
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren · Vågå
Tenesteleiar for Miljøterapitenesta i Vågå kommune Vil du leie og vidareutvikle miljøterapitenesta i Vågå kommune? Vågå kommune søkjer ein trygg, strategisk ...
Tenesteleiar for Miljøterapitenesta i Vågå kommune
Vil du leie og vidareutvikle miljøterapitenesta i Vågå kommune?
Vågå kommune søkjer ein trygg, strategisk og fagleg sterk tenesteleiar for Miljøterapitenesta.
Miljøterapitenesta er i ein viktig utviklingsfase, der vi arbeider systematisk med å tilpasse tenestene til demografisk utvikling, endra behov hos brukarane og tilgjengeleg kompetanse. Dette føreset tydeleg leiing, god heilskapleg forståing og evne til å balansere fagleg kvalitet, økonomisk berekraft og forsvarleg drift.
Miljøterapitenesta arbeider med målretta miljøarbeid der målet er at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen. Fagleg kvalitet, brukarmedverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar i tenesta, og vi ønskjer å vere ei utviklande teneste -- både for brukarane og dei tilsette.
Helsetenestene i Vågå kommune satsar på fagutvikling, kvalitet og berekraft, både i dagleg drift og i eit langsiktig perspektiv. Vi arbeider aktivt med å rigge tenestene for framtida, slik at rett kompetanse blir nytta på rett stad.
Tenesteleiar for Miljøterapitenesta rapporterer til kommunalsjef for helse, og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe.
Tenesteleiar har overordna ansvar for drift, økonomi, personal og fagleg utvikling i tenesta. Leiinga er organisert som eitt team med to avdelingsleiarar og tenesteleiar, som saman har ansvar for heilskapleg leiing, økonomistyring, utvikling og kvalitet i tenesta.
Tenesteleiar arbeider primært på eit strategisk og overordna nivå, med støtte frå avdelingsleiarane og kommunale stabsressursar innan økonomi, personal og merkantile funksjonar.
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.
I søknaden ønskjer vi at du får fram korleis bakgrunn og erfaring samsvarer med krava og ønskjer vi har for stillinga.
Søknad skal sendast via elektronisk søknadsskjema.
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova § 25.
Vil du leie eit Nav-kontor med eit viktig samfunnsoppdrag? Vi søkjer ein engasjert og tydeleg tenesteleiar som vil utvikle gode tenester for innbyggjarane i Lom og Skjåk, byggje sterke samarbeid og leie kontoret gjennom vidare utvikling og omstilling. Hva vi ser etter Vi vektlegg at du • har leiarutdanning • har kompetanse om offentleg forvaltning, kommunale og statlege styringssystem og økonomiområder • har god digital kompetanse • har kunnskap om målstyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv • har erfaring og evne til leiing av medarbeidarar • kan skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar • har god forståing av arbeids- og velferdspolitikken • har kompetanse om partssamarbeid og erfaring frå samarbeid med tillitsvalde Personlege eigenskapar • evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv • evne til leiing av medarbeidarar og bygge eit godt arbeidsmiljø • evne til å skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar • ryddig og systematisk arbeidsform Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver • Leie, drifte og vidareutvikle kontoret både fagleg, kvalitetsmessig og organisatorisk, slik at tenestene er heilskaplege, effektive og brukarvennlege for innbyggjarane og samarbeidspartnarane. • Tilpasse og sette i verk overordna føringar. • Ansvar for personal og budsjett, og å oppnå mål innan gjeldande rammer. • Styrke omstillingsevna for å kunne ta imot og levere moderniserte tenester. • Bidra til eit godt fungerande tverrfagleg samarbeid både lokalt, regionalt og på tvers av Nav kontor. • Noko reiseverksemd gjennom jobben må påreknast. Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. • Pensjonsordning i KLP.
