
Sivdamheimen, Time kommune · Time
Kjære alle dyktige helsefagarbeidarar! Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga...
Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga er ei rein nattevaktstilling med arbeid anna kvar/kvar tredje helg. Me ser etter deg som ønskjer å vere med i medarbeidargruppa vår og bidra til tryggleik, glede og omsorg for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der pasientane våre står i sentrum, og der me arbeider saman for å skape gode dagar og netter. Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du ha moglegheit til å vere med og påverke din eigen turnus.
Sivdamheimen ligg sentralt til, med kort avstand til både Bryne sentrum og buss- og togstasjon. Avdelinga er organisert i tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy.
Me har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Saman arbeider me målretta for å gje pasientane ein trygg og tilrettelagd kvardag, med fokus på meistring, trivsel og best mogleg livskvalitet.
Hos oss får du arbeide i eit tverrfagleg miljø der fagutvikling, kvalitet, brukarmedverknad og nytenking står sentralt. Samstundes legg me vekt på eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, engasjement og godt humør er ein naturleg del av kvardagen. Institusjonstenestene i Time kommune har eigen fagutviklar med særleg fokus på kompetanse-utvikling, pasientsikkerheit og kvalitet. Me har òg eit tett og godt samarbeid med kommunen sin demenskoordinator.
Ønskelig med oppstart 1.september
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonMari Elise Almås, Avdelingsleiar, 93268156, mari.elise.almas@time.kommune.no
ArbeidsstadRøyrvika 12
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5156523625
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026
På jakt etter ein jobb med varierte arbeidsoppgåver og meiningsfulle dagar? Røyrvika omsorgsbustadar ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både sentrum og buss- og togstasjon. Me tilbyr bustad og oppfølging til 22 bebuarar med ulike ressursar, behov og livssituasjonar. Fleire har samansette helsebehov og mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgstenester. Røyrvika er ein del av eininga Psykisk helse og rusarbeid, og me arbeider for å skapa trygge og gode rammer der den enkelte bebuar kan oppleva meistring, utvikling og livskvalitet. Her møter du menneske med samansette behov, noko som gir både faglege utfordringar og moglegheiter for læring og utvikling. Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø med om lag 60 tilsette fordelt på 30 årsverk. Me legg stor vekt på samarbeid, fagutvikling og brukarmedverknad, og me arbeider kontinuerleg for å utvikla tenestene våre. Samstundes er me opptekne av å ta vare på kvarandre og skapa eit arbeidsmiljø, prega av openheit, støtte og godt humør. Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du få moglegheit til å påverka eigen turnus gjennom turnusplanlegginga. Me har ledig fleire stillingar : 100% fast, 1 stilling som helsefagarbeidar. 100 % vikariat, 2 stillingar som helsefagarbeidar. Vikariat i eitt år, med moglegheit for forlenging. Helgestillingar (ca. 13-20%), 3 faste stillingar, herav ei 1 nattstilling og 2 dag/kveld stillingar. Nokre av helgene er kvar 3. helg og andre kvar 4. med langvakter Oppstart etter avtale. Arbeidsoppgåver • Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgtenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk • Yta nødvendig helsehjelp, miljøarbeid og praktiske oppgåver • Skapa tryggheit og gode relasjonar • Primær/sekundæransvar • Sikra eit godt samarbeid med andre samarbeidsparter • Legemiddelhandtering • Sjå behov for utvikling og endring hos brukarane • Fagleg rettleiing av tilsette, lærlingar og elevar • Bidra til fagleg kompetanseheving og utvikling av tenesta • Dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skftleg (minimun tilsvarande nivå B2) • Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg • Er fleksibel og ansvarsbevisst • Gode datakunnskapar. Dokumentasjon er ein viktig del av arbeidet, og me nyttar Profil som journalsystem Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og /eller karakterutskrift kan du henta på Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja generell og/eller yrkesgodkjenning fra Direktoratet for høgarer utdanning og kompetanse (HKdir) Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjonsferdigheiter og framstå klar og tydeleg • Du tar medansvar for eiga utvikling og tileignar deg ny kunnskap og er engasjert for faget. • Er ansvarsbevisst og fleksibel, like utfordringar og er løysingsorientert • Du tar initiativ • Gode samarbeidsevner, både internt, i arbeidsmiljø og eksternt • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen utviklar seg Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Me legg særleg vekt på evna til å samarbeida godt med ulike faggrupper til beste for bebuarane. Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar (KLP) • Løn etter tariff • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonBjørg Bø McDowell, Avdelingsleiar, +47 95818646 ArbeidsstadRøyrvika 3a 4340 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5157066780 Stillingsprosent: 100, 20% Fast, Vikar Søknadsfrist: 17.08.2026
