
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren · Vågå
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Hei...
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar!
Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg.
Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget.
Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg.
Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette.
I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Lista er ikkje uttømmande
Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.
I ei verd av endring og utvikling, søkjer vi ei unik sjel som ønskjer å vere med på å forme framtida av våre miljø- og velferdstenester. Hos oss er kvar dag ei moglegheit til å inspirere, skape og gjere ein reell skilnad i samfunnet. Om oss: Miljø- og velferdstenester er ei eining som omfattar dagtilbod for utviklingshemma, tenester for psykisk helse og rus, avlastningsbustad og heimeteneste for utviklingshemma. Det er ledig avdelingsleiarstilling i avdeling heimeteneste for heimebuande personar med utviklingshemma. Som avdelingsleiar i miljø og velferd vil du bli del av eit team på 3 avdelingsleiarar som kontinuerleg har kvarandre i ryggen og delar av kompetanse. I etaten for miljø og velferd er vi midt i ein spennande omstillingsprosess der ein ser på måtar å forbetre tenestene på ein meir berekraftig måte. Drivkrafta er ønsket om å styrke vår kompetanse og utvide vårt tenestetilbod til det beste for både tilsette og brukarane av tenestene våre. Som ein del av vårt team får du moglegheita til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø. Er det deg vi leitar etter? Vi søkjer ein leiar som er lidenskapleg oppteken av å vidareutvikle, drive endringar og skape ein kultur som inspirera til vekst, innovasjon og god kultur. Vi ønskjer ein leiar som ser nye moglegheiter, følgjer med på utviklinga nasjonalt og er klar til å møte morgondagens helseutfordringar med kreativitet og engasjement. Du vil oppleve varierte og dynamiske arbeidsdagar med kontinuerlege endringar og utfordringar. Som ein del av teamet vårt, vil du ha moglegheit til å påverke korleis du jobbar og samarbeider. Du vil være ein synleg leiar og reise ut for å møte personalet, nokre gonger utanom vanleg arbeidstid. Her er fleksibilitet nøkkelen, både i arbeidstida di og korleis du strukturerer arbeidet for å møte utfordringane. Du får såleis fleksibilitet til å organisere din eigen arbeidskvardag. Som avdelingsleiar for miljø- og velferd får du være med på å ta samfunnsansvar ved å bidra til å skape ein bedre kvardag for våre brukarar. Vi jobbar for dei, og det er viktig at dei har eit godt liv der dei trivest og har det bra! Din innsats vil bidra til å tilby gode tjenester som er kritiske for samfunnet. I jobben vil du få moglegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar. Stryn Kommune vil oppfordre og tilby dei som manglar kompetanse moglegheita til å ta utdanning eller kurs slik at ein vert fagleg trygg i sin arbeidskvardag, men óg slik at ein står med riktig kompetanse retta mot framtida. Blir du motivert? Bli med oss og bli ein del av eit spennande reisefølgje mot ein lysare framtid i miljø- og velferdstenester. Er du villig til å lære og villig til å leie? Søk i dag! Arbeidsoppgåver • Dagleg leiing og organisering av personalet i avdelinga. • Fagleg ansvar for tenestetilbodet i avdelinga. • Medverknad til utvikling av avdelinga og tenestene. • Skape eit godt arbeidsmiljø og involvere personalet i endringsprosessar. Kvalifikasjonar • Leiarutdanning og/eller erfaring som leiar er ønskjeleg, men ikkje eit krav. • Erfaring frå arbeid innanfor fagområdet. • Gode faglege og digitale ferdigheiter som møter dagens standard. • Gode kommunikasjonsevner, samarbeidsevner og evne til leiing og fleksibilitet. Personlege eigenskapar • Vi ser etter nokon som er utviklingsorientert, nysgjerrig og motivert for å skape positive endringar. • Du brenn for å vere ein leiar, gjerne med eit sterkt ønske om å bidra til ein betre kvardag for tilsette og brukarar av miljø og helse tenetsetne våre. • Evne til å ta personleg ansvar, leie eit team og byggje sterke relasjonar. • Du er modig i dine avgjersler og klar til å ta på deg utfordringane som kjem din veg. • Gode organisatoriske ferdigheiter og evne til å prioritere. Vi tilbyr • Varierande arbeid i positivt miljø • Tjenester i utvikling • God mulighet til leiarutvilking • God penskjonsordning KontaktinformasjonÅshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790 ArbeidsstadMyrane 18 6783 Stryn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5144214534 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Me søkjer ein engasjert og dyktig pedagogisk leiar som ønskjer å gjera ein forskjell i barna sine liv. Hos oss får du vera med på å leggja grunnlaget for