
Stryn Kommune · Stryn
Stryn kommune søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på spennande utviklingsarbeid i Miljø og velferd dei næraste åra. Som eini...
Stryn kommune søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på spennande utviklingsarbeid i Miljø og velferd dei næraste åra.
Som einingsleiar i Miljø og velferd vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene gjennom nye arbeidsmåtar, god fagutvikling og målretta endringsarbeid. Det vil vere stadig fleire innbyggjarar som har behov for kommunale tenester, noko som gjer at nytenking, omstilling og berekraftige løysingar står sentralt i stillinga. Samstundes er det viktig å ta vare på det som fungerer godt i dag.
Tenestene arbeider tett saman for å leggje til rette for meistring, deltaking og god livskvalitet for brukarane.
Som einingsleiar vil du ha overordna personal- og budsjettansvar, samt hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll i eininga. Du har òg det overordna faglege ansvaret for tenestene.
Du vil vere ein del av kommunalsjef for Helse og sosial si leiargruppe og bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid i kommunen.
Relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå, gjerne innan helse- og sosialfag
Leiarutdanning og/eller leiarerfaring vil bli vektlagt
Vi tilbyr
KontaktinformasjonAlexander Rande, Kommunalsjef, 97040762
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790
ArbeidsstadTonningsgata 4
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5147609344
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
I ei verd av endring og utvikling, søkjer vi ei unik sjel som ønskjer å vere med på å forme framtida av våre miljø- og velferdstenester. Hos oss er kvar dag ei moglegheit til å inspirere, skape og gjere ein reell skilnad i samfunnet. Om oss: Miljø- og velferdstenester er ei eining som omfattar dagtilbod for utviklingshemma, tenester for psykisk helse og rus, avlastningsbustad og heimeteneste for utviklingshemma. Det er ledig avdelingsleiarstilling i avdeling heimeteneste for heimebuande personar med utviklingshemma. Som avdelingsleiar i miljø og velferd vil du bli del av eit team på 3 avdelingsleiarar som kontinuerleg har kvarandre i ryggen og delar av kompetanse. I etaten for miljø og velferd er vi midt i ein spennande omstillingsprosess der ein ser på måtar å forbetre tenestene på ein meir berekraftig måte. Drivkrafta er ønsket om å styrke vår kompetanse og utvide vårt tenestetilbod til det beste for både tilsette og brukarane av tenestene våre. Som ein del av vårt team får du moglegheita til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø. Er det deg vi leitar etter? Vi søkjer ein leiar som er lidenskapleg oppteken av å vidareutvikle, drive endringar og skape ein kultur som inspirera til vekst, innovasjon og god kultur. Vi ønskjer ein leiar som ser nye moglegheiter, følgjer med på utviklinga nasjonalt og er klar til å møte morgondagens helseutfordringar med kreativitet og engasjement. Du vil oppleve varierte og dynamiske arbeidsdagar med kontinuerlege endringar og utfordringar. Som ein del av teamet vårt, vil du ha moglegheit til å påverke korleis du jobbar og samarbeider. Du vil være ein synleg leiar og reise ut for å møte personalet, nokre gonger utanom vanleg arbeidstid. Her er fleksibilitet nøkkelen, både i arbeidstida di og korleis du strukturerer arbeidet for å møte utfordringane. Du får såleis fleksibilitet til å organisere din eigen arbeidskvardag. Som avdelingsleiar for miljø- og velferd får du være med på å ta samfunnsansvar ved å bidra til å skape ein bedre kvardag for våre brukarar. Vi jobbar for dei, og det er viktig at dei har eit godt liv der dei trivest og har det bra! Din innsats vil bidra til å tilby gode tjenester som er kritiske for samfunnet. I jobben vil du få moglegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar. Stryn Kommune vil oppfordre og tilby dei som manglar kompetanse moglegheita til å ta utdanning eller kurs slik at ein vert fagleg trygg i sin arbeidskvardag, men óg slik at ein står med riktig kompetanse retta mot framtida. Blir du motivert? Bli med oss og bli ein del av eit spennande reisefølgje mot ein lysare framtid i