø. No ønskjer vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget. Hos oss får du ein variert og allsidig arbeidskvardag med både heildøgnspasientar og dagkirurgi. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagutviklingssjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, tlf. 47515846. Intensivmedisinsk seksjon behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spennande miljø. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 11 intensivsenger. Det er nærare 100 intensivsjukepleiarar og 12 intensivlegar tilsette ved seksjonen. Vi har ledig 100% faste stillingar for intensivsjukepleiar med arbeid for tida kvar tredje helg. Kontakt: Siril Iren Sagstad, tlf. 55972443/41454282. Arbeidsoppgåver: • Overvaking, behandling og pleie av kritisk sjuke pasientar • Handtering av avansert medisinsk-teknisk utstyr • Samarbeid i tverrfaglege team med legar og anna helsepersonell • Ta vare på pasienten og dei pårørande sine behov i ein krevjande situasjon • Bidra til fagutvikling, undervisning og rettleiing av studentar og kollegaer Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sykepleier • Videreutdanning i intensivsykepleie • Relevant erfaring fra intensiv, akuttmedisin eller lignende er en fordel Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum • B2/NOR-U3- nivå eller høgare Personlege eigenskapar: • Evne til å arbeide strukturert og håndtere akutte situasjoner • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Ansvarsbevisst og faglig engasjert • Fleksibel og løsningsorientert • Interesse for faglig utvikling og ny kunnskap Vi tilbyr: • Et sterkt fagmiljø med høy kompetanse og engasjerte kollegaer • Lønn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordninger • Turnusordning med arbeid dag, kveld og natt • Langvakter på nokre av avdelingane • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5140998194 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
I Region Kronoberg arbetar vi för att människor i länet ska kunna leva ett tryggt och hållbart liv. Varje dag möter vi kronobergarna i vården, i kollektivtrafiken och i arbetet med länets utveckling. Här tas idéer tillvara, det finns stora möjligheter till utveckling och ett arbetsklimat som är välkomnande, öppet och präglat av vänlighet. Välkommen till primärvården! Vår idé är enkel: när du behöver oss finns vi här. Tillsammans skapar vi en primärvård som gör skillnad för generationer. Primärvården består av 21 offentligt drivna vårdcentraler, 1177, primärvårdsrehab, familjehälsan och En väg in för barn och unga med psykisk ohälsa. Vi är en verksamhet i ständig utveckling, med målet att vara nära kronobergaren – genom hela livet. Vårt uppdrag är att skapa goda förutsättningar för våra patienter – att kronobergarna får rätt vård och behandling, i rätt tid av bästa möjliga kompetens. Vårdcentralen i Rottne har cirka 4900 listade patienter och ligger centralt i samhället med goda bussförbindelser till Växjö. Här erbjuder vi vård och behandling genom hela livet. Vårt team består av läkare, distriktssköterskor, undersköterskor och medicinska sekreterare. Hos oss präglas verksamheten av gott bemötande, hög tillgänglighet och ett patientcentrerat arbetssätt. Vi söker nu en specialist i allmänmedicin som vill bli en del av vår vårdcentral! Välkommen med din ansökan! 1 plats(er). ARBETSUPPGIFTER Som specialist i allmänmedicin hos oss får du ett brett, varierat och meningsfullt uppdrag med goda möjligheter att följa dina patienter över tid. Dina huvudsakliga arbetsuppgifter innefattar: · Mottagningsarbete med både planerade och akuta patientbesök · Undersökning, bedömning, utredning och behandling av patienter i alla åldrar · Uppföljning och långsiktig behandling av kroniska sjukdomar · Deltagande i ronder inom hemsjukvård och särskilt boende · Journaldokumentation samt arbete med medicinsk kvalitet och patientsäkerhet · Aktivt teamarbete tillsammans med övriga professioner för en helhetsorienterad vård · Medverkan i verksamhetsutveckling, förbättringsarbete och medicinska möten · Möjlighet att handleda AT och STläkare samt läkarstudenter Jourtjänstgöring på jourläkarcentral ingår i uppdraget. Mer information om tjänsten På Region Kronobergs webbplats kan du läsa mer om vad tjänsten som specialist i allmänmedicin innebär i Region Kronobergs offentliga primärvård och vad vi erbjuder dig https://www.regionkronoberg.se/jobb-och-utbildning/specialist-i-allmanmedicin/ KVALIFIKATIONER Vi söker dig som är specialist i allmänmedicin och har ett genuint engagemang för att möta människor i olika livssituationer och ge en trygg, personcentrerad vård. För att trivas i rollen ser vi att du: · Är legitimerad läkare med specialistkompetens i allmänmedicin · Har god förmåga att arbeta både självständigt och i team · Är engagerad, lösningsorienterad och bidrar till en positiv arbetsmiljö · Har intresse för kontinuitet och långsiktiga patientrelationer · Vill vara delaktig i utveckling av verksamhet, arbetssätt och kvalitet Det är meriterande om du har intresse för eller erfarenhet av handledning av AT, STläkare eller studenter. Varmt välkommen med din ansökan redan idag! Intervjuer sker löpande men det kan dröja på grund av semesterperiod. Löneform: Månadslön. Anställningsform: Tillsvidareanställning. Varaktighet: Tillsvidare, tillträde: Enligt överenskommelse. Arbetstid: Dagtid. Inför anställning begärs utdrag av misstanke- och belastningsregistret av arbetsgivaren. Frågor om specifika jobb besvaras av den rekryterare eller kontaktperson som anges i annonsen. För att skicka in din ansökan, klicka på ansökningslänken i annonsen. Informationen du anger kan komma att lämnas ut avseende regler för allmän handling enligt offentlighetsprincipen och dina uppgifter behandlas enligt Dataskyddsförordningen (GDPR). Kontakta ansvarig rekryterare hos Region Kronoberg vid skyddad identitet för vidare information om hur du ansöker och hantering av dina personuppgifter. Vi undanber oss vänligt men bestämt erbjudanden om annonserings- och rekryteringstjänster i samband med den här annonsen. För att läsa mer om gällande kollektivavtal och ingångslön: https://www.regionkronoberg.se/jobb-och-utbildning/formaner/