leik, læring, utvikling og gode opplevingar i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Stillinga me lyser ut er 100% fast stilling. Kven er du? Du er ein trygg og varm vaksen som ser kvart enkelt barn og møter dei med respekt, omsorg og engasjement. Du veit at leiken er barna sin viktigaste læringsarena, og du er aktivt til stades i leik og samspel. Du brenn for å skapa gode relasjonar og bidra til eit miljø der alle barn opplever meistring, tilhøyrsle og glede. Samtidig er du fagleg nysgjerrig, samarbeidsorientert og trygg i møte med både føresette og kollegaer. Som pedagogisk leiar tek du ansvar, viser initiativ og bidreg til utvikling av både barn, medarbeidarar og barnehagen som organisasjon. Om Stokkalandsmarka barnehage Stokkalandsmarka barnehage er ein moderne kommunal barnehage med lyse og gode lokale. Me har flotte fasilitetar som gymrom, formingsrom, arbeidsrom og baderom som gir gode moglegheiter for leik, læring og utforsking. Barnehagen ligg i eit område med nærleik til naturen og spennande leikeområde som me nyttar aktivt gjennom året. I tillegg skal uteområdet vårt fornyast i næraste framtid, noko som vil gi endå fleire moglegheiter for aktivitet og utforsking. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar i ulike aldrar og med ulik erfaring. Me legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel, og arbeider for at alle skal oppleva meistring og arbeidsglede. Arbeidsoppgåver Ha ansvar for omsorg, trivsel og utvikling for det enkelte barn og barnegruppa Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna Planleggja, gjennomføra, dokumentera og evaluera pedagogisk arbeid Vera ein tydeleg pedagogisk leiar og rollemodell Rettleia og støtta medarbeidarar i det daglege arbeidet Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø Byggja gode relasjonar og leggja til rette for eit godt samarbeid med føresette Halda deg fagleg oppdatert og dela kompetanse med kollegaer Kvalifikasjonar Godkjend utdanning som barnehagelærar Norskkunnskapar i tråd med krav i barnehagelova (minimum A2 skriftleg og B1 munnleg) Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt Me tilbyr Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Dyktige og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre Eit sterkt fagleg fellesskap med fokus på utvikling og læring Fagleg oppfølging gjennom Hå kommune sine lærande nettverk og rettleiing for nyutdanna Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert fritidsulukkesforsikring Lønn etter Hå kommune sitt lønns- og stillingsregulativ Vil du bli ein del av laget vårt? Dersom du ønskjer å bidra til at barna får ein trygg, lærerik og minnerik kvardag, håpar me å høyra frå deg. Velkomen som søkjar til Stokkalandsmarka barnehage! ????⭐ Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt! Vi har no ledig 100 % fast stilling, tredelt turnus. Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt. Nyskjerrig? Ta kontakt eller søk no! Arbeidsoppgåver • - Sikre høg kvalitet på sjukepleie og bidra til eit trygt og godt miljø for pasientane våre - Stell og pleie, administrering av medisinar, og tilrettelegging og rettleiing av ulike sjukepleieoppgåver. - Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi - Vere ein viktig del i vårt tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar - Vere ein trygg fagleg ressurs for kollegaer og bidra til kontinuerleg kompetanseheving. - Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer. - Legge til rette for at medisinsk behandling kan gjennomførast i heimen - Bidra til utvikling i heimetenesta vår Kvalifikasjonar • Godkjent utdanning som sjukepleiar eller vernepleiar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Førarkort for personbil • Det er ønskeleg med erfaring frå heimetenesta, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. • Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis. • Du må vere fagleg engasjert • Vere ein god rollemodell for andre • Støtte for kollegarer, studentar og lærlingar • Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag og har evne til å motivere medarbeiarar og ivareta eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr • Kjekke kollegaer og godt miljø • Primærteam • Varierte og utfordrande arbeidsoppgaver i ei teneste som arbeider med endring knytt til TØRN • Fellesskap. Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der vi bryr oss om kvarandre og feirar små og store sigrar saman. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. • God sjukepleiedekning • Vi er i gang med å sjå på nye og ulike turnusar i tenesta For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonCecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601 Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152327023 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026