miljø- og velferdstenester. Er du villig til å lære og villig til å leie? Søk i dag! Arbeidsoppgåver • Dagleg leiing og organisering av personalet i avdelinga. • Fagleg ansvar for tenestetilbodet i avdelinga. • Medverknad til utvikling av avdelinga og tenestene. • Skape eit godt arbeidsmiljø og involvere personalet i endringsprosessar. Kvalifikasjonar • Leiarutdanning og/eller erfaring som leiar er ønskjeleg, men ikkje eit krav. • Erfaring frå arbeid innanfor fagområdet. • Gode faglege og digitale ferdigheiter som møter dagens standard. • Gode kommunikasjonsevner, samarbeidsevner og evne til leiing og fleksibilitet. Personlege eigenskapar • Vi ser etter nokon som er utviklingsorientert, nysgjerrig og motivert for å skape positive endringar. • Du brenn for å vere ein leiar, gjerne med eit sterkt ønske om å bidra til ein betre kvardag for tilsette og brukarar av miljø og helse tenetsetne våre. • Evne til å ta personleg ansvar, leie eit team og byggje sterke relasjonar. • Du er modig i dine avgjersler og klar til å ta på deg utfordringane som kjem din veg. • Gode organisatoriske ferdigheiter og evne til å prioritere. Vi tilbyr • Varierande arbeid i positivt miljø • Tjenester i utvikling • God mulighet til leiarutvilking • God penskjonsordning KontaktinformasjonÅshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790 ArbeidsstadMyrane 18 6783 Stryn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5144214534 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Har du lyst på utfordrande arbeidsoppgåver i verdas beste vesle Stad? Vi søkjer etter ny ingeniør på vatn, avløp og overvatn (VAO). Kommunalteknikk er ei eining under kommunalområdet Kultur og Samfunn i Stad kommune, saman med Eigedom, Kultur, Plan og forvaltning og Brann. Kommunalteknikk har ansvaret for all offentleg infrastruktur i kommunen. Vi driftar og vedlikeheld kommunalt vegnett, parkanlegg, kommunale hamner, kommunaltekniske anlegg og infrastruktur knytt til vassforsyning, avløp og overvasshandtering. Kommunalteknikk har totalansvar for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av alle kommunale vann- og avløpsanlegg i Stad kommune. Kommunalteknisk drift er delt inn i to driftsgrupper: Vegdrift og park, samt VAO. Driftsgruppe VAO - vatn, avløp og overvatn, har ansvar for drift og vedlikehald av eit transportsystem med 340 km VAO-leidningsnett. Vi har 9 vassverk, 12 høgdebasseng, 16 små og store renseanlegg for avløp, og 34 pumpestasjonar for avløp. VAO har til saman 10 tilsette pr i dag. Stillinga som Ingeniør VAO går inn i dette teamet. Stad kommune har vedteke tre nye temaplanar på vatn, avløp og overvatn i 2022-2034, med mange naudsynte investeringar i planperioden. Vi skal gjennomføre både store og små investeringsprosjekt dei komande åra. Det skal mellom anna byggjast nytt renseanlegg på Nordfjordeid, og i Selje, nye høgdebasseng, samt leidningsfornying. Arbeidsoppgåver • Planlegge, dimensjonere og prosjektere VAO-anlegg. • Innmåling og kartarbeid, leidningsnett og kommunaltekniske anlegg • Rapportering til styresmakter • Saksbehandling - behandle søknader om tilknyting, og innmelde saker frå innbyggjarar • Bistand til drift: Problemløysing, initiere utbetringsprosjekt • Overvatn: Kartlegge nedbørsfelt, kartlegge leidningsnett • Avvikshandtering • Oppfølging HMS/prosedyrer Kvalifikasjonar • Relevant bachelorgrad; VA anlegg, bygg, miljø, energi, hydrologi, og tilsvarande • Ønskeleg med relevant mastergrad • Ønskeleg med relevant fagkompetanse og erfaring innan vatn, avløp og overvatn, men oppmodar også nyutdanna kandidatar om å søkje • Ønskeleg med erfaring frå innmåling, Bruk av GPS • Ønskeleg med erfaring frå GIS-system (Gemini VA, Gemini Portal), Civil 3D, Vardak, Autocad • Villig til opplæring/kursing Personlege eigenskapar • Du er opptatt av helse, miljø og tryggleik. • Du er allsidig, strukturert og ryddig. • Du har gode samarbeidsevner, og du kan ta eit sjølvstendig ansvar. • Du tek initiativ og har ei god serviceinnstilling. • Du er praktisk og løysingsorientert. • Du trivst med å lære nye ting og er kvalitetsbevisst. • Du har gode kommunikasjonsevner. Vi tilbyr • Ei spennande og utfordrande fulltidsstilling i ein framoverlent