
Medisinsk seksjon, Nordfjord sjukehus · Stad
Medisinsk seksjon, Nordfjord sjukehus har ledig 100 % fast kombistilling som geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar: • 40 % på eldremedisinsk poliklinikk • 60 % ...
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage/tarm, hjarte, lunge, infusjon, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade.
Medisinsk sengepost er ein spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
Denne kombistillinga gir ein variert og spennande arbeidskvardag med både poliklinisk arbeid og arbeid på sengepost. Hos oss får du ei bratt læringskurve, høve til å lære mange prosedyrar og tileigne deg brei kompetanse innan indremedisin, geriatri og akuttmedisin.
Vi har fokus på fagleg utvikling og tilbyr jamleg simuleringstrening, undervisning og kompetanseheving,. Samstundes er vi opptekne av eit godt arbeidsmiljø.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt kultur- og fritidstilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt.
For å jobbe med oss:
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig ar du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi er opptatt av at du skal trivast ho oss. Når du jobbar ho oss vil du få:
KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Einingsleiar medisinsk sengepost, (+47) 416 48 264
Arnstein Ivesdal, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, (+47) 578 64 031
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5144050061
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 07.09.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko. Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre. Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer! Dette er Vinje sjukeheim: Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar) Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Kollegatøtte er viktig for oss. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det. Sjukeheimen skal igang med mentorordning for nytilsette, noko som vil sei at du som nytilsett får tett oppfølging av ein kollega som er mentor. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar • Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande • Samtaler og tett kontakt med pårørande • Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging • Bidra til fagutvikling på avdelinga • Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg) Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Me oppmodar nyutdanna til å søkje. Personlege eigenskapar • Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar • Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg • Du er fleksibel, engasjert og er klar for ein spanande jobb • Du tek ansvar og viser omsorg - både som menneskje, sjukepleiar og kollega • Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig • Du har evne til å arbeide sjølvstendig • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Me tilbyr • Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra • ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema • Det blir gjeve støtte til relevant vidareutdanning. • Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar • Me har eit aktivt friluftsliv i kommunen • Løn etter lokal lønstabell - høgare enn KS sin sentrale minsteløn Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 212 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5152092671 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar,, som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Opnar opp for at Autoriserte vernepleiar og kan og søke. Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande. Vi har ledig 92 % fast st på Otta-/Karvestova på Volda Omsorgssenter,, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring. Otta /Karvestova er ei somatisk langtidsavdeling med 19 bebuerar fordelt på 2 grupper. Vi har f.t 2 delt turnus, med arbeid kvar 3 hel. Vi er no i eit TØRN prosjekt, der vi jobbar mot Årsturnus og langvakter på helg. Arbeidsoppgåver • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet. • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem. • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar. • Omsorg ved livets slutt. • Tett pårørande samarbeid. • Rettleiing av kollega, studentar og elevar. • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet" • Fokus på aktivitet og sosialisering. Kvalifikasjonar • Du er autorisert sjukepleiar,vernepleiar , oppgje HPR nr i søknaden. • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team. • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. • Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga. Personlege eigenskapar • Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar. • Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum. • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. • Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer. • Du har lyst til å bidra til utvikling. • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen. • Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens. • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim". • Personleg eignaheit vil verte vektlagt. Vi tilbyr • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass. • Engasjerte og hyggelege kollegaer. • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det. • Regelmessig internundervisning. • Gode pensjons og forsikringsordningar. KontaktinformasjonKwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta /Karvestova, 47889635, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Instiusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no ArbeidsstadStormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5137430064 Stillingsprosent: 92% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: • 1 x 100 % fast stilling • 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. • Rettleiing av studentar og kollegaer. • Samhandling med kommunar. • Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar • Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar • Du er ansvarsbevisst og strukturert • Du har eit fagleg engasjement • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du er positiv og har gode haldningar • Du er pasientorientert • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149368716 Stillingsprosent: 100, 83% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026