
Solund kommune Helse og omsorg · Solund
Helsefagarbeidar Er du helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg! Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytter...
Er du helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg!
Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag.
Vi har ledig fast helgestilling som helsefagarbeidar, i tillegg søkjer vi tilkallingsvikarar. Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande.
Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk.
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng og alle helse- og omsorgstenestene er samla under eit tak. Me har eigen legevakt som er bemanna 24/7 og saman er me eit godt team både dag og natt.
Sidan vi er ein liten institusjon er det viktig at du er god på samhandling. Det er ein variert kvardag, difor er det viktig at du er fleksibel og har evne til å tilpasse deg. For å få ein triveleg kvardag saman med bebuarane og kollegaer ser vi for oss at du er raus og inkluderande.
Vi tilbyr
Dette er stillinga for deg som ynskjer å jobbe på ein mindre institusjon i eit lite samfunn. Som helsefagarbeidar i Solund kommune har du tid til å bli godt kjent med brukarane. Det kan vere travle arbeidsdagar her hos oss, men på same tid eit heilt anna tempo enn ein opplever på større stadar. Hos oss skal du få tid til å gjere den gode jobben som helsefagarbeidar.
Om du likar å være aktiv/sosial på fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om me er små finst det noko for dei fleste her hjå oss.
Syns du dette kan høyrast spanande og utfordrande ut, ja då må du søkje stillinga! Slå gjerne på tråden til Ingelin - leiar for sjukeheim og heimetenester, ho gler seg til å høyre frå deg!
Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid 6 månadar.
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Helsefagarbeidar - fast 100% stilling i Heimetenesta Me søkjer helsefagarbeidar i 100 % fast stilling i turnus. Stillinga har for tida langvakter kvar 4. helg, inkl nokre langvakter i vekedagar. Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og består av to avdelingar- Heimesjukepleien og Psykisk helse m/ tildelingskontoret. Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 53 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år + , heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp». Som tilsett hos oss vert du del av ei viktig gruppe som skal trygge pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, i godt samarbeid med dine kollegaer, inkl våre øvrige tenester i kommunen. Om stillinga • Stillingsstorleik: 100 % • Stillingstype: Fast stilling • Stillinga er i turnus med langvakter kvar 4. helg, inkl noko langvakter i vekedagar Arbeidsoppgåver: • Yte omsorg, pleie og tilsyn jf vedtak knytt til tenestemottakarane sine behov. • Dokumentere i EPJ. • Halde deg oppdatert med gjeldande rutinar (jf Compilo) Ta initiativ til/ være del av forbetringsarbeidet på arbeidsplassen (jf kommunen si satsing innan LEAN) Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. • Du må beherska norsk skriftleg og munnleg (B2- nivå). • Førarkort kl. B. Det er ein fordel om du kjenner til CosDoc, og kjenner til hovedtankane og arbeidsmetodane knytt til «Gode pasient forløp». Personlege eigenskapar Me søkjer deg som har: • Evne til å sjå andre sine behov • Klarer å jobbe i team • Er fagleg engasjert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er sjølvstendig • Ynskjer å bidra til nødvendig tilpassing av våre tenester i møte med notid og framtid • Du må like å ta ansvar og ha evne til å bidra til godt arbeidsmiljø. Hos oss i Suldal kommune får du: Faglege og personlege utfordringar i eit arbeidsmiljø vi alltid arbeider for skal vært godt og inspirerande. • Du får engasjerte og dyktige kollegaer og gode moglegheiter til fagleg utvikling. • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Bedriftshelseteneste • Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med tariff Spørsmål om stillinga kan rettast til: Einingsleiar Svanhild Løge Skålheim ( mob 99 36 25 23) (før 10.07.26 , og etter 03.08.26) Avd leiar Anne Marie Torsteinbø (mob 91539 924) Frå 13.07.26 Andre opplysingar: • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju veke 33 • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
I heimetenesta på område aust treng me fleire dyktige kollegaer. Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer oss deg som er engasjert og trivst med å arbeida med menneske. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre, er dette rette plassen for deg! Me har ledige faste stillingar for helsefagarbeidarar i 13-20%. Stillingane er i turnus med arbeid dag og kveld på helg. Me tilbyr • Spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med gode utviklings moglegheiter • Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø der kvar arbeidstakar har store faglege utfordringar • Leiarar som er opptekne av myndiggjorte tilsette • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Løn etter gjeldande avtaleverk • Moglegheit til å påverka din arbeidsrotasjon Me søkjer • Dyktige medarbeidarar med helsefagleg utdanning • Assistentar som samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev, og sjukepleiarstudentar, er også velkomen til å søkja. • Du må meistra skriftleg og munnleg norsk¸ og ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse. • Du må ha førarkort klasse B Arbeidsoppgåver • Heimehjelpsoppdrag • Heimetenesteoppdrag • Hjelpe brukarar til reinhald og praktisk bistand i heimen • Lage handleliste i samarbeid med brukar • Tverrfagleg samarbeid • Stell og pleie. • Medisinutdeling etter gjennomført medisinkurs og opplæring Personlege eigenskapar som vert vektlagt: • Du likar å arbeide med mennesker. • Du er serviceinnstilt, strukturert og nøyaktig, og kan kommunisera på ein ryddig og høfleg måte. • Du snakkar og skriv godt norsk, og har gyldig arbeids- og opphaldstillatelse. • Du likar å samarbeide med arbeidskollegaer for å skapa eit godt miljø rundt brukarar og bidra til eit godt arbeidsmiljø. • Du søkjer fagleg oppdatering, og deltar på dei kurs, møter, undervisningsopplegg etc. som har relevans til arbeidsområdet. Godkjend politiattest må framleggjast Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her
Vanylven Helse og Omsorgssenter, har ledig stilling i inntil 100% fast som helsefagarbeider. Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg! Omsorgsenteret har i dag totalt 43 plassar fordelt på langtid, korttid, demens, avlastning, KAD og palliative rom. Som helsefagarbeider på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeidar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking. Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget! Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg eventuelt komprimert turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Vi har årsturnus noko som skaper forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje. Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. Vi ønsker deg velkommen til vårt team! Send inn søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglege utfordringar og ein meiningsfull kvardag. Arbeidsoppgåver • Helsefaglege oppgåver • Dagleg stell og pleie etter bebuarane sine behov og tiltaksplaner • Observere, vurdere og kartlegge behov hos bebuarane • Sørge for god dokumentasjon. Vi bruker Helseplattforma. • Medikamenthandtering • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar • Sikre gode pasientforløp • Ta i bruk velferdstekologiske løysingar Kvalifikasjonar • Fagbrev som helsefagarbeider/aut.hjelpepleier • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs • Godkjent politiattest • God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy • Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg • Effektiv fleksibel og løysingsorientert • Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga • Positiv bidragsytar til eit godt arbeid Personlege eigenskapar • Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid • Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre • Personleg egnaheit blir vektlagt Vi tilbyr • Faglege utfordringar • Spennande og variable kvardagar • Moglegheit for eigenutvikling • Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg • Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar KontaktinformasjonKatrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.no ArbeidsstadRådhusvegen 1 6143 Fiskå Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune Referansenr.: 5138620990 Stillingsprosent: 100% Fast