
HELSE OG OMSORG, Stad kommune · Stad
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar. Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å...
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.
Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.
Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for.
Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at du følgjer med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er
aktuell for vikararbeid.
Kontakt oss gjerne om du lurer på noko!
KontaktinformasjonAnn Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152331406
Stillingsprosent: 23%
Søknadsfrist: 04.01.2027
Vil du jobba med menneske? I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss. Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter 2026, må du søkja på nytt. Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid. Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/ Arbeidsoppgåver • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar • Miljøarbeid • Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida Du kan jobba som: • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent • Vernepleiar/vernepleiarstudent • Helsefagarbeidar • Pleiemedarbeidar • Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Du er: • Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre • Serviceinnstilt og engasjert • Fleksibel og løysingsorientert • Raus og inkluderande • Møter andre på ein respektfull og open måte • Meistrar norsk muntleg og skriftleg Vi tilbyr • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver • Opplæring vert gitt • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215 Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317 Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34 ArbeidsstadGrovagjelet 16 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5058117717 Stillingsprosent: 100, 50% Vikar
Arbeidsoppgåver: • Kjøring av tårnkran • Løfteoperasjoner og logistikkstøtte til produksjonen • Daglig kontroll og enkelt vedlikehold av kran • Bidra aktivt til godt HMS-arbeid og sikkert løftearbeid • Samhandling med bas, formenn og øvrige fagKvalitetssikring av utført arbeid, samt rapportering av avvik • Bidra til effektiv framdrift og samarbeid på tvers av fagmiljø Kvalifikasjonar: • G2-sertifikat, men vi oppfordrar alle interesserte til å søke • Strukturert med god risikoforståing • Lagspelar og bidrar til godt arbeidsmiljø • Kommuniserer godt på norsk og engelsk • Erfaring frå skipsbygging, industri eller offshore er ein fordel • Fokus på HMS og kvalitet i arbeidet Personlege eigenskapar: • Strukturert, løysingsorientert og nøyaktig i arbeidet • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team • Fokus på HMS og kvalitet • Fleksibel og motivert for varierte oppgåver Vi tilbyr: • Spennande og varierte prosjekt i maritim industri • Moderne fasilitetar og eit solid fagmiljø med høg kompetanse • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare sertifisering • Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad Stillinga rapporterer til: Teamleiar Lager og Transport For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Teamleiar Utrustning; Trygve Systad: 472 92 433 Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad! Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/ Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/
Arbeidsoppgåver: • Produksjon, tilpassing og montering av plater og stålkonstruksjonar om bord skip og på verkstad • Utføre sveising i ulike posisjonar og materiale • Utforming av plater, røyr og profilar • Arbeid etter teikning, spesifikasjonar og produksjonsunderlag • Kvalitetssikring av utført arbeid, samt rapportering av avvik • Bidra til effektiv framdrift og samarbeid på tvers av fagmiljø Kvalifikasjonar: • Fagbrev som platearbeidar, sveiser eller tilsvarande – relevant erfaring kan kompensere • Sertifikat innan ein eller fleire av følgjande metodar: MIG/MAG/TIG, røyrtråd eller elektrode • Erfaring frå skipsbygging, industri eller offshore er ein fordel • Evne til å lese og forstå arbeidsteikningar og produksjonsunderlag • Fokus på HMS og kvalitet i arbeidet Personlege eigenskapar: • Strukturert, løysingsorientert og nøyaktig i arbeidet • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team • Fokus på HMS og kvalitet • Fleksibel og motivert for varierte oppgåver Vi tilbyr: • Spennande og varierte prosjekt i maritim industri • Moderne fasilitetar og eit solid fagmiljø med høg kompetanse • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare sertifisering • Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad Stillinga rapporterer til: Teamleiar Utrustning For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Teamleiar Utrustning; Kurt Amundsen 952 49 639 Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad! Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/ Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/