Miljøtenesta i Time kommune består av 6 avdelingar fordelt på Bryne og Kvernaland Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og omfattar: Heildøgns omsorgsbustadar og burettslag Barne- og avlastningsbustad Aktivitetssenter Tilrettelagte aktivitetstilbod Timebaserte tenester til heimebuande Positiv atferdsstøtte (PAS) er godt forankra i tenestene våre og ligg til grunn som verdi- og rammeverk for arbeidet i alle avdelingar. Verksemda arbeider aktivt for at brukarane skal oppleva god livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag, med fokus på sjølvbestemming, meistring og fellesskap. Du vert ein del av eit tverrfagleg miljø og eit leiarteam med fem avdelingsleiarar, og du rapporterer til verksemdsleiar. Om stillinga Du får ansvar for Holmebakken bufelleskap og eit nytt bufelleskap som opnar på Kvernaland i desember 2027. Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt bufellesskap. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og etablering av dette tilbodet. Dette gir deg ei unik moglegheit til å: Vera med å etablere eit nytt bufellesskap frå start Legge gode rammer for fag, struktur og kultur Arbeidsoppgåver Dagleg leiing av avdelinga med fag-, personal- og økonomiansvar Sikra ei god og effektiv tenesteproduksjon Arbeide med kvalitet og fagleg utvikling i tråd med lovverk og interne krav Vere tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær Sikre oppfølging av mål, krav og politiske vedtak Bidra til god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar Leie utviklingsarbeid og endringsprosessar Planlegga og etablera nytt bufelleskap på Kverneland I 2026 vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytte til organisatorisk arbeid, førebuing og tilrettelegging, i lys av at Holmebakken frå 2027 skal slås saman med nytt foreldreinitiativ på Kverneland. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Brei erfaring med målgruppa Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ønskjeleg God økonomisk forståing Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel God IKT-kompetanse Krav om norskferdigheter, minimum B2 Du må ha førarkort klasse B (manuell gir) Det er krav om politiattest ved tilsetting. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Har ein trygg, tydeleg og inkluderande leiarstil • Er strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne i ein travel kvardag • Skaper tillit, gode relasjonar og godt samarbeid med medarbeidarar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar • Er utviklingsorientert og trivst med å byggja struktur, kultur og fagleg retning i nye tenester • Er løysingsorientert, handlekraftig og trygg i komplekse situasjonar og endringsprosessar • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av openheit, respekt og fagleg engasjement Vi tilbyr • Ei spennande og utviklande leiarstilling • Moglegheit til å vera med å etablera eit nytt bufelleskap • Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling • Deltaking i eit godt leiarteam med fadderordning i oppstarten • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar • Bedriftskunstforening • Løn etter avtale KontaktinformasjonStig Soland Kristofferse, Verksemdleiar, +47 93633153, stig.soland.kristoffersen@time.kommune.no ArbeidsstadHolmebakken 4355 Kvernaland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5149768408 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Helsefagarbeider på natt Vi er en arbeidsplass med mange dyktige og engasjerte ansatte, og har nå behov for faglige, trygge og motiverte helsefagarbeidere til jobb på natt. Hos oss jobber du ikke alene om natten men vi arbeider team på tvers av tjenestene, og samarbeider tett mellom somatisk avdeling, hjemmetjenesten og demensavdelingen. Dette gir en variert og spennende arbeidshverdag med gode muligheter for faglig utvikling. Du vil være en del av et team som sammen ivaretar pasienter med ulike behov, fra somatikk til demensomsorg og oppfølging i hjemmebaserte tjenester. I nytt helsesenter, tatt i bruk høsten 2025, er tjenestene samlet i flere avdelinger og etasjer, noe som gjør godt samarbeid og fleksibel oppgaveløsning ekstra viktig. Vi er med i TØRN-prosjektet, hvor vi arbeider aktivt med ny oppgavedeling og smartere oppgaveløsning. Dette gir deg som helsefagarbeider mulighet til å bruke kompetansen din bredere og være en viktig del av utviklingen av fremtidas tjenester. Vi har stort fokus på kvalitet, fagutvikling og godt arbeidsmiljø, og legger til rette for læring, samarbeid og gode tjenester for pasientene. Høres dette spennende ut? Søk! Arbeidsoppgaver • Gi helhetlig pleie og omsorg til pasienter i institusjon og hjemmebaserte tjenester • Observere, vurdere og dokumentere pasientens helsetilstand, samt melde fra om endringer • Grunnleggende pleie, inkludert personlig hygiene, ernæring og mobilisering • Håndtere medisiner i tråd med gjeldende rutiner og egen kompetanse • Bidra til ro og trygghet gjennom natten, og følge opp pasienter med uro, smerter eller behov for lindring • Samarbeide tett i team på tvers av somatisk avdeling, hjemmetjenesten og demensavdelingen • Utføre praktiske oppgaver som å klargjøre for dagvakt og sikre god overføring mellom vakter • Delta i akutte situasjoner og bidra til forsvarlig oppfølging Kvalifikasjoner • Er autorisert helsefagarbeider • Gode norskkunnskaper, både muntlig og skriftlig • Politiattest uten anmerkninger • Vi legger vekt på personlige egenskaper Personlige egenskaper • Er trygg, selvstendig og samtidig god på samarbeid • Har interesse for å jobbe på natt og på tvers av tjenester • At du bidrar aktivt i utviklingsarbeid og er en god representant for natt • Bidrar til et positivt arbeidsmiljø og god pasientomsorg Vi tilbyr • Et inkluderende og faglig sterkt arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgaver på tvers av tjenesteområder • Mulighet til å påvirke og utvikle tjenestene gjennom TØRN-prosjektet • Gode kollegaer og et sterkt teamfokus på natt KontaktinformasjonStine Hylander, Avdelingsleder, +47 47293139 ArbeidsstedKodleberget 20 4389 VIKESÅ Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune Referansenr.: 5135786434 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026