kommune som satsar på utvikling og innovasjon • Moglegheit til å gjere ein reell forskjell for lokalsamfunnet ved å bidra til ei trygg og effektiv vass-, avløps- og overvasshandtering • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kompetanseutvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt KontaktinformasjonHilde Hovden, Einingsleiar kommunalteknikk, 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no ArbeidsstadRådhusvegen 11 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5144475091 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Har du lyst på utfordrande arbeidsoppgåver i verdas beste vesle Stad? Vi søkjer etter ny driftskoordinator på vatn, avløp og overvatn (VAO). Kommunalteknikk er ei eining under kommunalområdet Kultur og samfunn i Stad kommune, saman med eigedom, kultur, plan og forvaltning og brann. Eininga har ansvaret for offentleg infrastruktur i kommunen. Vi skal drifte og vedlikehalde kommunalt vegnett, parkanlegg, kommunale hamner, kommunaltekniske anlegg og infrastruktur knytt til vassforsyning, avløp og overvasshandtering. Kommunalteknikk har totalansvar for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av alle kommunale vatn- og avløpsanlegg i Stad kommune. Kommunalteknisk drift er delt inn i to driftsgrupper: vegdrift og park, samt vatn, avløp og overvatn (VAO). Driftsgruppe VAO har ansvar for drift og vedlikehald av eit transportsystem med 350 km VAO leidningsnett. Vi har 9 vassverk, 12 høgdebasseng, 16 små og store renseanlegg for avløp, og 34 pumpestasjonar for avløp. Driftsgruppe VAO har til saman 10 tilsette i dag. Stillinga som driftskoordinator VAO går inn i dette teamet. Stad kommune har vedteke tre nye temaplanar på vatn, avløp og overvatn i 2022-2034, med mange nødvendige investeringar i planperioden. Vi skal gjennomføre både store og små investeringsprosjekt dei komande åra. Det skal mellom anna byggjast nytt renseanlegg på Nordfjordeid og i Selje, nye høgdebasseng, samt leidningsfornying. Arbeidsoppgåver • Ansvar for gjennomføring av driftsprosjekt - intern/ekstern koordinering • Planlegging og oppfølging av driftsprosjekt - framdrift, økonomi, bestilling, innkjøp, kvalitetskontroll, feltarbeid. • Teknisk støtte til større investeringsprosjekt VAO • Bistå med service og vedlikehald på tekniske prosessanlegg • Innmåling og kartarbeid, ledningsnett og kommunaltekniske anlegg • Tett samarbeid med driftsleiar VAO • Beredskap - mogleg vaktordning indre • Andre arbeidsoppgåver må påreknast. Kvalifikasjonar • Relevant fagbrev; automasjon, rørleggar, bygg og anlegg, prosessoperatør, og tilsvarande • Ønskeleg med fagskuleutdanning; bygg og anlegg, rørleggar, prosess, automasjon, og tilsvarande • Ønskeleg med relevant fagkompetanse og erfaring innan vatn og avløp og overvatn • Ønskeleg med praktisk kunnskap og erfaring frå VA anlegg; vassverk, ledningsnett, renseanlegg, pumpestasjonar • Villig til opplæring/kursing • Ønskeleg med erfaring frå innmåling, bruk av GPS • Ønskeleg med erfaring frå Gemini Portal, GIS, Civil 3D, Vardak, Autocad • Ønskeleg med ADK1-sertifikat • Førarkort klasse B er eit krav Personlege eigenskapar • Du er oppteken av helse, miljø og tryggleik • Du er allsidig, strukturert og ryddig • Du har gode samarbeidsevner, og du kan ta eit sjølvstendig ansvar • Du tek initiativ og har ei god serviceinnstilling • Du er praktisk og løysingsorientert • Du trivst med å lære nye ting og er kvalitetsbevisst • Du har gode kommunikasjonsevner Vi tilbyr • Ei spennande og utfordrande fulltidsstilling i ein framoverlent kommune som satsar på utvikling og innovasjon • Moglegheit til å gjere ein reell forskjell for lokalsamfunnet ved å bidra til ei trygg og effektiv vass-, avløps- og overvasshandtering • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kompetanseutvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Lønn etter tariff • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt KontaktinformasjonHilde Hovden, Einingsleiar kommunalteknikk, 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no ArbeidsstadRådhusvegen 11 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5144472803 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026