
Organisasjon og økonomi - Økonomiseksjonen - rekneskap, Vestland fylkeskommune · Sogndal
Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg! I Ve...
Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg!
I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering.
Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet.
Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet.
Kvalifikasjonar
KontaktinformasjonLinda Mæland Nipen, Seksjonsleiar, +47 41530118
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149968771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar. Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og 5 gravplassar. Det er to sokn i Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket. Hva vi ser etter Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga. Det vil bli lagt vekt på engasjement og samarbeidsevne, relevant høgare utdanning og personlege eigenskapar. Du må væra medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil. Tokke kommune er i hjartet av Telemark, med fantastisk klima og natur og er kjent for levande grender, Telemarkkanalen og Dalen Hotel. Vi har Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, hyggjelege bustadpriser og kulturskule med variert tilbod for store og små. Vi har mange tilbod for dei som er glade i jakt, fiske og friluftsliv. I Tokke har vi aktive idrettslag som har breie tilbod både sumar og vinter. Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskapsføring, lønskøyring, kontorlokale, server, sentralbord, Office-pakke, IT-tenester, samt eigne verkstedslokale for gravplassforvaltninga. Du må ha gyldig politiattest. CV og referanser sendast saman med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold. Arbeidsoppgaver Drift av kyrkjekontoret i Tokke Ansvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMS Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet. Budsjett, løn- og rekneskapsansvar Sekretær og sakshandsamar for Tokke kyrkjelege fellesråd Representere kyrkja i møte med andre kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, kommunal administrasjon, media og andre Samarbeid med prestetenesta Søkjar må vera innstilt på at arbeidsoppgåver kan bli endra Vi tilbyr Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Gode kontorlokalar i kommunehuset i Tokke Pensjonsordning gjennom KLP Tilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk
Om stillinga Dreisen Vaksdal KF er ein arbeidsinkluderingsbedrift og tiltaksarrangør med tilrettelagde arbeidsplassar for personar som treng støtte for å koma i arbeid eller aktivitet. Føretaket har i dag 10 tiltaksplassar og 4 årsverk, og tilbyr arbeidsoppgåver innan ulike fagområde. Målet vårt er å skapa meistring, utvikling og arbeidsglede gjennom tilpassa opplæring og tett oppfølging. Vi er ein sentral samfunnsaktør i Vaksdal kommune, og arbeider etter verdiane våre: Meistring, utvikling og vekst. Drifta er sertifisert etter kvalitetsstandarden ISO 9001:2015, og vi er stolte av å levera tenester med høg fagleg kvalitet. Vi søker no ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vera med å vidareutvikla verksemda. Dersom du ønsker å bidra til inkludering og meistring, og trivst med å kombinera strategisk leiing og operativt ansvar, vil vi gjerne høyra frå deg! Les meir om oss på www.dreisen.no Arbeidsoppgåver Dagleg leiar har det overordna ansvaret for den daglege drifta av føretaket. Dette inneber å sikre at verksemda vert driven i tråd med gjeldande lovverk og regelverk innan rekneskap, økonomistyring og personalforvaltning. Rolla inneber òg ansvar for den strategiske utviklinga av føretaket, inkludert å sette relevante kvalitetsmål, og følge opp både årshjul og handlingsplanar. Dagleg leiar rapporterer direkte til styret. Krav til kompetanse • Høgare utdanning på minimum bachelornivå • Lang relevant leiarerfaring kan kompensera for manglande formell utdanning • Administrativ erfaring og god økonomisk forståing • Erfaring med kartlegging, arbeidsretta oppfølging og rettleiing • Kjennskap til og forståing for bruk av kvalitetssystem, gjerne ISO 9001 • God forståing for gjeldande lovverk, forskrifter og offentlege krav • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar • Strukturert, nøyaktig og pålitelig • Engasjert og ein pådriver for utvikling av foretaket • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Trygg og tydeleg i leiarrolla, med evne til å motivere andre Dreisen Vaksdal KF kan tilby • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø • Moglegheit til å påverke og ta del i ei spanande vidareutvikling av føretaket • Eit meiningsfullt arbeid med samfunnsnyttige oppgåver • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter avtale
100% stilling – 2 års vikariat med høve til fast tilsetjing i 50% etter endt vikariat. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar: • Erfaring fra frivillig arbeid og eller organisasjonsarbeid er ynskjeleg. • Digital kompetanse og fortruleg med sosiale medier som verktøy. • Beherske norsk muntleg og skriftleg. • Ha erfaring frå økonomi og prosjektarbeid. • Personleg eigenskap og motivasjon for denne type arbeid vil bli sterkt vektlagt. • Personlege eigenskapar: • Sjølvstendig og evne til initiativ og nettverksbygging og samtidig evne til å samarbeide. • God formidlingsevne, og evne til å skape og vedlikehalde relasjonar • Evne til refleksjon rundt eigne og andre sine verdiar og haldningar • God på organisering og ha flere ballar i lufta. • Er omgjengeleg og god på å jobbe i team. • Er løysningsorientert, fleksibel og motivert. Oppstart etter avtale, seinast januar 2027. Prosjektvikariatet på 50% avsluttes september 2028. Politiattest må leverast før oppstart i jobb. Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere bil. Spørsmål om stillinga kan rettast til: Dagleg leiar Renate Hassel tlf 996 36 626 eller styreleiar Jon Inge Nordbø tlf 901 61 671 Søknad med CV, attesterte attester og vitnemål, samt referanser skal sendes til nissedal.frivilligsentral@gmail.com Arbeidsoppgaver • Delta i dagleg drift av sentralane i samarbeid med dagleg leiar • Rekruttere og fylgje opp frivillige medarbeiderar. • Fylgje opp oppdrag, prosjekt og aktivitetar. • Jobbe med sentralens heimeside, marknadsføring og rekneskap. • Samarbeide med ulike offentlege instansar, lag og foreningar. • Informasjonsarbeid internt og eksternt. • Noko kvelds og helgearbeid vil det bli. Vi tilbyr • Godt arbeidsmiljø og koselege medarbeiderar og frivillige. • Meiningsfylte arbeidsoppgåver. • Pensjonsordning. • Løn og tilsetjing etter gjeldande avtaler.