
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste · Sogndal
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på ...
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!
Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026.
Det er turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall.
Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel.
Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000.
Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til heimetenesta på Leikanger. No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega. Som sjukepleiar i heimetenesta vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuar og brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Om stillingane: Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling som sjukepleiar: • 100% vikariat i turnus ledig frå 01.09.26 i eitt år. For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for 4. kvar med langvakter. Arbeidsoppgåver: • Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL • Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til brukarar heime. • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane. • Vurdere behov og planlegge pleie i samarbeid med brukar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing. • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga • Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar. • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet • Ivareta godt pårørandesamarbeid • Legemiddelhandtering og administrering Sentrale ansvarsområde: • Pasientflyt • Pasientjournalsystem • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta • Medikamenthandtering • Tverrfagleg samarbeid • Velferdsteknologi Kvalifikasjonar: • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon • Beherske norsk, skriftleg og munnleg • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri. • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: • Er løysingsorientert og positiv • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag • Er ansvarsfull og serviceinnstilt • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser. Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Me tilbyr: • Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar. • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Lønn etter tariff • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Godt fagleg miljø • Tilrettelagt turnus med 3. kvar helg og moglegheit for langvakter. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: • 1 x 100 % fast stilling • 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. • Rettleiing av studentar og kollegaer. • Samhandling med kommunar. • Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar • Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar • Du er ansvarsbevisst og strukturert • Du har eit fagleg engasjement • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du er positiv og har gode haldningar • Du er pasientorientert • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149368716 Stillingsprosent: 100, 83% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi har ledig to faste 80% stillingar og ei fast 90% stilling som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A. Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige. Arbeidsoppgåver • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar • Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver • Legemiddelhandtering • Sjukepleieprosedyrar • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit • Rettleiing av studentar og kollegaer • Kontinuerlig forbetringsarbeid Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Erfaring frå sjukehus og kirurgi er ønskeleg • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel • Du er ansvarsbevisst • Du er engasjert og lærevillig • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonAndre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5153252822 Stillingsprosent: 80, 90% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026