Bu- og omsorgstenesta har ledige fagstillingar som helgevikarar på Gotatoppen, Oreteigen og Skjerma avdeling. Er du den vi ser etter? Stillingsprosent 14 % - 20 %, med arbeid anna kvar eller tredje kvar helg. Oppstart etter avtale. Som tilsett hos oss vil du få meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn omsorgsarbeidet og i det miljøterapeutiske arbeidet. Vi arbeider etter følgjande verdiar: Kunnskap, omsorg, mot og tillit. Vi er opptekne av god kvalitet på tenestene og er stolte av arbeidsplassen vår. Innkomne søknader vil bli handsama fortløpande. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktiviteter i forhold til pasient/ pasientgruppa.Kvalifikasjonar • Det er krav til fagutdanning som anten helsefagarbeidar eller sjukepleiar i stillingane. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg er viktig. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Personlege eigenskapar • Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av at pasientane kjenner tryggleik, respekt, trivsel og ivaretaking av eigne behov. • Du må kunne vise omsorg, empati og respekt. • Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø. • Interesse for å jobbe med mennesker • God samarbeidsevne Vi tilbyr • God opplæring i avdelinga sine oppgåver og rutiner utifrå kvalifikasjonar. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5147562735 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Eigedomsavdelinga har ansvar for drift, vedlikehald og reinhald av kommunen sine bygningar. Avdelinga har om lag 25 årsverk, der seks årsverk er knytte til vaktmeistertenesta. Vi har ledig 100 % fast stilling som driftsleiar for vaktmeistertenesta. Som driftsleiar får du ei sentral rolle i å planleggje, koordinere og utvikle den daglege drifta av kommunen sine bygg. Stillinga kombinerer driftsansvar med praktisk deltaking i vedlikehaldsarbeidet, og passar for deg som trivst med både koordinering og operative oppgåver. Arbeidsoppgåver Du vil bli tilsett i eigedomsavdelinga med ansvar for drift og vedlikehald av kommunen sine bygg. Som driftsleiar har du det overordna driftsansvaret for vaktmeistertenesta. Stillinga inneber koordinering og fagleg oppfølging av den daglege drifta, men har ikkje personalansvar. Driftsleiaren skal òg delta aktivt i det praktiske drifts- og vedlikehaldsarbeidet. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: • Delta i planlegging, organisering og vidareutvikling av drift og vedlikehald av kommunen sine bygg. • Koordinere den daglege drifta og arbeidsoppgåvene i vaktmeistertenesta. • Delta aktivt i det daglege drifts- og vedlikehaldsarbeidet saman med vaktmeisterane. • Utarbeide arbeidsplanar og prioritere oppgåver innanfor gjeldande økonomiske rammer. • Utarbeide og følgje opp vedlikehaldsplanar. • Vere kontaktperson for leiarar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar i saker som gjeld drift av kommunale bygg. • Planleggje, koordinere og følgje opp mindre bygge- og vedlikehaldsprosjekt. • Ha ansvar for internkontroll, FDV-dokumentasjon og systematisk oppfølging av tekniske anlegg. • Bidra til godt samarbeid, fagleg utvikling og eit positivt arbeidsmiljø i vaktmeistergruppa. • Ha driftsansvar for eigne bygg og sikre god kvalitet i tenestene. • Bidra til at kommunen sine bygg blir drifta på ein trygg, effektiv og kostnadseffektiv måte. Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har: • Relevant fagbrev innan byggfag, til dømes tømrarfaget, eller anna relevant byggteknisk utdanning og erfaring. • Erfaring frå drift, vedlikehald og oppfølging av bygg og bygningsmessige installasjonar. • God praktisk forståing for bygningsmessige løysingar og vedlikehaldsbehov. • Erfaring med planlegging, koordinering og prioritering av arbeidsoppgåver. • Erfaring med å leie, koordinere eller fordele arbeidsoppgåver til andre, gjerne frå arbeidslag, prosjekt eller driftsorganisasjonar. • Evne til å motivere og skape godt samarbeid i ei praktisk orientert faggruppe. • Kjennskap til systematisk vedlikehaldsarbeid, internkontroll og FDV-dokumentasjon. • Erfaring med digitale verktøy for planlegging, dokumentasjon og oppfølging av drift og vedlikehald. • Førarkort klasse B. • For oss er det viktig at du har evne til å skape struktur, få folk med deg og bidra til eit godt samarbeid i vaktmeistertenesta. Vi legg derfor stor vekt på personlege eigenskapar, leiarkompetanse og evne til å utøve god arbeidsleiing. Rett person kan vere viktigare enn lang erfaring. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er strukturert, planlegg godt og har evne til å prioritere og organisere oppgåver i ein variert arbeidskvardag. • Har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide saman med andre. • Er tydeleg og trygg i rolla som koordinator og arbeidsleiar. • Har evne til å skape engasjement og motivasjon i ei praktisk orientert faggruppe. • Er serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner i møte med brukarar, leiarar og kollegaer. • Arbeider sjølvstendig, tek initiativ og følgjer opp oppgåver frå planlegging til gjennomføring. • Har interesse for kontinuerleg utvikling og forbetring av drift og vedlikehald. Vi tilbyr • Ei variert og ansvarsfull stilling med spennande arbeidsoppgåver innan drift og vedlikehald av kommunen sine bygg. • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle vaktmeistertenesta, samt forme og utvikle rolla i takt med kommunen sine behov. • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og fagleg utvikling. • Bil i tenesta. • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • Prøvetid på seks månader. • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonHans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, +47 90791986 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5154128552 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026