
Sunnfjord Og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid · Sunnfjord
50% stilling som legevaktsjef ved Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid IKS (SYS IKL) Hva vi ser etter Søker må vere godkjent spesialist i ...
50% stilling som legevaktsjef ved Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid IKS (SYS IKL)
Søker må vere godkjent spesialist i allmennmedisin i Norge. Spesialitet i samfunnsmedisin vil og vektleggast
Politiattest av ny dato må fremlegges før tiltredelse
Stillinga inneber at du har det øvste faglege og administrative ansvaret for organisasjonen. Som eit IKS er vi organisert med eige styre, med 5 faste styremøter årleg. I forkant av styremøter er det møte i det rådgjevande fagrådet, med legevaktansvarleg lege frå kvart legekontor i samarbeidet. Kvart halvår er det møte i representantskapen, som er organisasjonens øvste organ. Legevaktsjef førebur saker til fagråd, styre- og representantskapsmøter, og stiller i møtene med talerett. Vidare har legevaktsjef ansvaret for å gjennomføre dei vedtak som er fatta i styre- og representantskapsmøtene.
SYS IKL har ein erfaren administrativ leiar i 100% stilling, som er legevaktsjef sin næraste medarbeidar. Vidare er det to erfarne fagutviklingssjukepleiar i kvar sin 50% stilling (ØHD/legevakt og legevaktsentral/legevakt). Til saman utgjer dette leiargruppa ved legevakta som samarbeidar tett. På overgrepsmottaket er det erfaren lege i 20% stilling som medisinskfagleg ansvarleg, og erfaren fagutviklingssjukepleiar i 100% stilling.
Tidlegare legevaktsjef vil over tid vere tilgjengeleg for innføring i stillinga.
Det er om lag 50 fastlegar tilknytt legevakta. Vi har 4 fast tilsette natt-leger som går i rotasjonsstilling. Det er 28 sjukepleiarar tilsett, i samla 18 heile stillingar.
SYS IKL er ein organisasjon i utvikling, og det må påreknast arbeidsoppgåver både opp mot drift og vidareutvikling av organisasjonen: